Foto

Aurora Hannisdal

Lykke er ein tom vekeplan

Publisert: 22. desember 2016 kl 15.11
Oppdatert: 29. desember 2017 kl 12.55

Kort forhistorie. Eg bur i Oslo. Herregud så kjekt det er å bu i Oslo. Men det har ikkje alltid vore slik. Sommaren 2015, etter å ha budd i Hong Kong det siste halvåret av mine studiedagar, og etter å ha utsatt alt av jobbsøking og andre snart-ferdig-med-studiet-på-tide-å-bli-voksen-ting, så stod eg på Ålesund Lufthavn Vigra ein overskya julidag. Lasta opp med asiatiske suvenirar, ein wicked tan, og kvota så klart. Men utan jobb og utan ein plan. Som ein god ven av meg brukar å seie: eg var «all dressed up with nowhere to go». Eg måtte flytte heim til bygda.

Kor lenge skulle det vare? Kor lang tid tar det eigentlig å få seg fast jobb? Det var spørsmål eg ikkje stilte meg sjølv då, men som eg reflekterer over no i ettertid. Eitt år skulle det ta. Eitt år i heimbygda mi, Sykkylven. Sju år etter at eg forlét henne. Og alt var min eigen feil. Det er grunnlaget for mi kvalifiserte meining om kva tilbakeflytting gjer med ein person. Viss denne personen er meg, og det var det jo.

Gratis – ikkje gratis

Spol tilbake tida eitt år. Eg er på bygda. Eg har deltidsjobb på kveldstid, eit par gongar i veka. Nok til å dekke studielånet, mat og mobilrekning. Nok til å unngå NAV. Eller nok til å miste NAV, alt etter auget som ser.

Eg bur gratis heime. Det vil seie. Pappa kallar det gratis. Eg kallar det å flytte inn på guterommet i ein alder av 26 ganske forbanna dyrt. Det kostar ingenting i pengar, nei, men det kostar ganske mykje i fridomspoeng. Ein god del meir enn ein toroms på 40 kvadrat på Frogner, som eg gladelig betalar for i dag.

Ein gong lata eg som om eg var med på Idol, med oppdikta kjærleikssorg over ei jente som ikkje eksisterte.

Eg har fire venner. Tre av dei ser eg nesten aldri. Dei har eigne ting å stri med. Den siste er i nokon lunde same posisjon som meg, og han ser eg kvar fredag og laurdag. Då er det er helg, og då drikk vi øl saman. Det er også min einaste indikasjon på at helga har kome, for dagane er elles heilt like.

Saken fortsetter under annonsen

Tom vekeplan

Ny veke. Mandag morgon. Kom igjen. Vekkarklokka ringer. Slumre litt. Ringer igjen. Slumre litt til. Ringer på nytt. Drit i vekkarklokka, eg skal jo ingenting. Og tida der eg hadde motivasjon til å «få noko ut av dagen» er forbi for lenge sidan. Klokka er halv tre, og eg et frukost mens familien et middag.

– Skal ikkje du ha middag, Jon?, spør mor.
– No har eg akkurat laga frukost, da, seier eg. Men minn meg gjerne på det i morgon igjen. Kor ubrukelig eg er. Kor hardt eg prøvde å stå opp før dykk kom heim frå jobb, men feila likevel, tenker eg.

Det ingen veit, er at dette eigentlig var hovudargumentet mitt for å bli vegetarianar.

– Skal du ikkje ha middag, Jon? Det er lapskaus, det likar jo du så godt.
– Du, eg et ikkje kjøt, eg, så eg berre fiksar min eigen.

Foto

Kven veit kven eg kjem til å møte i Sykkylven Sentrum? Eg veit. Ingen. Ikkje ein kjeft. (Foto: Alexander Worren)

Så slapp eg den samtalen fleire gongar. Eg tar med meg den veganske havre- og quinoagrauten min ned i kjellarstova. Ned i grotta mi. Eg kunne tatt ein dusj. Kunne kledd på meg vanlig businessantrekk. Kunne fiksa håret. Men kvifor? Eg treng ikkje å pynte meg for å skrive jobbsøknadar, og det er jo det einaste eg skal. Det kan eg gjere akkurat slik eg er no: T-skjorte som er på fjerde dagen; joggebukse der eitt av buksebeina er øydelagt; ullsokkar med hol i; eit nytt lag med ullsokkar oppå dei, også med hol i, men hola overlappar slik at totalt sett blir det ingen hol; og ein caps som er teipa saman bake.

Saken fortsetter under annonsen

Tilbakeflytting er øydelagt døgnrytme, øydelagt motivasjon, og øydelagde klede, tydeligvis. Og eit nytt og betre kosthold, fordi eg ikkje orka å prate med min eigen familie.

27 faner

Jobbsøketid. Fram med laptopen, for no skal det søkast. Jobbsafari, NAV, Finn, kom igjen. I dag er dagen. Karrierestart, LinkedIn, Facebook, LinkedIn, Facebook, Youtube. Finn, NAV, Facebook, Finn, Facebook, Netflix, Narcos. Fy faen så bra han fyren spelar. Pablo Escobar. Medellin, Colombia. El Cartel de Cali.

