Fra papirutgaven

Emma Whispers under ei AMSR-samling i London.

Hjerne­kribling på YouTube

Å sjå på slafsing, skraping, børsting av hår, kviskring, negletapping og rollespel på YouTube får det til å krible i hovudet på folk. ­Elektriske strømmingar kryp nedover ryggraden. Skuldrane vert senka og kroppen slappar av.

Publisert Sist oppdatert

| Denne artikkelen ble første gang publisert i Magsinet Plot #37, juni 2017 |

Tusenvis av menneske verda over tyr til såkalla ASMR-videoar for eit avbrekk i kvardagen, for å lindre stress eller for hjelp til å sovne. I skrivande stund kjem det opp 7,5 millionar treff på videonettstaden YouTube på eit søk på ASMR. På musikktenesta Spotify dukkar det opp fleire tusen lydspor når ein søkjer på ASMR. Regn, blåsing, munnlydar og toglydar er berre nokre av det folk har spelt inn og lasta opp

ASMR står for Autonomous Sensory Meridian Response, eller hjerneorgasme som det er blitt kalla på norsk. Og kva er det? Jo, det er ein reaksjon som nokre får av å høyre og sjå på andre menneske snakka langsamt eller kviskra med ein høgsensitiv mikrofon.

Den uvitskaplege nettsida «The ASMR Research and Support website» forklarer det som ein sterk empatisk eller sympatisk reaksjon som kan komme frå musikk, kunst eller det å sjå ein anna person utføre ei oppgåve med stor dedikasjon. Hårklipp eller stryking av ein anna person på hovudet eller ryggen kan også være utløysande for ein ASMR-reaksjon.

Foto Solfrid Wiik er den mest populære ASMR-aren i Noreg. (Foto: Solfrid ASMR/YouTube)

Intimt

«Hello my fluffy teddybears. Today I am going to eat some delicious meals that I have prepared for you guys», kviskrar norske Solfrid Wiik (32). Ho er Noregs største ASMR-skapar, og har 114.122 abonnentar på YouTube-kanalen sin.

Den mest populære videoen hennar har over 3,2 millionar visningar på YouTube. I denne videoen tappar og skrapar ho fingrane mot ei skål med pasta før ho slafsar og tygg maten sakte. Festa på gensaren sin har ho ein sensitiv mikrofon som fangar opp lyden slik at lyttarane får ta del i heile lydopplevinga. I fjor haust skreiv Wiik til Dagbladet at videoane er «ei form for underhaldning og ein måte for ho å utrykkja seg kreativt og dele sine personlege interesser på».

ASMR er ikkje for alle

Dei fleste av ASMR-videoane som er å finne på YouTube er laga av kvinner som kviskrar historiar, utfører husarbeid, bles i mikrofonar, gnir på hårbørstar, driv med rollespel eller skrapar og trommar med fingrane for å gi sjåarane ein såkalla «braingasm».

Det er fem gonger så mange menn enn kvinner som ser på ASMR-videoar, ifølgje norsk-britiske Ben-Robert French (23). Han er ein av veldig få menn som lagar ASMR-videoar.

– Konseptet er veldig rart. Eg opplever svært sjeldan å få ei bestemt kjensle sjølv av ASMR. Det kilar litt i hovudet. Eting, kviskring og snakking er den type videoar eg blir mest trigga av, seier han.

Sjølv oppdaga han ASMR-miljøet på YouTube i 2013. I dag er han svært aktiv med å lage videoar, og kan på det meste legge ut eit klipp kvar dag. Dei mest populære videoane hans har over 100.000 visningar. I ein av videoane kyssar han ei menneskeliknande dokke medan ein mikrofon fangar opp alle lydane. Dette er den mest sette videoen på kanalen hans, «Northern Whisper».

– Om eg gjer noko som er litt annleis, kontroversielt eller merkeleg, er det alltid nokre som klagar over at det er kvalmt eller ikkje riktig, seier French.

I Norge er det utruleg få som lagar slike videoar, men det er ein del som ser på. Ifølgje French er det fem-seks norske ASMR-kanalar, men berre tre er aktive.

