Arbeidsliv

Illustrasjonsfoto.

Arbeidsløysa stabil på 4 prosent

Det var 113.000 arbeidslause i september, justert for sesongvariasjonar, melder SSB.

Publisert Sist oppdatert

Arbeidskraftundersøkinga (AKU) viser at det sesongjusterte talet på arbeidslause gjekk opp 0,2 prosentpoeng frå juni (gjennomsnitt mai–juli) til september (gjennomsnitt august–oktober). Dette er innanfor feilmarginen i AKU, skriver Statistisk sentralbyrå.

Endringane i arbeidsløysa har sidan september 2017 lege innanfor feilmarginen og nivået har stort sett lege mellom 4,0 og 3,8 prosent av arbeidsstyrken. Trenden er derfor at arbeidsløysa er stabil.

Talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos Nav gjekk til samanlikning ned med 1000 personar frå juni til september. Dette talet er også sesongjustert og eit gjennomsnitt av tre månader.

Små endringar i mange land

Ifølgje AKU blei det 9000 fleire sysselsette frå juni til september, justert for sesongvariasjonar, og det svarer til ein auke i sysselsettingsprosenten på 0,1 prosentpoeng.

Dette er isolert sett innanfor feilmarginen i AKU, men i tråd med ein stigande trend. I løpet av det siste året har talet på sysselsette auka med 51.000 personar.

Ifølje tal frå det europeiske statistikkbyrået, Eurostat utgjorde dei arbeidslause 6,7 prosent av arbeidsstyrken i september i EU sett under eitt.

Det er ein nedgang på 0,1 prosentpoeng frå juni. Det er store skilnader mellom EU-landa i nivået på arbeidsløysa. Endringane i landa frå juni til september har vore små.

Powered by Labrador CMS