Arbeidsliv

I 2017 blei det etablert flest føretak innanfor fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting med 15 prosent av alle nyetableringar.

Auken i nyetableringar held fram

Publisert Sist oppdatert

Sidan 2010 har talet på nyetablerte føretak gått opp kvart år. I 2017 vart det etablert over 62.000 nye føretak, 3 prosent fleire enn året før.

Dei fleste nyetableringar var enten aksjeselskap (AS) eller einskildpersonføretak (ENK), syner statistikken over nye føretak, viser tall frå Statistisk sentralbyrå.

Med over 25.000 aksjeselskap og vel 35.200 einskildpersonføretak utgjorde desse til saman 97 prosent av alle nyetableringar. Talet ligg på same nivå som tidlegare år.

Fleire nedleggingar

Oslo er fylket med flest nyetableringar, nærare 13.700 i talet eller 22 prosent av totalen. Deretter følgde Akershus med 12 prosent av totale nyetableringar. Hordaland og Rogaland hadde kvar 9 prosent av nyetableringane i 2017.

I 2017 blei det etablert flest føretak innanfor fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting med 15 prosent av alle nyetableringar. Deretter kom byggje- og anleggsverksemd med 13 prosent og varehandel, reparasjon av motorvogner med 10 prosent. Dette var same nivå som i 2016.

I 2016 blei det lagd ned nærare 63 100 føretak, som er 14 prosent fleire enn året før. Dette er fyrste året sidan 2011 då nedleggingar var større enn nyetableringar.

Powered by Labrador CMS