Foto Ben-Robert French brukar eit usedvanlege gjenstandar for å skape lydopplevingar for følgjarane sine. Foto: Northern whisper/YouTube

Tabu

Merkeleg, sært og seksuelt er nokre av klagemeldingane som har ramla inn frå allmennheita etter at media byrja å omtale fenomenet. Spørsmålet er, er ASMR tabu?

– Nei, det har aldri vore tabu. Folk forstår at det berre er snakk om lydar, understrekar French.

Men ikkje alle er samde i oppfatninga hans. Bloggar og ASMR-skapar Linn Marita Vågø (26) frå Trondheim meiner at fenomenet framleis er tabu i Norge – sjølv om det har eksistert i fleire år.

– Det er ikkje veldig vanleg, men eg håpar det kan bli sett på som meir normalt nettopp fordi det er med på å hjelpe mange menneske, seier Vågø.

Ho trur at årsakene til at ASMR er eit tabulagt område er fordi folk blir ukomfortable av at det er ein alternativ metode for å redusere stress og søvnproblem.

– Som regel trivst folk best med å gå til legen og få utskrive medisinar.

Nokre reagerer på at menneska i videoane spelar ein type «rollespel» med sjåarane og tek på seg ein slags omsorgsrolle overfor publikum.

– Det kan vere at folk føler det blir litt spesielt med rollespel der desse ASMR-folka skal bry seg om deg, ta vare på deg og liknande. Ein del vil nok finne dette uvant og ubehageleg i starten, seier Vågø.

Personleg synest ho at rollespel er for drøyt og merkeleg.

Foto Linn Marita Vågø får godteri tilsendt frå USA som ho brukar i ASMR-videoane sine. Foto: LinniWhisper/YouTube

Ope sinn

«Fete former»- bloggaren Linn Marita Vågø oppdaga også fenomenet ASMR på YouTube i 2013. I starten syntest ho det var litt skummelt.

– Eg dreiv og søkte på avslappande musikk på YouTube, då eg kom over ASMR-videoar. I starten syntest eg det var litt skummelt fordi det var så få menneske som dreiv på med dette.

Frå 2013 og fram til i dag har ASMR vakse enormt og det er mykje meir normalt enn då ho først oppdaga det. Dei fleste som lagar slike videoar er perfeksjonistar når det gjeld lyd, ingenting mindre enn det beste er godt nok for deira følgjarar.

– Det er heilt vilt kor mykje nokre av dei har investert i lydutstyr og tid for å få til gode lydopplevingar, sier Våge.

Ho fortel at ho har opplevd den same kribinga som ho i dag får av ASMR heile livet. Heile tida har ho trudd at noko var gale.

– Første gong eg opplevde denne prikkinga i hovudet var
når eg høyrde pappa sine sko mot sanden på asfalten om våren. Etter dette har eg opplevd det jamt og trutt gjennom heile livet, fellesfaktoren har vore at det har hatt med lydar å gjere.

Døme på dette er når nokon med ei spesiell låg eller behageleg stemme har snakka i radioen.

– ASMR er ikke for alle. Men eg vil tru at dei som driv med meditasjon vil kunne få den same effekten av å høyre på ASMR-videoar. Ein må berre ha eit ope sinn. Ein må kunne sjå forbi alt det som er rart med ASMR.

Om eg gjer noko som er litt annleis, kontroversielt eller merkeleg, er det alltid nokre som klagar.

Smak og behag

Lyden av at nokon blar gjennom ei avis, kviskring og eting er lydar som triggar Vågø.

– Lydane triggar eit eller anna oppi hovudet som gjer at det prikkar, og eg kjenner meg veldig avslappa. Det er mange som samanliknar det med ein hjerneorgasme. Det vert kjempefølsamt i hovudet. For meg er det ikkje seksuelt. Men mange som høyrer om det for første gong, kan oppfatte det som merkeleg og veldig seksuelt.

Og det gjekk ikkje lang tid før Vågø gjekk frå å sjå ASMR-videoar til å lage dei sjølv. Alt ho trong var eit kamera og ein god mikrofon, noko sambuaren nettopp hadde kjøpt inn.

