Annonse
Rune F. Hjemås debuterer som barnebokforfattar. Foto: Geir Mogen

Rune F. Hjemås debuterer som barnebokforfattar

I «Ein bror i verdsrommet» møter vi Elias som gler seg til at storebroren Mats skal kome heim på permisjon frå sjukehuset. Men det blir ikkje heilt som Elias har tenkt seg. Mats er tynn og slapp og orkar ikkje å gjere noko av det Elias har planlagt. Snart må han reise tilbake til sjukehuset, og Elias får ei vond kjensle i magen. Kva om storebroren ikkje blir frisk igjen?

Samstundes oppdagar Elias ein rar pipelyd frå dei gamle radioane på rommet sitt. Kan det ha ein samanheng med det underleg raude lyset frå vindauget til nabo Edvardsen? Saman med vennene Mina, Mu og Olivia prøver han å finne ut av mysteriet.

Samlaget

«Ein bror i verdsrommet» krinsar rundt store spørsmål om livet, døden og kva som finst der ute i universet – og om det å vere ein litt utypisk superhelt. Ein bror i verdsrommet er ei undrande og spennande bok om kor små vi er i den store samanhengen. Tross eit alvorleg bakteppe om sjukdom, er ikkje dette ein dyster bok, men ei forteljing som manar til undring og gir rom til fantasien.

«Han går bort og slår på eit par av radioane i hylla. Den knitrande lyden forandrar seg når han vrir på knappane. Iblant kan han høyre stemmer der ute, eller fjern musikk. Ein veit liksom aldri heilt kva ein kan finne. Litt som når ein leiter etter noko med lommelykt i mørket. Da legg Elias merke til noko rart. Inne i suset frå radioane er det plutseleg ein annan lyd: ein skarp og tynn tone, liksom ein ujamn, skjerande puls. Korte og lengre pip i ein merkeleg rytme. Det er ikkje musikk eller noko anna som vanlegvis ville ha blitt sendt på radio. Nei, det minner ikkje om noko han har høyrt før (…). Det var som eit signal, tenker han. Som om nokon prøvde å seie han noko. Noko viktig».

Rune F. Hjemås (f.1982) er forfattar, redaktør og omsettar frå Trondheim. Han debuterte med kortprosasamlinga «Eg er ikkje redd, eg er ikkje redd» i 2008. Han blei tildelt Trondheim kommunes bykunstnarstipend i 2018. «Ein bror i verdsrommet» er Hjemås si fyrste barnebok.

 

Annonse
Annonse