Europa

Næringsminister Monica Mæland (H) på vei ut fra onsdagens møte med handelsminister Liam Fox i London.

Framleis uklart om norsk-britisk avtale

Onsdag møtte næringsminister Monica Mæland den britiske handelsministeren Liam Fox for å diskutere det framtidige forholdet mellom Noreg og Storbritannia. Men i britisk presse vert det spekulert i om Fox eigentleg har noko reell makt i brexit-forhandlingane.

Publisert Sist oppdatert

Mæland fekk dei forsikringane ho ville ha, samstundes som ein ny avtale med Noreg ikkje har blitt noko klarare.

– Me hadde ein god samtale, konstaterte Mæland overfor NTB i London.

Vidare fortel ho at Fox var oppteken av at Storbritannia ønskja meir frihandel med resten av verda, ikkje mindre.

– Han var tydeleg på at han ville ha minst like gode føresetnadar mellom Storbritannia og Noreg som det me ha ri dag, og det er veldig viktig for oss. Storbritannia er ein av våre aller viktigaste handelspartnarar, fortel ho.

– Syns synd på Fox

Dagen før møtet mellom Mæland og Fox, uttala den tidlegare visestatsministeren Nick Clegg, at den nye handelsministeren kom til å forsvinna frå ministerposten sin innan 18 månadar.

Politikaren som representantar Liberaldemokratane i det britiske parlamentet sa at han ville «vedde mykje pengar» på at Fox kom til å forlata posten som han fekk av statsminister Theresa May då ho sette saman den nye regjeringa, skriv The Telegraph.

Clegg sa vidare at den konservative handelsministeren ikkje har ein «ordentleg jobb» og at han endå ikkje har innsett at han har «liten påverknad» over brexit-forhandlingane.

– Eg syns spesielt synd på Liam. Stakkars fyr, om regjeringa vel å skrotlegga tollforeiningane så vil ikkje departementet hans ha noko å ta seg til. Det vil vere ganske flaut. Sjølv om regjeringa bestemmer seg for å ikkje fjerna tollforeiningane, så har Fox framleis ingenting å gjere på, sa Clegg til journalistar utanfor Westminster tysdag ettermiddag.

– Vikigaste var å møta han

I tillegg til handelsminister Liam Fox, skal også David Davis som brexit-minister og den nye utanriksministeren og tidlegare London-borgarmeister Boris Johnsen sitje rundt forhandlingsbordet med EU.

Kva for type handelsavtale Noreg kan få med Storbritannia når Theresa May bestemmer seg for å utløyse artikkel 50 som offisielt betyr slutten for britiske EU-medlemskap, er endå ikkje avklart.

Mæland sa til NTB at ho heller ikkje kom med nokre tilrådingar til den ferske, britiske handelsministeren.

– Det viktigaste for meg var å møta han. Eg er oppteken av at me skal ha god kontakt og glad for at me begge er samde om at me er viktige for kvarandre. Det er eit godt utgangspunkt, sa Mæland.

Powered by Labrador CMS