– Eg har aldri hatt problem med å utlevere meg sjølv på video og synest faktisk det er veldig artig å få tilbakemeldingar og sjå kva eg kan få til sjølv. Det var eigentleg å berre hoppa i det. No har eg byrja å komme inn i dette med lydredigering.

I dag har ho 276 følgjarar på ASMR-kanalen «LinniWhisper», og responsen har vore god. I gjennomsnitt prøver ho å legge ut ein video i månaden. Målet er at videoane skal vere så avslappande som mogleg.

– I starten var dette litt vanskeleg fordi eg sjølv føler at eg kan vere litt brautande til tider. Videoane er veldig enkle. I nokre av dei et eg eller legg neglelagg medan eg kviskrar eller snakkar lågt. Det er ein triggar for nokon, men i bunn og grunn handlar det berre om smak og behag.

Dei fleste ASMR-videoar er på engelsk. Vågø sine er ikkje noko unntak, men det ønskjer ho å gjere noko med.

– Planen framover er å lage videoar der eg fortel norske folkeeventyr som folk kjenner seg igjen i her i Norge. I den førre videoen eg laga tok eg norske ord og oversette dei til engelsk. Det var veldig artig.

Foto Emma Whispers Red arrangerte «ASMR Live» i London i slutten av april. Foto: @asmrhappens

Ei delt oppleving

ASMR er vanlegvis ei personleg hending. Likevel har nokre valt å ta fenomenet til eit nytt og felles nivå. I Storbritannia vert det arrangert ASMR Live der folk samlast, får utdelt hovudtelefonar og saman opplever effektane av ASMR ilag i eit mørkt teater.

I slutten av mars arrangerte den populære Youtubaren «Whispers Red», også kalla Emma, ein samankomst i London på The Courtyard Theatre. Ho har nesten 300.000 følgjarar på YouTube-kanalen sin, og fleire nysgjerrige menneske hadde møtt opp for å få med seg den direktesendte ASMR-framsyninga hennar.

Kirsty Braik-Scivyer (28) har høyrd på ASMR dei siste 18 månadane. Dette var første gong ho deltok på ei slik type samling, der folk snakkar opent om den kriblande kjensla dei alle føler på når folk kviskrar, stryk ein børste gjennom håret eller slafsar i seg mat.

– ASMR er vanlegvis ei særs personleg oppleving. Difor var det meir enn berre merkeleg å sjå at så mange menneske hadde dukka opp. Me naut alle ei rekkje kriblande opplevingar som hovudmassasje, fjør og farga perler før me fekk utdelt hovudtelefonar og vart ført inn i det mørke teateret, fortel Braik-Scivye.

Deretter guida Emma deltakarane gjennom ein meditasjonssesjon, før dei fekk oppleva lydane frå tibetanske sangskåler. Opplegget vart avslutta med klassisk ASMR-hårbørsting framfor ein ekstremt lydsensitiv mikrofon.

– Sjølv om eg ikkje låg samankrulla i senga, kjente eg, og andre i rommet, at me vart supertrøytte og avslappa. Det var ikkje den same opplevinga som ein får av tradisjonelle ASMR-sesjonar. Det var meir som at ein er ein del av ei større, oppslukande og kreativ framsyning.

For henne var den mest givande delen av samankomsten moglegheita til å bli kjend med andre «kriblande hovud», dele erfaringar og fortelje ASMR-relaterte anekdotar.

– Det var interessant å høyre korleis andre menneske forklarar dette superkule fenomenet til sine venner og familie. Alle opplevingar er forskjellige. Difor er det ekstra spennande å høyre om andres reaksjonar.

Foto Emma Whispers Red skapar lydopplevingar for publikum under ASMR i London. Foto: @asmrhappens

Lite forsking

Hjerneforskar og lege Kaja Nordengen (29) har høyrt om ASMR, men understrekar at det er blitt gjort svært lite forsking på fenomenet.

