Annonse
Utgjør flertallet i det nye Stortinget. Fra venstre Sp-leder Trygve Slagsvold Vedum, SV-leder Audun Lysbakken, leder i Rødt Bjørnar Moxnes (bak), MDG-leder Une Aina Bastholm og Ap-leder Jonas Gahr Støre. Foto: Naina Helén Jåma / NTB
Synspunkt

Unio følgjer ny regjering med argusblikk

Ragnhild Lied er leiar i Unio.

SYNSPUNKT. Endringar trengst særleg i arbeidslivspolitikken, i utdannings- og forskingspolitikken, i helsepolitikken og i klima og miljøpolitikken. Endringane bør skje innanfor det godt etablerte trepartssamarbeidet som har tent Norge godt, noko som er tydeleg demonstrert gjennom pandemien.

Unio legg til grunn at den nye regjeringa og det nye raudgrøne fleirtalet på Stortinget likebehandlar alle hovudorganisasjonane i trepartssamarbeidet. Det er spesielt viktig i den grøne omstillinga som må til for å nå målet om klimakutt, samtidig med at vi sikrar og utviklar nye arbeidsplassar og ein sterk velferdsstat.

Kunnskapsnasjonen Norge

Som Norges største hovudorganisasjon for arbeidstakarar med høgare utdanning har Unio klare forventningar til korleis forsking, høgare utdanning og studentpolitikken blir. Forsking og høgare utdanning er heilt avgjerande for det grøne skiftet, ein sterk velferdsstat og for Norge som ein moderne kunnskapsnasjon. Forsking er også ein berebjelke i helsepolitikken

Her er det ikkje rom for eit kvileskjer, tvert om. Basisfinansieringa til universitet og høgskular må styrkast og vi må ha ein opptrappingsplan på forsking som sikrar at vi når målet om 3% av BNP til forsking innan 2030.

Studiestøtta må opp til 1.5 G, og arbeidet med psykisk helse blant studentane må styrkast merkbart. Under pandemien blei det avdekka at alt for mange studentar slit med psykisk helse. Det påverkar både liva og studieløpet deira.

En ny arbeidslivspolitikk

Unio forventar at arbeidslivspolitikken blir betre. Den generelle lovheimelen om å tilsette mellombels innanfor eit år må vrakast frå arbeidsmiljølova. I helsesektoren må utviklinga av ein heiltidskultur styrkast gjennom konkrete tiltak, mellom anna må det bli stilt krav om utlysing og tilsetting i heile stillingar.

Unio legg til grunn at den nye regjeringa og det nye raudgrøne fleirtalet på Stortinget likebehandlar alle hovudorganisasjonane i trepartssamarbeide

I dag bygger  arbeidsmiljølova i for stor grad på tradisjonen og behova i industrien. Vi treng helsefremjande arbeidsplassar for alle. Difor er det nødvendig å endre arbeidsmiljølova og forskriftene slik at organisatoriske og psykososiale belastningar får ein tydelegare plass. Dette er særleg viktig for yrkesutøvarar som arbeider med og for andre menneske. Desse belastningane må sidestillast med fysiske og kjemiske belastningar.

I tillegg må særaldersgrensene vidareførast.

Kvalifisert arbeidskraft i offentleg sektor

Unio har også klare forventningar til at det nye fleirtalet veit å verdsette tilsette med høgare utdanning i offentleg sektor. Det må vere ein hovudjobb for den nye regjeringa å sørge for at vi klarer å behalde og rekruttere nok arbeidskraft med høgare utdanning i offentleg sektor.

Det må kort og godt lønne seg betre å ta høgare utdanning. Dei siste lønnsoppgjera har vist at det dessverre ikkje er tilfelle.

Vi vil særleg peike på utfordringane med rekruttering av lærarar og sjukepleiarar, og den alt for store bruken av mellombelse stillingar i universitets- og høgskulesektoren. Her forventar vi ein plan frå regjeringa på korleis vi framover skal sikre nok kvalifisert arbeidskraft som  kan levere det utdanningstilbodet og det helsetilbodet som innbyggarane med rette fortener, og den forskinga som mellom anna er heilt avgjerande for den grøne utviklinga.  Dette er eit politisk ansvar som ikkje berre kan overlatast til partane i arbeidslivet.

Styrka kommuneøkonomi

I valkampen har det vore framheva kor viktig det er å ha tenester nær folk. Vi vil minne om at det i stor grad er Unio sine yrkesgrupper som leverer desse tenestene, anten det er innan utdanning, helse eller politi.

Kommunane sin økonomi må styrkast. ABE-kutta må stoppast. Desse kutta rammar aktiviteten i alle statlege verksemder som universitet, høgskular og forskingsinstitusjonar. Dette medfører ei svekking av viktige velferdstenester og kunnskapsproduksjon. Slike ostehøvelkutt passar dårleg viss målet er ein god og effektiv offentleg sektor.

Unio vil følgje det nye fleirtalet med argusblikk.

Synspunkt

Skriv til oss!

Del innsikt og meninger,
skriv til 
 
 

Nyhetsbrev

Klikk her for å melde deg på et eller flere av Dagens Perspektivs nyhetsbrev.


Prøv DP

Klikk her for å prøve Dagens Perspektiv.


Annonse

Synspunkt

Skriv til oss!

Del innsikt og meninger,
skriv til 
 
 

Nyhetsbrev

Klikk her for å melde deg på et eller flere av Dagens Perspektivs nyhetsbrev.


Prøv DP

Klikk her for å prøve Dagens Perspektiv.


Annonse