Arbeidsliv

Illustrasjonsfoto.

Ein stor del av auken gjeld menn over 25 år

Publisert Sist oppdatert

Det blei 17.000 fleire sysselsette frå mai til august, justert for sesongvariasjonar. Den sesongjusterte arbeidsløysa var på 4,0 prosent i august, viser tal frå SSB.

I løpet av et siste året har talet på sysselsette auka med 56 000 personar. Ein stor del av auken gjeld menn over 25 år.

Den sesongjusterte arbeidsløysa låg på 4,0 prosent i august (gjennomsnitt juli-september), dette er ein auke på 0,2 prosentpoeng frå mai (gjennomsnitt april-juni).

Endringa er innanfor feilmarginen i Arbeidskraftundersøkinga. Arbeidsstyrken, summen av sysselsette og arbeidslause, gjekk opp med 23.000 frå mai til august.

Auke i sysselsetjinga i mange land

Ifølje tal frå det europeiske statistikkbyrået, Eurostat var det ein auke i den sesongjusterte sysselsetjinga for dei mellom 20 og 64 år i mange land frå 1. til 2. kvartal 2018.

For landa i Skandinavia var det Sverige som hadde den høgste sysselsetjingsprosenten i andre kvartal med 82,5 prosent. I Noreg låg han på 79,3 prosent og i Danmark på 78,3 prosent.

Powered by Labrador CMS