Arbeidsliv

Talet på heilt arbeidslause har gått ned i alle fylke den siste månaden. Fylka som har hatt størst nedgang er Nordland og Innlandet, med høvesvis 31 og 30 prosent.

– Talet på arbeidslause held fram med å falla

Arbeids- og tenestedirektør Kjell Hugvik understreker likevel at arbeidsløysa framleis er på eit svært høgt nivå samanlikna med situasjonen før koronakrisa.

Publisert Sist oppdatert

Ved utgangen av juni var det registrert 272.400 heilt arbeidslause, delvis arbeidslause og arbeidssøkjarar på tiltak hos Nav, noko som utgjer 9,6 prosent av arbeidsstyrken.

Dette er 83.000 færre enn ved utgangen av mai.

– Talet på arbeidslause held fram med å falla. Det skuldast i hovudsak at mange permitterte går tilbake i arbeid. I tillegg ser vi også ein nedgang i talet på nye permitterte, seier arbeids- og tenestedirektør Kjell Hugvik i ei melding.

Fleire i reiselivet tilbake i jobb

Den siste månaden har det vore ein nedgang i talet på heilt arbeidslause innan alle yrkesgrupper.

Målt i talet på personar var nedgangen størst innan reiseliv og transport med 11.500 personar, følgt av butikk- og salsarbeid med 6 800 færre heilt arbeidslause.

Det har også vore ein nedgang i talet på delvis arbeidslause innan alle yrkesgrupper den siste månaden.

Størst nedgang i talet på delvis arbeidslause finn vi innan butikk- og salsarbeid, samt serviceyrker og anna arbeid.

Ved utgangen av juni var talet på heilt arbeidslause som del av arbeidsstyrken høgast innan reiseliv og transport med 12,2 prosent av arbeidsstyrken, og lågast innan helse, pleie og omsorg med 1,4 prosent.

Få søkjer etter folk

I løpet av juni blei det registrert 33.200 nye ledige stillingar på nav.no.

Det er 23 prosent færre nye utlysningar per virkedag enn same månad i fjor. Det var flest nye utlysningar innan helse, pleie og omsorg (6900) og bygg og anlegg (4400).

Jordbruk, skogbruk og fiske (38 %) var den einaste yrkesgruppa med fleire utlyste stillingar per virkedag samanlikna med fjoråret.

Det blei registrert 400 nye utlysningar innan jordbruk, skogbruk og fiske.

Fleire unge tilbake i arbeid

Talet på heilt arbeidslause gjekk ned i alle aldersgrupper samanlikna med mai. Nedgangen var størst blant dei mellom 20 og 24 år og dei under 20 år, med ein nedgang på høvesvis 29 og 28 prosent.

Også talet på delvis ledige har falle i alle aldersgrupper den siste månaden.

Ved utgangen av juni var arbeidsløysa høgast for dei mellom 20 og 24 år med 7,0 prosent av arbeidsstyrken, og lågast for dei under 20 år med 2,6 prosent av arbeidsstyrken.

Mange permitterte

136.000 personar var registrert som heilt arbeidslause ved utgangen av juni, noko som utgjer 4,8 prosent av arbeidsstyrken.

Bruttoarbeidsløysa, som er summen av heilt arbeidslause og arbeidssøkjarar på tiltak, var på 147.200, eller 5,2 prosent av arbeidsstyrken.

I tillegg var 125.200 personar registrert som delvis arbeidslause. Tal frå Nav viser at 53.600 av dei heilt arbeidslause er permitterte, medan det same gjeld for 90.300 av dei delvis arbeidslause.

Dei permitterte utgjer til saman 5,1 prosent av arbeidsstyrken.

Nedgang på 25 prosent

Samanlikna med mai er 45.500 færre registrert som heilt arbeidslause, ein nedgang på 25 prosent. Nedgangen skuldast i hovudsak færre heilt permitterte.

Det er no 37.200 færre heilt permitterte enn i mai. Bruttoarbeidsløysa har falle med 46-800 personar den siste månaden.

Talet på delvis arbeidslause har også gått kraftig ned den siste månaden. Det er no 36.200 færre delvis arbeidslause enn ved utgangen av mai.

Også for denne gruppa er det først og fremst nedgang i talet på permitterte. Det er 35.400 færre delvis permitterte enn i mai.

Powered by Labrador CMS