terapi

Rolla som leiar med sideblikk til terapi

Om du har din fyrste leiarrolle eller om du i mange år har vore leiar, så spør deg sjølv: «Korleis utøver eg rolla mi personleg og profejonelt?» Det skriv konsulent Gro Mykkeltvedt.

Publisert Sist oppdatert

Gro Mykkeltvedt er seniorpartner i Grow Competence Consulting.

SYNSPUNKT: Er eg berre profesjonell eller blandar eg dei to ulike delene av meg? Kva vil det ha å seie for meg at eg har ei profesjonell og personlig utvikling som leiar? Og har eg det eller har eg fått det?

La oss ta eit sideblikk på eit anna fagfelt enn leiing; Terapifeltet.

Aldri før har me gått så mykje til terapi som no. Aldri før har det vore viktigare å forstå kven ein er. Både som menneske og i dei ulike rollene ein har. Fordi om ein ikkje har ein reflektert holdning kring dette, så kan ein før eller seinare merke stress og få stressrelaterte plager.

For å bli godkjent familieterapeut (på masternivå) og innan dei fleste terapeutiske, kliniske retningane må du hatt fleire hundre timar med veiledning. Det betyr å bli rettleia, lytta til , utfordra, kritisert og observert i den rolla du skal inn i. Faget «Profesjonell og personleg utvikling» er eit eige fag og følgjer deg gjennom heile studie. Den dagen du skal utøve profesjonen som familieterapeut skal du ikkje vera i tvil på kva personleg og profesjonell holdning er.

Så tilbake til leiing. Korleis er din profesjonelle og personlege utvikling? Fins dette i din organisasjon? Har du hatt 400 timar veiledning både inviduelt og i gruppe for å utvikle deg inn i den rolla du skal ha som leiar slik kliniske terapeuter har?

Det er varierande funn på studiar om leiarutvikling. Slik er det også innan terapifeltet. Fleire og fleire studier syner at det ikkje alltid kjem an på terapiformen, men terapeuten. Altså effekten av terapien kan vera avhengig av relasjonen din til terapeuten.

Dette kan jo gi meining også innan leiing. Om du ikkje har og gir tillit som leiar og ikkje får til relasjoner, kan det vera vanskeleg å få motivasjon og engasjement hjå arbeidstakarane.

Eg har tru på vekst og utvikling. Både i enkeltindivid og i organisasjon. Samtidig ser eg at det ikkje alltid er like lett å få til den endring ein ynskjer.

Difor er det vikteg å vere opptatt av å finne ut kvar i skoendet trykkjer.

For å kunne behandle «rett skade» og ikkje berre gi medisin for eit symptom.

Dei fleste omorganiseringar, konflikter og nedbemanningar har med relasjoner å gjere. Det har med indre og ytre konflikter å gjere.

Det organisatoriske, økonomiske og forretningsmessige kjem ganske ofte i andre rekke.

Det er menneska som skal få til endring og da er det der me må starte. Med enkeltindividet. I enkelteindividet.

Det meste handler om leiing.

Synspunkt

Skriv til DP Synspunkt


Del dine meninger med ledere og andre ressurspersoner i arbeids- og samfunnsliv? Skriv til DP SYNSPUNKT.

Les alle synspunkt her.


Powered by Labrador CMS