«Episode fire spilles av om 15, 14, 13…»

Der blei klokka sju, ja. Er vel på tide å ta kvelden, då. Eg har vore våken i drøye fire timar, og har rundt 27 faner med stillingsannonser oppe i Firefox. Firefox blei jobbsøkenettlesaren min, for då kunne eg bruke Chrome med godt samvit etterpå, utan å bli påminna min totale mangel på sjølvdisiplin.

Eg har vore våken i fire timar. Eg har ete supergraut, søkt på ingen jobbar, sett tre episodar av Narcos, og klaga til ein kompis på Facebook over kor vanskelig jobbmarknaden er.

Eg har vore våken i drøye fire timar, og har rundt 27 faner med stillingsannonser oppe i Firefox.

Saken fortsetter under annonsen

Åleine på Mega

No er klokka sju, og no er det min tur å ete middag. Det betyr dagens høgdepunkt. Butikktur! No skal eg dusje, og ta på reine klede. For kven veit kven eg kjem til å møte i Sykkylven Sentrum? Eg veit. Ingen. Ikkje ein kjeft. Det er ikkje det, menneska er jo der. Men viss eg ser nokon eg kjenner igjen så unngår eg dei. Eg vil ikkje snakke med nokon. Eg vil vandre i mi eiga verd blant ruccola og kikerter og søtpoteter og kokosmjølk og granateple og tomatar. Helst på Coop Mega, for den er så stor. Mange plassar å gøyme seg. Eg vil ikkje snakke med nokon, sant? Eg har hatt samtalen før.

Åh, hei, min gamle fotballtrenar som må sjå to gongar på meg for bekrefte at: jo, det er verkeleg Jon som er tilbakevend og står framføre deg. Tok meg heilt på senga du, min gamle fotballtrenar, der du kom rundt hjørnet. Eg rakk ikkje eingong å ta fram mobilen og snu og late som om eg gløymte ein agurk.

– Hei Jon, er du her, ja?

– Hehehe, ja, midlertidig, da. Så tøff arbeidsmarknad, veit du. 27 faner hadde eg oppe i dag, faktisk, på Firefox.

– Oi, ja det var mange faner.

Eg seier det med følelse og truverdigheit, litt for å lure min gamle fotballtrenar, men mest for å lure meg sjølv, for eg har jo ikkje søkt på ein jobb på seks veker.

Saken fortsetter under annonsen

Foto

Tilbakeflytting er øydelagt døgnrytme, øydelagt motivasjon, og øydelagde klede, tydeligvis. (Foto: Nicolai Karlsen)

Sosial sparring med lillebror

I post-handletur-og-matlagingsperioden fram til rundt midnatt har eg stort sett alltid selskap av min åtte år yngre lillebror. Vi ser mykje Netflix saman. Vi ser Netflix og pratar. Av og til køyrer vi på bensinstasjonen klokka ti på elleve for å kjøpe cola og snus. Av og til lagar vi musikk saman. Av og til stiller han meg skulerelaterte spørsmål som «Jon, kva er eigentleg postmodernisme?» Av og til seier vi ingenting. Det er hyggelig å ha en sparringpartner i nokre timar, men han går på skule, og han legg seg. Eg legg meg ikkje. Eg har gode seks timar igjen.

Seks udefinerte timar. Seks timar som stort sett går til Netflix eller dataspel eller Youtube, men seks timar som også kan overraske. Seks timar som har gitt opphav til to-tre noveller. Seks timar som har gitt ein ny låt. Seks timar som ein gong gjekk til å lage ein rekrutteringsvideo av meg sjølv til framtidige arbeidsgivarar. Den ligg på Vimeo, og er sett éin gong, av meg sjølv.

Eg har vore våken i fire timar. Eg har ete supergraut, søkt på ingen jobbar, sett tre episodar av Narcos, og klaga til ein kompis på Facebook over kor vanskelig jobbmarknaden er.

Seks timar som éin gong gjekk med til å sette meg på garasjeloftet og late som om eg var med på Idol. Med oppdikta kjærleikssorg over ei jente som ikkje eksisterte. «Hei, mitt namn er Jon. Eg er frå Sykkylven, og eg skal spele Boney M med songen Sunny. Og «Hanne», viss du ser på - kom tilbake. Vær så snill».

Seks timar som alltid går for fort, for plutseleg er det lydar i huset igjen.

Saken fortsetter under annonsen

Eg latar som om eg søv

Det er pappa som skal på jobb. Eg har gjort det igjen. Han går i trappene. Først til midtetasjen. Skive med brunost på. Så kjem han ned. Eg smell igjen laptopen og legg meg til å liksom-sove på sofaen. Døra går opp, lyset går på, så av igjen, og eg høyrer nokre oppgitte ord som liknar på «i dag igjen, ja». Så forsvinn han ut i morgongryet på racersykkelen sin.

No har eg ganske nøyaktig ein halvtime på å kome meg i seng før mamma skal stå opp. No eg gå og legge meg. Eg skal sette vekkarklokka på 12:00. I morgon går det. I morgon skal eg stå opp, dusje, kle på meg representative klede, og ete frukost. Alt saman før pappa kjem heim frå jobb klokka to. Eg skal berre sjå éin episode til av Narcos.