konkurs

Det blei opna 4.544 konkursar i 2016, ein oppgang på 1,8 prosent frå året før.

Fleire konkursar i 2016

I 4. kvartal 2016 blei det registrert færre konkursar enn i den same perioden i 2015, men for heile 2016 var det fleire konkursar enn året før.

Publisert Sist oppdatert

Det blei opna 4.544 konkursar i 2016, ein oppgang på 1,8 prosent frå året før. I Hordaland, Aust-Agder og Rogaland var den prosentvise auken størst.

Der blei det registrert høvesvis 28, 22 og 19 prosent fleire konkursar. Hordaland er òg fylket med den største veksten i absolutte tal, med i alt 132 fleire konkursar.

Sju av ti konkursar, i alt 3 308, var føretakskonkursar. Dei fleste var innanfor byggje- og anleggsverksemd og varehandel, med 25 prosent i kvar.

Dei resterande 1.236 konkursane var einskildpersonføretak og personlege konkursar. 41 prosent av desse var innanfor byggje- og anleggsverksemd.

Det blei opna 1.031 konkursar i 4. kvartal i fjor. Det er 8 prosent færre enn i den same perioden i 2015.

Powered by Labrador CMS