Arbeidsliv

Illustrasjonsfoto.

Under halvparten av flyktningar i arbeid

Publisert Sist oppdatert

Sysselsetjinga blant mannlege flyktningar er på 49,7 prosent, medan berre 44,6 av kvinnene var i jobb ved utgangen av 2016.

Det kjem fram i rapporten «Flyktningar i og utanfor arbeidsmarknaden 2016» som Statistisk sentralbyrå la fram fredag.

Rapporten syner også at menn kjem raskare i arbeid enn kvinner. I heile befolkninga er tala for sysselsette menn og kvinner på 72,3 prosent og 69,5 prosent.

Blant flyktningar som har vore i Noreg i 4 til 6 år er skilanden i sysselsetjing mellom menn og kvinner på heile 23 prosentpoeng. Etter 10 år i landet blir skilnadane mykje mindre.

For flyktningar sett under eitt er skilnaden i sysselsetjing 5,1 prosentpoeng mellom kjønna, og 2,8 prosentpoeng for heile befolkninga.

Dei største kjønnsforskjellane

Skilnaden er størst blant flyktningar frå Afghanistan, der delen sysselsette menn er 21 prosentpoeng høgare enn hos kvinner. Det er også store skilnadar i gruppene frå Tyrkia, Somalia og Irak, på mellom 12 og 16 prosentpoeng.

– På den andre sida har flyktningar frå Bosnia-Hercegovina ein skilnad mellom kjønna på berre 1,5 prosentpoeng, som er mindre enn i hele befolkninga. Elles er det moderate skilnadar blant flyktningar frå Myanmar, 3,2 prosentpoeng, i tillegg til dei frå Chile og Vietnam, begge gruppene med 3,6 prosentpoeng, seier rådgjevar i Statistisk sentralbyrå, Bjørn Olsen.

Butid er viktigast

Kor lenge flyktningane har vore i landet, er ein viktig faktor for kor mange som er sysselsette, men butid aukar ikkje sysselsettinga i like stor grad hos alle.

Til dømes ser ein at flyktningar frå Afghanistan, Eritrea, Etiopia og Myanmar har eit høgare sysselsettingsnivå enn dei frå Irak, Somalia, Sudan og Syria i grupper med like lang butid.

Andre viktige faktorar, er utdanning og alderen då flyktningane kom til Noreg. Flyktningar med berre grunnskule, har desidert lågast del sysselsette.

– Sidan over halvparten av flyktningane berre har grunnskule, trekkjer denne gruppa gjennomsnittet ein del ned, forklarer Olsen.

Av dei som var under 15 år då dei busette seg i Noreg, er sysselsetjingsdelen mellom 69 og 73 prosent etter at dei har budd 20 år i landet. Mange av desse har teke utdanning i Noreg.

Flest sysselsette srilankarar

Flyktningmennene frå Sri Lanka har ein sysselsetjingsdel på 76 prosent, som er 4 prosentpoeng høgare enn i heile den mannlege befolkninga. Etter dei følgjer Bosnia-Hercegovina og Chile, der høvesvis 68,4 og 67,4 er sysselsette.

Menn frå Syria og Sudan hadde lågast sysselsetjing, med høvesvis 16 og 33 prosent, noko som mellom anna er fordi det er svært høg del med kort butid i desse gruppene.

Blant kvinnene, er flyktningar frå Sri Lanka og Bosnia-Hercegovina høgast sysselsetjingsdel, på 67 prosent. Blant kvinnene i heile befolkninga, er talet 69,5 prosent. Kvinnene frå Syria og Sudan er på botnen, med høvesvis 9 og 24 prosent.

Powered by Labrador CMS