Annonse

image_6.jpg

Foto: NTB-scanpix.

Kan Tor Jonsson lære oss om kjærleik?

«Nærast er du når du er borte.

Noko blir borte når du er nær.

Dette kallar eg kjærleik –

Eg veit ikkje kva det er.»

Lese resten?
Du får neste magasin hjem i postkassen samt tilgang til alle saker på dagensperspektiv i tre måneder (deretter 165/mnd) for kun
30,-
Prøv nå
Ingen bindingstid
Jeg har allerede abonnement
Annonse

Tor Jonsson - 100-års jubileum

  • Det er hundre år sidan diktaren Tor Jonsson vart fødd på husmannsplassen Prestkroken i Lom. Han vart berre knapt 35 år gammal. Jonsson var diktar, men også prosaforfattar og journalist. Eit av dei mest kjende dikta hans er «Når du er borte». Han ga mellom anna ut diktsamlingane «Mogning i mørkret» (1943), «Berg ved blått vatn» (1946), «Jarnnetter» (1948) og «Ei dagbok for mitt hjarte» (1951).
  • Både livet og dikta til Tor Jonsson er fulle av kontrastar. Han skriv om liv, død, kjærleik, hat, bygd og by, draum og røyndom. Lengten etter kjærleik og liv og på same tid dødslengt og dødsangst går att i forfattarskapen. Trass pengar og kunstnarleg suksess tok Tor Jonsson sitt eige liv vinteren 1951.
  • I jubileumsåret 2016 har det vore mange Tor Jonsson-arrangement. I september vart det mellom anna arrangert «Diktardagar» i Lom, Skjåk og Vågå. Under litteraturfestivalen på Lillehammer var det framsyning av teaterstykket «Berre kjærleik og død». Den 22. oktober arrangerast «Konserten Tor Jonsson – 100 år i kjærleik og død» under nynorske litteraturdagar i Aurland. Den 26. oktober er det kåseri og musikk på Bekkestua bibliotek under overskrifta «Bygdedyret og andre skrømt hos Tor Jonsson».
  • Nyleg kom boka «Tor Jonsson. Eit ord er eit under. Tekster i samling» ut. Den er redigert av Håvard Teigen, og har forord av Jon Fosse.
Kjelder: Jubileumsmagasinet «Tor Jonsson 1916-1951» og www.torjonsson.no