Sjølv har ho verken opplevd det eller kjenner til nokon som har gjort det. Ho syner derimot til psykologspesialist Jan-Ole Hesselberg sine erfaringar med ASMR som vart publisert på nettstaden psykologisk.no under tittelen «Hjerneorgasmen».

– Kvifor trur du ikkje det har blitt gjort meir forsking på området?

– Fenomena det vert fortalt om er veldig subjektive og definisjonen er vid. Det er dermed ein stor variasjon av opplevingar som vert oppfatta, seier Nordengen.

– Kan ASMR ha nokon samanheng med meditasjon?

– Sidan fenomenet verken er karakterisert, verifisert eller godt beskrive, kan me ikkje vite svaret på dette spørsmålet. Mi kvalifiserte gjetting ville likevel vore at det ikkje er nokon samanheng.

Ho legg til at det ikkje er utenkeleg at det er ein spesiell type menneske som er eksponert for å få ein fysisk reaksjon av ASMR.

Me vart super-trøytte og avslappa

God TV

Psykologspesialist og leiande fagsjef i ExtraStiftelsen, Jan-Ole Hesselberg (38), opplevde ein gong fenomenet i samtale med ein butikktilsett. Han spurde etter ei spesifikk vare, fekk svaret han var ute etter, men den butikktilsette haldt fram med å leggje ut i det vide og breie. Då byrja det å krible i toppen av hovudet på Hesselberg.

– For meg er det ei veldig avslappande kjensle; ei tikkande, kriblande kjensle som for meg alltid byrjar i toppen av hovudet og deretter spreiar seg utover, forklarar han.

Første gong han vart klar over at ASMR var eit fenomen, var då han høyrde ein episode av podcasten «This American Life» – der dette var tema.

– Fram til då var det heilt ukjend for meg at dette var noko andre også opplevde.

I 2014 var Hesselberg fagansvarleg for TV-Norge serien «Typisk deg» der Petter Schjerven var programleiar. Serien er ei grunninnføring i psykologi med vekt på mange snodige fenomen frå fagområdet. I ein av episodane snubla dei over ASMR-miljøet.

– Etter programmet har me fått drøssevis med meldingar frå folk som fortel at dei har opplevd det same. Det er openbart at fleire kjenner seg igjen.

Det er ikkje alle kjenner seg igjen i ASMR-fenomenet. Likevel trur Hesselberg at fleire opplever det enn ein først skulle tru. Då han heldt eit foredrag for 150 forskarar ved Folkehelseinstituttet, svarte 70 personar at dei kjende seg igjen i forklaringa.

– Om dette er eit korrekt estimat for resten av befolkninga, veit eg ikkje.

Under innspelinga av «Typisk deg» hadde ingen i redaksjonen høyrd om ASMR og dei syntes i grunn at det høyrdes ganske merkeleg ut. Likevel opplevde fleire å få ein reaksjon av å sjå ein kviskrevideo under eit møte.

Foto Psykologspesialist Jan-Ole Hesselberg fortel at etter at dei snakka om ASMR i TV-programmet «Typisk deg», fekk dei drøssevis med meldingar av folk som sa at dei har opplevd dette. Foto: ExtraStiftelsen

Vanlege utløysarar

Det som er likt for alle som seier dei har opplevd ASMR, er at kjensla er behageleg. Vanlege utløysarar kan ifølgje Hesselberg vere:

  • Sakte eller unike talemønstre, utanlandske aksentar
  • Undervisnings- eller instruksjonsvideoar
  • Opplevinga av svært empatiske eller sympatiske reaksjonar på ei hending
  • Vakker musikk eller kunst
  • Sjå ein person gjennomføre ei oppgåve på ein nøyaktig og grundig måte
  • Personlig merksemd frå ein anna person

– For mange kan det vere nok å tenkje på ein utløysar. Kjensla varer så lenge ein ser på, kjenner eller ser på det som utløyse reaksjonen. For meg er utløysaren å sjå andre menneske som er veldig omstendelege, detaljorienterte og veldig fokuserte.

