Benedicte Maurseth.
Foto
Øystein Haara

Benedicte Maurseth kjem med albumet "Harr" 25. februar

Publisert: 19. februar 2022 kl 08.00
Oppdatert: 19. februar 2022 kl 08.00

Den anerkjende, nyskapande og visjonære folkemusikaren Benedicte Maurseth lanserer no det framifrå og altoppslukande albumet Hárr på Hubro Records. Her blandar hennar særprega hardingfeleklang seg saumlaust saman med fugle- og reinsdyrlydar, og med dei meisterlege medmusikarane som legg sitt fingeravtrykk på verket.

Alltid drivande framover, men samstundes med ei symbiotisk ro, dreg dette albumet deg inn i ei verd som nærmast gjev deg kjensla av å vandre over vidda, og å vera i eitt med nature. Benedicte Maurseth er oppvaksen på Maurset i Eidfjord, like ved nasjonalparken Hardangervidda, of har gått i fjella der heile sitt liv, noko som tydeleg legg grunnlaget for denne musikalske vandringa.  

Slåttar og musique concrète 

Som folkemusikarar alltid har gjort, står også Maurseth open i si samtid, og hentar impulsar frå andre kunst- og musikkutrykk i samspel med andre. I verket og no også albumet Hárr vekslar det mellom norsk slåttemusikk, fri improvisert musikk, amerikansk minimalisme, og utstrekt bruk av musique concrète som eit berande element i komposisjonane, med lydar frå reinsdyr, fuglar, insekt, og tamreinsgjetarar frå Hardangervidda integrert i musikken. 

– Det skapande arbeid, og det å gå timevis i fjell, er for meg mykje likt. Båe deler krev og framkallar eit nærvær, og ei djup lytting som gjer sansane opne og klåre. Det er noko ein kan gjera åleine, eller dela med andre, i stillheit eller i samtale. Båe deler krev også tid, tolmod og gjentakande repetisjon, og gjev ein ei naudsynt påminning om noko anna, større enn oss sjølv, seier Benedicte Maurseth 

Inspirert av økosofi

Maurseth er mellom anna inspirert av økosofi, den miljøfilosofiske retninga utvikla Arne Næss, der menneska ikkje står over annan natur og dyreliv, men er del av eit økologisk system i gjensidig avhengigheit. Stykket med tittelen Heilo framvisar det å vera i samspel med naturen på beste vis, kor musikarane spelar med og vidare på rytmikken til den karakteristiske lyden frå fuglen med same namn. 

Kollasj I inneheld mellom anna intervju med Benedictes tippoldefar Franz Gustav Andersson Törna (Sæbø) frå Nord Sverige, og oldefar Leif Maurseth, som var veidemenn og tamreinsgjetarar, og på mange vis sumerar visjonen bak heile verket.  

Hárr er opphavleg eit tingingsverk av Benedicte Maurseth, arrangert og framført i samarbeid med blant andre Mats Eilertsen og Håkon Stene til Hardanger Musikkfest i 2019. Hárr er det norrøne namnet for Hårteigen, det mest særmerkte fjell på Hardangervidda, og fleire av titlane i verket har norrøne namn som Hreinn (reinsdyr) og Eidfyrder (Eidfjording).