Skriv til DP SYNSPUNKT.

Oljeraffineriet på ­Mongstad.

Samarbeid og ­medverknad i klimapolitikken

Denne våren vart klimameldinga handsama av Stortinget. Det skulle vise seg å vere ein trist affære. Dei ulike partia si handsaming av den viktigaste saka i vår tid, gir ikkje grunnlag for stor optimisme. Men alt håp er ikkje ute.

Publisert Sist oppdatert

Ragnhild Lied er leiar i Unio.

SYNSPUNKT. Eit frampeik mot manglande politiske vilje til å finne løysingar i klimapolitikken på tvers av partia, fekk vi allereie 7. januar. Det var dagen før klimameldinga vart lagt fram av regjeringa, og då sådde Erna Solberg og Jonas Gahr Støre tvil om eit nytt klimaforlik.

Klimaforlik

Både i 2008 og i 2012 vart det skipa breie forlik i klimapolitikken i Stortinget. Begge desse forlika vart skipa utanom valår. I år vart klimameldinga handsama i eit valår, og mykje tyder diverre på at partia valde partitaktiske omsyn framfor omsynet til klimaet. Politisk vilje til dialog og samarbeid synte seg å vere låg og omvendt proporsjonal med vilje til eigenmarkering. Difor ende det opp med 478 ulike framlegg då saka skulle handsamast i Stortinget. Det nesten 5 timer lange ordskiftet i Stortinget bar meir preg av skyttargrav, gjensidige skuldingar og komande valkamp enn av det alvoret og det trugsmålet klimaendringane utgjer.

Sjølv om Stortinget i og for seg samla seg om ei slag hovudline i klimapolitikken, synte handsaminga at det er stor usemje om tempo, tiltak og vilje til å forplikte seg.

Må verte dyrare å forureine

Ein av berebjelkane i klimapolitikken er ei høgare prising av utslepp gjennom ein auke av CO2-avgifta. Det skal verte dyrare å forureine.

Det er eit klårt fleirtal på Stortinget for ei tredobling av CO2-avgifta. Dette har Unio lenge tatt til orde for. Det utgjer også hovudgrepet i regjeringa sin klimaplan. Her har mange av partia flytta seg med sjumilssteg med tanke på at det no skal bli vesentleg dyrare å forureine. Det skal dei ha ros for. Men her stopper òg semja. For når det kjem til spørsmål om opptrapping, omfang og avgrensing, gir Stortinget få, om nokre svar. Partia nytta ikkje høvet til å gjere klimapolitikken meir føreseieleg og gi den nødvendig legitimitet for heile arbeidslivet.

Unio forventar at regjeringa følger opp si eiga klimamelding og aukar CO2-avgifta med minst 15 prosent i komande statsbudsjett. Den må omfatte alle sektorar, også fossilt drivstoff.

For når det kjem til spørsmål om opptrapping, omfang og avgrensing, gir Stortinget få, om nokre svar

Grøn innkjøpsmakt

Det som derimot var positivt med klimameldinga er den breie semja om at staten skal bruke si innkjøpskraft i klimaet si teneste, ikkje minst innan transporttenester og køyretøy.

Her må tillitsvalde kjenne si «besøkelsestid» og vere pådrivarar. Det offentlege kjøper varer og tenester for meir enn 500 milliardar i året. Her er det ei stort potensiale for å ta klimavennlege val.

Medverknad og samarbeid

Vi har merka oss at eit fleirtal i energi- og miljøkomiteen meiner at partane i arbeidslivet skal involverast tettare i planlegging, utforming og gjennomføring i klimapolitikken. All historisk erfaring syner at store omstillingar skjer best i samarbeid mellom staten og partane i arbeidslivet. Det gjeld i høgste grad også den grøne omstillinga som Unio er samd i at vi både skal og må gjennom.

Regjeringspartia anerkjenner for så vidt trepartsmodellen i klimameldinga, men viste ikkje vilje til å forplikta seg på same måte som fleirtalet i komiteen. Det gir grunn til undring.

Forsking, kunnskap og kompetanse er heilt grunnleggjande viss vi skal løyse klima- og miljøutfordringane og samstundes sikre eit framleis berekraftig velferdssamfunn med fleire grøne jobbar og lågare utslepp.

Då er større medverknad frå partane og meir, ikkje mindre, samarbeid i klimapolitikken svaret. Næringslivet, ja heile arbeidslivet, forventar det. Og eg er heilt overtydd om at generasjonen som skal leve med klimakonsekvensane, fortenar det. Også i val-år.

Vil du holde deg oppdatert på ledelse og arbeidsliv? Prøv et abonnement på Dagens Perspektiv, eller vårt gratis nyhetsbrev.

Synspunkt

Skriv til DP Synspunkt


Del dine meninger med ledere og andre ressurspersoner i arbeids- og samfunnsliv? Skriv til DP SYNSPUNKT.

Les alle synspunkt her.


Powered by Labrador CMS