Harald Eia – eit portrett​Senior­komikaren som vil vera opplysnings­agent

Harald Eia er sosiologen som rømte frå sitt opphav. Han er ein ­lettkrenka og kalkulerande krenkar med godt minne. For å sleppa å hamna som ein aldrande livsløgnar, ser den ironiske humoristen frå den forrige generasjon på seg sjøl som ein ­nådelaus sanningssøkar.

Det er urovekkande å sitta her og venta på småbarnsfaren Harald Eia. Det er litt uklart kva eg vil snakka med han om. Det er så enkelt, eller så komplisert, som at eg vil finna ut kva han ha tenkt å bli når han blir stor.

Men plottet er vidare: Eg vil dra opp noen trådar i karrieren hans og prøva å personlighetstesta mannen. Og eg vil helst ikkje la han forstyrra meg for mye i det forehavendet. Det er lettast å vera grov og ond på passe avstand: Det er Harald Eia sjøl ein levande eksponent for. Han ser blid og munter ut, men gje den mannen eit tastatur, ei scene og eit kamera å sjå inn i, så blir han omskapt til ei bølle.

Harald Eia har sagt til VG at «vold er gøy», at han drøymer om å bli ein betre fighter, at han liker tanken på at han kan «måke en fyr i bakken», men at han er «redd for å skade hodet sitt». Sjøl er eg inga slåsskjempe, og med hjernerystelseserfaring passar eg godt på hovudet. Men eg har møtt Eia før og veit at han på nært hald kan vera høflig og tilsynelatande vennlig og empatisk, så eg ser likevel fortrøstingsfullt fram til møtet.

Jeg er en sannhetssøkende type med stor respekt for ­empiri

Og så trøystar eg meg med at eg spring fortare enn han. Då han i eit intervju rundt 40-års krisa erklærte at han hadde begynt å jogga og driva styrketrening fordi han ikkje likte å sjå si eiga pæreform i spegelen, inviterte me han til vårt løpande seminar. Han stilte aldri, og eg mistenker at det var fordi han visste at forma og pusten var såpass dårlig at han ikkje ville koma til orde. Og om han hadde prøvd seg, ville hans gode fiende, facebook-baronen Kjetil Rolness, også kjend som Jens Pikenes, bare ha skrudd opp farten eit hakk til. Dei er begge meiningssterke menn som er dårlige til å ta kritikk. Det er deira styrke.

Velhavende salongradikalere

Me møtest rimeligvis på Sagene lunsjbar på Bjølsensida av Arendalsgaten. Det var der Oslolosen og kameratane hans heldt til då staden var brun, før den gentrifiserte seg og urinnvånarane blei fortrengde til Gråbeinsletta. Nå er lunsjbaren sosialt og kulturelt tilpassa sånne som Harald Eia og meg og andre småintellektuelle frå oppadstigande mellomlag, som med eit byplangrep har trengt oss inn mellom proletære lommer og kommunale småleilegheiter.

Mi vesle grend på Sagene er ganske nye trehus i imitert proletarstil mellom blokkene. I ein enquete i Dagsavisen utropte tidligare fylkesmann Kåre Willoch denne blandinga til noe av det mest vellykka i Oslos nyare arkitektur – Galleri Oslo var det verste. Då eg opplyste han om at eg budde der, svarte han på sitt elskverdig-perfide vis på Fylkesmannens offisielle papir: «Din adresse bekrefter min antagelse om at Våghalsen beboes av velhavende salongradikalere.» Den meldinga har nok auka verdien på husa med eit par millionar.

Ved påsketider i fjor var eit hus i grenda til sals, og 7/4 kom Harald Eia (50) og kjærasten Nadina Bouhlou (32) for å sjå på. Då utspann denne sms-utvekslinga mellom meg (AH) og Harald Eia (HE) seg:

AH til HE til kl.18.22: «Det går rykte om at dokke har vore på befaring her i Våghalsen.»

HE til AH kl. 22.21: «Hehe. Skal si ryktene går fort i den lille bygda!»

AH til HE kl. 22.40: «Sånn er det i tette miljø. Me passar på. Hels Nadina. Med ruralsosiologisk helsing.»

Om det var Bygdedyret som skræmde Harald og Nadina, veit eg ikkje, men dei kom ikkje til oss. Me fekk ei smålåten rockestjerne med tre små barn i staden. Mens Harald og Nadina utpå hausten flytta frå det kulturelt kapitaltunge bourdieubeltet i Ullevål Hageby til første etasje i det Se og Hør kalla ein fasjonabel tomannsbolig i kvit mur i Vallegata på St. Hanshaugen. Der blei Johan fødd i mai i år og presentert av pappa Harald på Facebook eit par månader seinare. Til Se og Hør (13/10 - 2017) sa den barnevogntrillande og godt middelaldrande småbarnsfaren at pappalivet gjekk på skinner, og at «hver dag er en fest». Det bekreftar han på Sagene lunsjbar, og også at dei to skeptiske tenåringsdøtrene hans har falle for babysjarmen. Før han må koma seg av garde for å kjøpa protein til Nadina og koma seg heim.

