Arbeidsliv

Anniken Hauglie.

Vil gi deltidstilsette fortrinnsrett

Regjeringa foreslår å presisere i lova at deltidstilsette kan ha fortrinnsrett til ein del av ei utlyst stilling og at Tvisteløsningsnemnda sine avgjerder skal ha rettskraft.

Publisert Sist oppdatert

– Vi opnar no for at ein deltidstilsett arbeidstakar kan gjere krav på å tre inn i ein del av ei utlyst stilling, viss det ikkje er til vesentleg ulempe for arbeidsgivar, seier arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie.

Ein vesentleg ulempe kan typisk være at arbeidsgivar blir sittande med ei upraktisk reststilling som er vanskeleg å skaffe folk til.

– Vi vil med denne presiseringa sikre deltidstilsette ein reell sjanse til å få full stilling og på same tid ta omsyn til kva bedriftene treng, legg ho til.

Endring i arbeidsmiljølova

Det er særskilt ein dom fra Noregs Høgsterett tidligare i år som er bakgrunnen for forslaga i høringa. Høringa inneheld forslag til endringar i arbeidsmiljølova som vil gi:

Deltidstilsette fortrinnsrett til ein del av ei utlyst stilling, viss det ikkje er nokon vesentleg ulempe for arbeidsgivar og arbeidstakar er kvalifisert for stillinga.

Tvisteløsningsnemnda sine avgjerder rettskraft.

Klargjøring av søksmålsfristen for Tvisteløsningsnemnda sine avgjerder.

Høyringsfrist er 31.10.2017.

Powered by Labrador CMS