Annonse
Flest tapte arbeidsdagar var det i helse- og sosialtenester. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix.

Ti arbeidskonfliktar førte til 8900 tapte arbeidsdagar i fjor

I 2017 vart det registrert ti arbeidskonfliktar i Noreg som til saman førte til tap av 8900 arbeidsdagar.

Flest tapte arbeidsdagar var det i helse- og sosialtenester, opplyser Statistisk sentralbyrå. Årsaka var den rekordlange streiken blant sjukepleiarar i Kreftforeninga, som ikkje før okotober fekk gjennomslag for ein tariffavtale med same løn- og arbeidsvilkår som dei hadde før foreininga meldte seg inn i Abelia. Streiken varte i meir enn fire månader.

Annonse
Annonse