Annonse
Delen kvinnelege bønder aukar sakte. I 2018 utgjorde kvinnene 16 prosent, medan tilsvarande tal i 1999 var 13 prosent. For 50 år sidan var 6 prosent av brukarane kvinner. Foto: CloudVisual/Unsplash

Jordbrukskvinner har mindre att for strevet enn menn

Både når det gjeld næringsinntekt frå jordbruk og samla bruttoinntekt tente dei kvinnelege gardbrukarane mindre enn mennene i 2017.

Medan gjennomsnittleg bruttoinntekt for mennene var 687.000, var tilsvarande inntekt for kvinnene 522.000 kroner, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.

Det var også stor skilnad i kor mykje næringsinntekta frå jordbruket utgjorde av samla inntekt. For menn var gjennomsnittet 215.000 kroner, kvinnene nøyde seg med 125.000 kroner.

Skilnaden var minst blant mjølkebøndene. For denne gruppa var næringsinntekta til kvinnebøndene 73 prosent av det mennene hadde.

Fleire kvinnelege bønder

Delen kvinnelege bønder aukar sakte. I 2018 utgjorde kvinnene 16 prosent, medan tilsvarande tal i 1999 var 13 prosent. For 50 år sidan var 6 prosent av brukarane kvinner.

I alt vart 6100 jordbruksbedrifter drivne av ei kvinne i 2018. Dei siste ti åra har dette talet halde seg nokså stabilt, medan det har blitt nesten 7000 færre menn som driv gard i denne perioden.

Kvinner eig 28 prosent av landbrukseigedomane. Kvart år får om lag 9000 av desse ny eigar. Ved overdraging av landbrukseigedomar er nesten 40 prosent av dei nye eigarane kvinner.

Delen kvinner er minst for eigedomar som er lyste ut for sal på den opne marknaden. Av desse vart kvar fjerde eigedom kjøpt av ei kvinne i 2017. Ved ei ordinær generasjonsoverdraging var kvar tredje av dei nye eigarane ei kvinne.

Om lag kvar tredje landbrukseigedom skiftar eigar som følgje av at eigaren eller ein av eigarane døyr. I slike tilfelle får vi eit skifteoppgjer, eller så får den attlevande ektefellen tinglyst retten til å sitte i uskifte bu. I godt over halvparten av desse tilfella er det kvinner som blir ståande som ny eigar.

Delen kvinnelege gardbrukarar er klart størst på dei minste gardane. Av jordbruksbedriftene med mellom 5 og 49 dekar jordbruksareal i drift hadde 23 prosent kvinnelege brukarar i 2018. Når det gjeld dei største jordbruksbedriftene med over 500 dekar i drift, vart berre 9 prosent drivne av kvinner.

Annonse
Annonse