Annonse
Nå åpner skolene igjen. Men mye er annerledes. Nydalen videregående skole i Oslo har laget et pilsystem som viser hvor man skal gå. På den måten oppstår det ikke «kollisjoner» i ganger og trapper. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix
Synspunkt

Vi må bu oss betre

Ragnhild Lied er leder i hovedorganisasjonen Unio.

SYNSPUNKT. Det var dramatisk då regjeringa 12.mars stengde ned store delar av Norge. Heile utdanningssystemet blei sett på pause.

Særleg hardt slo det at skular og barnehagar vart stengde. Dette fekk også svært store konsekvensar for resten av samfunns- og arbeidslivet.

Om det var nødvendig eller ikkje kan sikkert diskuterast i ettertid. Men det er opplagt at stenginga av skular og barnehagar førde til at det store alvoret slo inn over oss alle. Vi måtte skjerpe oss. Vi måtte endre åtferd. Vi måtte endre vanane våre. Mangemåtte arbeide heimanfrå.

Og langt meir alvorleg: mange blei permitterte, somme oppsagde. Arbeidsløysa steig til himmels. Og i regjeringa og i endå større grad på Stortinget gjekk og går gullkortet til oljefondet frå hand til hand. Innsatsen for å få folk i arbeid må framleis trappast opp.

Korleis møte framtidige kriser?

Eit viktig spørsmål blir no korleis vi skal bu oss på ei tilsvarande krise i framtida. Det er opplagt at beredskapen må styrkast. Særleg må helsevesenet og beredskapen der styrkast. Mange av tiltaka måtte settast i verk for å hindre at helsevesenet skulle knele for korokonakrisa!

Det blei raskt avdekka manglar både når det galdt bemanning, kompetanse og utsyr. Ekstra innsats frå tilsette, godt samarbeid og grunnleggande tillit medverka til å dempe problema.

Særleg var utfordringane store i kommunane. Låg grunnbemanning mange stader og sviktande smittevernberedskap kravde ekstra mobilisering. Personell blei omdisponert, pensjonistar og studentar hyra inn som ledd i den store dugnaden. Vi har også sett at ufaglærte blei sett til å utføre oppgåver som normalt krev høgre utdanning og profesjonskompetanse. Rett kunnskap og kompetanse må vere kravet, ikkje minst i krisetider. Kunnskap kjem ikkje av seg sjølv!

Smittevernutstyr

Mangel på smittevernutstyr skapte både frustrasjonar og farlege situasjonar for tilsette og familiane deira, men også for pasientar, pårørande og andre. Vanlegvis står ei nasjonal innkjøpsordning for import av slikt utstyr til sjukehusa. Men i den ekstraordinære mangelsituasjonen som oppstod fekk sjukehusa sjølve høve til å skaffe slikt utstyr. Det viste seg etter kvart at slett ikkje alt utstyret tilfredsstilte dei vanlege kvalitetskrava, noko som kunne ha fått skadeleg utfall.

Den internasjonale konkurransen om utstyr låg i stor grad til grunn for problema. Norge, som ei rekkje andre land, baserer normaldrifta på å kjøpe inn viktig medisin og utsyr frå andre land, særleg i Asia. Difor er det svært viktig at norsk politikk knytt til innkjøp av kritisk utstyr blir gjennomgått og revurdert. Dette gjeld ikkje berre helsesektoren, men fleire andre sektorar. Internasjonalt samarbeid, ikkje minst når det gjeld forsking blir ekstremt viktig i tida som kjem.

Ein kunnskapssterk offentleg sektor

Trass i ei rekkje beredskapsmanglar har Norge så langt klart seg bra samanlikna med andre land. Vi har færre døde og sjukehusa er på veg til «normaltilstand». Ein suksessfaktor her er nettopp kraftinnsatsen frå dei tilsette i helsesektoren. I tillegg har det vore svært viktig at andre delar av offentleg sektor i stor grad har greidd å halde hjula i gang. Arbeid har blitt omorganisert, nye samarbeidsformer er tatt i bruk, men det har også vore nødvendig med hard prioritering av oppgåver

Bruken av IT har eksplodert i omfang og forbetra seg i kvalitet i høgt tempo. Dette har ikkje kome av seg sjølv. Det har vore eit viktig element i god krisehandtering. Den vellukka overgangen frå normal drift til krisedrift kan i stor grad forklarast med ein solid og kunnskapstung offentleg sektor, prega av eit høgt utdanningsnivå på dei fleste område.

Koronakrisa har til fulle vist kor viktig kunnskap og kompetanse er for god beredskap. Heldigvis er det fleire i privat sektor som ser kor viktig helsevesenet og andre delar av offentleg sektor er nettopp for arbeidsplassar og verdiskaping i privat sektor.

Sterkare tillit, også mellom ulike sektorar i samfunnet, vil gjere oss endå betre rusta til å møte framtidige kriser.

Annonse
Annonse