Nyskaping

John-Arne Røttingen, administrerende direktør i Forskningsrådet.

Forskingsrådet vil styrke humanistisk forsking

Publisert Sist oppdatert

Forskingsrådets evaluering av norsk humanioraforsking (HUMEVAL) vart lansert i juni 2017 og involverte meir enn 50 ekspertar, 2300 forskarar, 97 forskargrupper og 36 institusjonar.

Ei av utfordringane som kjem fram i evalueringa er at mange institusjonar har for svake strategiar for humanioraforskinga. Eit anna funn er at dei norske forskingsmiljøa ikkje har komme like langt med å organisere forskinga si i grupper som internasjonale institusjonar har. I tillegg bør det gis betre støtte til tidleg-karriere-forskarar, skriv Forskningsrådet i ei pressemelding.

Desse tre utfordringane tek Forskingsrådet tak i i 2018, og om lag 20 universitet, høgskolar og forskingsinstitutt vil no få støtte fordelt over ein periode på fire år. Eit oppfølgingsutval skal jobbe vidare med HUMEVAL. Utvalet vil ha representantar frå forskingsmiljø- og institusjonar.

Støtte til forskargrupper

– Vi ønskjer å støtte forskargrupper slik at institusjonane kan satse vidare på dei sterke miljøa sine. Vi meiner dette vil underbygge institusjonanes eigne strategiar. Støtta er tenkt å gå til nettverksarbeid og internasjonalisering, slik at allereie sterke grupper kan løftast opp på eit enda høgare nivå, fortel Jon Øygarden Flæten, som er seniorrådgivar i Forskingsrådet og ansvarleg for oppfølgingsarbeidet.

Pengane går til institusjonar som har forskargrupper som i evalueringa fekk karakteren fire («Very good») og fem («Excellent») av fagpanela. Institusjonane vel sjølv kven blant sine forskargrupper som skal få pengane.

Noreg ligg bak andre land når det gjeld organisering av forsking i grupper. Evalueringa viser til at organisering i forskargrupper ser ut til å bidra godt til større internasjonal relevans og gjennomslag for norsk humaniora.

– Difor meiner vi at det er viktig å styrke grupper, men det er opp til institusjonane sjølv å velje kven dei ønskjer å satse spesielt på framover, seier Øygarden Flæten.

Enkeltforskaren er ikkje gløymd

Støtte til forskargrupper kjem i gang allereie no. Det same gjer støtte til såkalla sabbatsopphald for enkeltforskarar. Slik skal forskarar kunne ferdigstille og gi ut enkeltarbeid av høg kvalitet. Forskingsrådet kan finansiere forskingstid som svarer til om lag tre månader med arbeid.

Også her må forskingsinstitusjonane sjølv prioritere, og det vil variere mellom institusjonane kor mange sabbatar dei kan dele ut dei neste fire åra.

Forskarskolar frå hausten 2018

Gjennom støtte til forskarskolar ønskjer Forskingsrådet i tillegg å styrke det strategiske samarbeidet om enkeltfag og forskarrekruttering hos institusjonane. Forskarskolane vil bestå av disiplinbasert trening for ph.d.-stipendiatar i tillegg til ph.d.-programma ved institusjonane.

– Forskarskolar kan vere spesielt viktige for små fag, der det er vanskeleg å få til god organisering for forskaropplæring. Her ønskjer vi å utvikle skolane i samarbeid med institusjonane, og difor treng vi litt meir tid på oss for å få til ei bra løysing, fortel Øygarden Flæten..

Må saman gjere ein innsats

Berre tre prosent av pengane vi løyver går til humanistisk forsking, seier Forskingsrådets administrerande direktør John-Arne Røttingen:

– Det er ikkje godt nok. Tiltaka vi set i gang som oppfølging av humanioraevalueringa, er berre ein start. Framover vil vi jobbe for at meir av dei samla midlane våre skal gå til dei beste humanioraforskarane.

Forskingsrådet har spelt inn til revideringa av Regjeringas langtidsplan for forsking at det blir etablert ei ny hovudprioritering: «Kulturelle og globale endringar» som mellom anna handlar om samfunnsutfordringar knytte til migrasjon, integrering, ulikskap og utvikling – og at dei humanistiske og kulturelle perspektiva blir godt integrerte i dei andre innsatsområda vi kjenner frå før.

– Vi håper og trur at norsk humanioraforsking får eit solid og fortent løft i tida framover, men det er fagmiljøa som no må nyttiggjere seg breidda i verkemidla, avsluttar Røttingen.

Powered by Labrador CMS