Fra papirutgaven

Alle rusmiddel medfører auka frigjering av dopamin i hjernen, og dopamin gjev oss lyst til å gjere meir av det som utløyste dopaminet.

Avhengig – og ufri

Vi kan bli avhengige av speling, sjokolade, Facebook og alkohol. Til grunn ligg det alltid ei forventning om skyhøg nyting.

Publisert Sist oppdatert

Sjølv om ein kan bli avhengig av så mangt, er rusmiddelmisbruk det som er vanskelegast å kome seg ut av. Og det rammar mange: Mellom 10 og 20 prosent av nordmenn får ei rusliding i løpet av livet, og for dei fleste handlar det om alkohol. Pål Kraft, professor ved Psykologisk institutt ved Universitetet i Oslo, kom nyleg med boka «Rusmiddelavhengighet. Et psykologisk perspektiv».

Foto FRÅ SKYTTERGRAVER: – Diskusjonen har skjedd frå skyttargraver, der den eine sida har meint at å vere avhengig er ein sjukdom, den andre sida har meint at dette er eit fritt val, seier Pål Kraft, professor ved Psykologisk Institutt ved Universitetet i Oslo og forfattar av ei ny bok om det å bli avhengig av rus. (Foto: UiO)

– Kvifor har du skrive bok om å vere rusmiddelavhengig?

– Eg meinte at det mangla ei norsk bok som samanfattar den psykologiske faglitteraturen. Diskusjonen har skjedd frå skyttargraver, der den eine sida har meint at å vere avhengig er ein sjukdom, den andre sida har meint at dette er eit fritt val. Eg meiner at det verken er det eine eller det andre. Avhengige gjer sine eigne val, men den informasjonen som hjernen legg til grunn, er ikkje frivillig. Er ein rusmiddelavhengig, overvurderer ein kor godt det vil vere å ruse seg.

Dårlege val

– Kva inneber det å vere avhengig?

– Avhengige har ein vedvarande tendens til å gjere dårlege val. Dårlege val betyr at personen gjer val på kort sikt som er i strid med personens preferansar på lang sikt. Ei litt meir teknisk forklaring er at avhengige har eit overfølsamt system for påskjøning (bm: belønningssystem) og eit underaktivt kontrollsystem. Systemet for påskjøning ligg midt inne i hjernen og gjev oss beskjed om kor godt det vil vere å gjere forskjellige ting. Hos ein avhengig person gjev systemet feil informasjon, det fortel at ting vil opplevast betre enn kva som er tilfelle. Denne informasjonen blir gjeven vidare til hjernens kontrollsystem, som tar eit val på grunnlag av feilinformasjonen. Vi observerer også nokre andre skilnader i hjernen til avhengige. Alt handlar altså om fysiske skilnader i hjernen til avhengige samanlikna med andre.

– Vil rusmisbrukarar vere samde i at hjernane deira speler dei eit puss?

– Ja, det at avhengige har eit overfølsamt belønningssystem byggjer på ein av dei største teoriane i litteraturen som skildrar forskjellen mellom å ønskje og å like (eng: «wanting» og «liking»). Å ønskje handlar om forventningar, å like handlar om kor høgt du verdset noko medan du konsumerer. Avhengige som ikkje har sug, kan ha rasjonelle vurderingar om kor godt noko vil vere. Men når dei har sug, for eksempel fordi dei blir eksponerte for ein trigger, gjer dei ei heilt anna vurdering. Når dei så tar rusmidlet, opplever dei det som mindre godt enn dei trudde det ville vere.

Dei sårbare

– Korleis blir eit menneske avhengig?

– Nokon er sårbare frå barndomen. Vi veit at for eksempel barnemishandling, misbruk og manglande omsorg kan føre til at barn får eit svekka kontrollsystem og eit overaktivt belønningssystem. Så kan også genetikk spele inn, for eksempel kan personar som har vist antisosiale handlingar, som aggresjon, bli avhengige. Når sårbare personar blir eksponerte for rusmiddel, vil dette forsterke dei eksisterande hjernestrukturane. Andre personar er kanskje ikkje sårbare i utgangspunktet, men også dei kan bli avhengige dersom dei har eit høgt konsum av rusmidlar over lengre tid.

