Annonse
Professor Gunnar Skirbekk håper statsminister Jonas Gahr Støre les boka. I håp om at han tar seg tid til tenkje igjennom det særnorske opplegget for økonomisk støtte av alskens trussamfunn. Foto: Beate Oma Dahle / NTB

– Håper Jonas Gahr Støre les boka og tar seg tid til tenkje igjennom det særnorske opplegget for økonomisk støtte av alskens trussamfunn

Kvifor har du skreve denne boka?

– Religion i moderne samfunn - eit tema med temperatur: Religion i moderne samfunn, det er eit tema som engasjerer. Det har temperatur. Og med rette. For temaet er viktig, på mange måtar. Og med denne boka ønsker eg å stimulere til ein relevant og aktuell debatt om religion i moderne vitskapsbaserte og kriseramma samfunn.

Kva er de viktigaste poenga i boka?

– Diskusjonen om religion bør i større grad forhalde seg til at vi lever i vitskapsbaserte og institusjonelt differensierte samfunn. Dette har avgjerande betydning både for teologiske tesar og for religiøst motiverte livsformer.

Kva nye synspunkt eller teoriar presenterast?

– Religion kan vere så mangt, og religion kan bli forstått og diskutert i forskjellige perspektiv. I det offentlege ordskiftet, og i skuleverket, blir religion gjennomgåande presentert som eit sosio-kulturelt fenomen, med vekt på identitet og religiøse livsformer. Det som ofte manglar, er eit kunnskapsrelatert og modernitetsteoretisk perspektiv. For, i alle dei tre skriftbaserte, monoteistiske religionane – jødedom, kristendom og islam – inngår det gyldigheitspretensjonar som krev kunnskapsrelaterte og kunnskapskritiske drøftingar. Det opnar for filosofiske og vitskapsfilosofiske problemstillingar. Og det er dette grepet som utgjer det originale bidraget i denne boka.

Kva utfordringar møtte du under arbeidet med bokprosjektet?

– Eg ville skrive ei boka som er grei å lese, også for dei som ikkje har tid til omfattande lesing, men utan at eg går på akkord med det faglege. Denne utfordringa har eg prøvd å møte ved å skrive ein tekst som er rimeleg poengtert og kortfatta, samtidig som eg har lagt inn mange og fyldige sluttnotar, med referansar og utfyllande forklaringar, for dei som vi gå nærmare inn på tematikken.

Kva vil du oppnå med boka?

– Poenget med boka er primært å stimulere til ein oppdatert og relevant diskusjon om vitskapskritiske og modernitetsteoretiske føresetnader for religiøs tru og praksis i moderne samfunn, med brodd både mot ukritisk religionskritikk og førmoderne fundamentalisme.

Kva vil du at lesaren skal sitje igjen med etter å ha lest boka?

Professor Gunnar Skirbekk. Foto: UiB

– At religion i moderne samfunn er eit presserande tema, men at det krev sjølvkritisk religionskritikk, både med tanke på forholdet mellom religion og ein sjølvrefleksiv og diskursiv vitskapleg kultur og med tanke på forholdet mellom moderne institusjonar og tilhøyrande roller og livsformer.

Kan du nemna éin person du håpar les boka – og kvifor?

– Jonas Gahre Støre. I håp om at han tar seg tid til tenkje igjennom det særnorske opplegget for økonomisk støtte av alskens trussamfunn.

Finst det ei bok du vil anbefale andre å lesa – og kvifor?

– «Meining? Religionskritikk og filosofi hos Nietzsche og Garborg» av Jon Hellesnes. Ei god bok, som hevar religionsdebatten til eit høgare nivå.

Kva forfattar har betydd mykje for deg – og kvifor?

– Professor Knut Erik Tranøy. Han viste meg tillit, gav meg sjansar, og la lista høgt.

Kva er det viktigaste du har lært under koronapandemien?

– At det moderne globaliserte samfunn er i krise og at den norske velferdsstaten er verneverdig.

Om du måtte velge?

Jo Nesbø – Karl Ove Knausgård

Espresso – Filterkaffe

Musikk – Podkast

Avis på papir – Avis på nett

Skavlan – Lindmo

Dagens Næringsliv – Klassekampen

Åsne Seierstad – Tor Bomann-Larsen

Lese bok – Høyre bok

Sakprosa – Skjønnlitteratur

Film på kino – Film heime

Ved sjøen – På fjellet

 

Annonse
Annonse