Arbeidsliv

Næringane innanfor denne analytiske grupperinga er sterkt prega av låg aktivitet og permitteringar, noko som mellom anna heng saman med den låge investeringsaktiviteten i olje- og gassnæringa.

Tydeleg fall i industriproduksjonen

Norsk industriproduksjon fall heile 3,2 prosent i perioden august-oktober 2016, samanlikna med tremånadersperioden før.

Publisert Sist oppdatert

Framleis er det næringar nært knytt til oljesektoren som bidreg mest til denne nedgangen. På månadsbasis, frå september til oktober 2016 var produksjonen uendra.

Sesongjusterte tal viser at industriproduksjonen hadde ein nedgang på heile 3,2 prosent i perioden august til oktober 2016 samanlikna med tremånadersperioden før.

Den klåre nedgangen i denne perioden må setjast i samanheng med særleg låg aktivitet i august. Det samla fallet i industrien er framleis knyta til låg produksjon innanfor den petroleumsretta leverandørindustrien.

Næringane innanfor denne analytiske grupperinga er sterkt prega av låg aktivitet og permitteringar, noko som mellom anna heng saman med den låge investeringsaktiviteten i olje- og gassnæringa.

Størst var nedgangen i bygging av skip og oljeplattformer som fall med 12 prosent, men også følgjande næringar fall kraftig:

  • Maskinindustri
  • Dataindustri og elektrisk utstyrsindustri
  • Maskinreparasjon og -installasjon

Noko av fallet blir dempa av vekst innanfor næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri. Denne oppgangen heng saman med svært høg produksjon av farmasøytiske produkt.

Uendra industriproduksjon

Sesongjusterte tal viser at industriproduksjonen frå september til oktober 2016 var tilnærma uendra.

I denne perioden hadde bygging av skip og oljeplattformer ein klår oppgang, medan næringar som næringsmiddelindustrien og kjemiske råvarer fall tydeleg.

Nedgangen i næringsmiddelindustrien hang mellom anna saman med låg produksjon av fisk og fiskevarer grunna forsert slakting i tidlegare periodar.

For kjemiske råvarer er nedgangen knyta til vedlikehaldsstans hos nokre toneangivande produsentar.

Nedgang i Noreg mot ein auke i eurosona

Kalenderjusterte tal viser at norsk industriproduksjon gjekk ned heile 5,6 prosent frå september 2015 til september 2016.

Maskinindustrien saman med maskinreparasjon og -installasjon bidrog mest til denne nedgangen.

Estimerte tal frå Eurostat, statistikkontoret i EU, viser at industriproduksjonen i land i eurosona auka med 1,3 prosent i den same perioden.

Fall i den samla produksjonsindeksen

Sesongjusterte tal viser at produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) fall med så mye som 3,5 prosent i perioden august-oktober 2016 samanlikna med førre tremånadersperiode.

Utvinning av råolje gjekk ned 1,6 prosent, medan utvinning av gass hadde ein tydeleg nedgang på 9,7 prosent.

Aktiviteten i utvinningstenester fall med så mye som 5,6 prosent i perioden august til oktober 2016 samanlikna med tremånadersperioden før.

Verksemdene innanfor denne næringa vert òg ramma av låg investeringsaktivitet i olje- og gassektoren.

Norsk kraftforsyning hadde på si side ein nedgang på 1,8 prosent i den same perioden, medan bergverksdrift hadde ein oppgang på 4,3 prosent.

Powered by Labrador CMS