– Kvifor blir nokon avhengige og andre ikkje?

– Barn som veks opp under ugunstige psykologiske forhold vil ofte også ha ein genetisk disposisjon. I tillegg lever dei gjerne i miljø der dei tidleg blir eksponerte for rusmiddel. Som ungdommar søkjer dei til unge med same historikk som dei sjølve, og rusmiddel blir ein måte å døyve negative kjensler på. Dei som ikkje har hatt ein vanskeleg oppvekst, kan ha ein annan motivasjon for å ruse seg. Dei kjem kanskje inn i eit festmiljø og bruker rusmiddel av sosiale årsaker.

– Kva er skilnaden på å vere avhengig av rusmiddel og andre ting?

– Ein kan vere avhengig av mykje, alt frå shopping og Facebook til cupcakes. Men rusmiddel inneheld kjemikaliar som alkohol, opioidar og nikotin. Desse verkar direkte på hjernen vår. Alle rusmiddel medfører auka frigjering av dopamin i hjernen, og dopamin gjev oss lyst til å gjere meir av det som utløyste dopaminet. Dette er årsaka til at du kan finne rusmiddelavhengige som går fullstendig til grunne, men ingen går rundt i Oslo sentrum og har øydelagt livet sitt fordi dei er avhengige av Facebook. Også dette kan vere eit problem, men det er i ein heilt annan målestokk.

Endringar i hjernen

– Kva kan ein gjere for å kome seg ut av det?

– Ein kan gjere to ting: styrke kontrollsystemet og rehabilitere belønningssystemet. Det første betyr å betre impulskontrollen sin, og her vil det hjelpe med nok søvn, riktig ernæring og ikkje å bli eksponert for mykje stress. Når ein løftar avhengige ut av kvardagslivet og inn på ein institusjon, lagar ein livsvilkår som styrker kontrollsystemet. I tillegg vil dei kunne jobbe med ei kognitiv styrking av systemet gjennom terapi og mental trening. Dei kan mellom anna trene seg opp til å tole triggerar. Ein trigger kan vere ein tanke om at «no hadde det vore godt å ruse seg», eller det kan vere kjensler som personen har prøvd å døyve. Minst halvparten av alle avhengige har også ein annan diagnose, til dømes angst, depresjon eller post-traumatisk stressliding. I slike tilfelle må ein også behandle den underliggande psykiatriske sjukdommen.

– Kvifor får så mange tilbakefall?

– Hos ein avhengig har det skjedd endringar i hjernen. Sidan hjernen er plastisk, kan han bli endra på nytt, men det vil ta lang tid før hjernen vender attende til normale kontroll- og belønningssystem, særleg dersom personen har hatt det vanskeleg heilt sidan barndomen. I tillegg er sjansen stor for at den rusmiddelavhengige etter behandling vender attende til sitt gamle sosiale miljø. Der blir han eller ho eksponert for triggerar.

Ein gradvis prosess

– Kva kan pårørande gjere?

– Hos mange har familien vore ein risikofaktor, og nokre gonger vil ikkje familien utgjere ein ressurs, men eit problem. I andre tilfelle er det heilt annleis, og der er det viktig at foreldre støttar mest mogleg og lengst mogleg. Alle foreldre til avhengige vil erfare tilbakeslag. Ei eventuell tilbakevenning til eit meir normalt liv er ein gradvis prosess.

– Kva kan samfunnet gjere for å førebyggje?

– Samfunnet kan gjere mykje. I tillegg til å tilby behandling, kan ein fjerne triggerar frå miljøet, for eksempel gjennom reklameforbod, oppstillingsforbod, restriksjonar på sal og høge prisar. Høge alkoholprisar gjer at alkoholavhengige drikk mindre. Styresmaktene har også valt ein strategi der det å importere og selje narkotika inneber ein risiko. Konsekvensen er ein dårlegare logistikk og eit svekka marknadssystem, som medfører høge prisar. Då går konsumet ned.

Powered by Labrador CMS