Eigentleg verkar det ikkje som det er grenser for kva som kan vere ein utløysar. Folk tek inn sanseintrykk, tenkjer eller gjer vurderingar – alt dette kan være utløysarar.

– Det at det har vore meir fokus på det no enn før, gjorde at eg fekk reaksjonar oftare enn tidlegare. Eg gjekk frå ein situasjon der det dukka opp to gonger i året til at eg merka det kvar veke. Min teori er at det er lettare å framkalle ei ASMR-oppleving om ein har fokus på den kjensla.

Flytmodus

Hesselberg dreg parallellar mellom ASMR og meditasjon: Når ein set av tid og tenkjer mykje på det, er det nok lettare å framkalle reaksjonar enn om ein berre stressar vidare i kvardagen. Derimot kan ein ikkje beskriva verken meditasjon eller ASMR som eigne bevisst-tilstandar.

– Dersom ein plasserer fleire elektrodar på hjernen for å kartlegge kva som skjer i hovudet, er det nok tvilsamt om man ville sett store forskjellar på det å vere vanleg vaken til det å vere i ro. Meditasjon og ASMR er likt på den måten at ein er i ein type «flow modus». Ein av dei forskingsartiklane som er blitt publisert om ASMR forklarar fenomenet som ein flytande, mental tilstand.

Ein forsknings-artikkel om ASRM forklarar fenomenet som ein flytande mental tilstand.

Ser tal som fargar

På dei tre åra som har gått etter at Hesselberg publiserte artikkelen «Hjerneorgasme» hos Psykologisk.no, har det kome tre nye forskingsartiklar om ASMR. Den eine ser på kva ASMR er for noko og kva som er felles i det folk beskriver.

– Dette er nok den første artikkelen som ser på fenomenet på ein systematisk måte for å finne ut kva som kjenneteiknar dei menneska som fortel at dei har opplevd ei slik kjensle. Eit interessant funn der, er at det er mange av dei som opplever ASMR som også seier at dei har synestesi, samanlikna med befolkninga elles, seier Hesselberg.

Synesti er ei blanding av sanseinntrykk. Det er nokon som seier at dei ser bokstavar og tal i fargar, og at dei får kroppslege reaksjonar knytta til fargane. Nokre kan også kjenne fargar når dei høyrer musikk. Dette er eit fenomen som har fascinert mange, og det viser det seg at fleire flinke matematikkarar har synestesi. Dei kan ha andre sansar knytta til tal utanom synet.

– Det er eit veldig spennande fenomen. Mange meiner også at ASMR er ei blanding av sanseområder – når du tenkjer på noko som er behageleg, utløyser det ein kroppsleg reaksjon.

Foto Hjerneforskar og lege Kaja Nordengen (29) har høyrd om ASMR, men understrekar at det er blitt gjort svært lite forsking på fenomenet. Foto: Kagge forlag

Spesielle greier

Den andre artikkelen som vart publisert i år, ser på trekk ved personlegdom knytta til dei som opplever ASMR.

– Forskarane såg at desse personane skårar høgare på personlegdomstrekk som handlar om å vere open for nye erfaringar, samt nevrotisisme og uro. Dei skårar derimot lågare på det å vere ekstrovert.

I den tredje artikkelen ser ein nevrolog på kva som skjer i nervebanene til folk med ASMR.

– Det er tydleg at ein prøver å finne ut kva dette er for noko, og også om ein kan omtale det som ein spesifikk ting. Det kan også vere at dette er fleire ting som har fått ei paraplynemning som ikkje er veldig presis. Det blir spennande å sjå framover. Det same gjeld for synestesi. Det er veldig spesielle greier som er vanskelege å finne ut av fordi det involverer så store deler av sentralnervesystemet og hjernen vår. Det er ikkje lett å finne ut av dette, men eg trur me vil få fleire svar framover.

Hesselberg sitt tips til alle der ute som lurer på om dei er eksponert for å få ein reaksjon frå ASMR, er å søkje opp ein slik type video på YouTube, finne seg ein roleg stad og lytte.

– Då kan det vere at du reagerer på det, sjølv om du aldri har gjort det før.

Powered by Labrador CMS