Etter «Hjernevask» strevde jeg med å gå tilbake til å være den naive som TV-person

Oslolosens fetter

– Kven er denne Oslolosen, den krakilske figuren som gjorde stor lykke, men som du nå ha lagt bak deg?

– Han er en selvsikker besserwisser som driver dosering uten kunnskap. Men han vil ha monopol på sannheten, så han finner opp på alternative forklaringer på sparket.

– Liknar han på Harald Eia?

– Nei. Jeg er en sannhetssøkende type med stor respekt for empiri. Oslolosen er heller en slektning av vaktmester Narvestad. Ingen liker å kjenne seg igjen i figuren, men alle kjenner noen som er sånn.

– Du lagar «Sånn er du» i NRK Radio saman med Nils Brenna, og det er heilt ubegripelig kven de får til å stilla opp for å kommentera ein personlighetstest som målar nevrotisisme, ekstroversjon, åpenhet, medmenneskelighet og planmessighet – frå Hanne Ørstavik, via Liv Signe Navarsete ogTorbjørn Røe Isaksen til Hege Storhaug. Du må rimeligvis ha tatt testen sjøl. Er du fornøgd med resultatet?

– Det er jo kjekt å få karakteristikk som blid, åpen og nysgjerring. Men jeg er litt misfornøyd med å være en ikke-sosial og uempatisk, kald og flat type. Det kommer nok av at jeg ikke gidder å høre etter og følge med når noe er uinteressant.

– Eit betydeleg forbetringspotensial, altså?

– Definitivt. Jeg vil jo ikke være frakoblet i tomhet og ende som en venneløs, gammel mann som ikke er interessert i andre mennesker.

Kompetent kalkulatør

Eg har følgt Harald Eia i meir enn 25 år. Først høyrde eg om han som velformulert og provoserande moromann på sosiologisk pauserom. Så var han lovande forskingsassistent for sjølvaste Ulf Torgersen – statsvitar, forskar og professor – som han aldri klarte å få heilt på radaren. Då han leverte hovudoppgåva «Lidende ledere og kompetente kalkulatører – næringslivsfolks symbolske kamper», tenkte eg at her hadde eg ein faglig alliert i det symbol-interaksjonistsiske og sosialkonstruktivistiske hjørnet av sosiologien. Endå meir så fordi han i litteraturlista hadde mange av dei same referansane som eg brukte til Erving Goffman og Harold Garfinkels etnometodologi.

Harald Eias figur Kjell ­Aronsen, Oslo­losen, har dukket opp flere TV-­programmer; først i en ­episode av «Uti vår hage 2» hos NRK. På bildet er den selvsikre besser­wisseren gjest hos Bård Tufte Johansen (t.h) i NRKs «­Storbynatt». Foto: Fredrik Gabrielsen/NRK

Parallelt hadde han drive teatersport saman med studiekameraten Jan-Paul Brekke, og det blei hans bane. Han har forlate den akademiske sosiologien. Det har eg også gjort, så eg veit at det kan føra til så mangt, dersom ein hoppar av i tide.

– Korfor braut du det akademiske løpet, Harald Eia?

– Jeg fikk pustebesvær av det faglig incestuøse i et lukka univers. Jeg reagerte på Durkheims tese om at alle sosiale fakta kan forklares med andre sosiale fakta. Sosiologene ble trollmannens læregutter. I faglig grådighet skulle vi invadere stadig nye felt for å skaffe oss hegemoni på forståelse og forklaringer. Det orka jeg ikke å være med på.

Men sjøl om Eia hadde sagt farvel til den akademiske sosiologien, var det ein sosiologisk fest å følja han og hans Brother in Arms, Bård Tufte Johansen, gjennom det ironiske TV-programmet «Lille Lørdag», det frekke «Åpen Post» og det absurde «Uti vår hage» med Atle Antonsen på laget. Det var ei kreativ og frekk implementering av sosiologisk tenkemåte i satire og komedie. Harald Eia såg på verden og observerte menneskelige merkverdigheter med sine sterke og vridde, sosiologiske briller. Han hadde forlatt oss, men var framleis ein av våre, så me kunne forlata han.

Sosiologisk svikar

Det snudde då Eia bytta paradigme, slo til med fjernsynsprogrammet «Hjernevask» og kalla det forskingsformidling og nådelaus sannhetssøking. Han ville slå eit slag for biologien og avsløra psykologiske og samfunnsfaglige bortforklaringar. Det gjorde han som den vesle guten som ropa ut at dei sosiologiske keisarane og lakeiane deira var nakne. Og han gjorde det grundig, for som han ein gong trøysta seg med då han blei spurt om kva han hadde å fara med: «Jeg er god til å drite ut folk.»

Harald Eia blei ein sosiologisk forrædar. Han var innvigd i interne løyndomar, og nå ville han avsløra dei, skita i eige reir og kompromittera sin eigen stamme. Derfor var det fristande å kasta seg med i Jakta på svikaren.

Etter hjernevasken prøvde Eia å koma tilbake som komikar med «Storbynatt», men programmet floppa og blei tatt av plakaten. Då var me mange som oppdaga at han i grunnen hadde irritert oss lenge. Eia hamna i offentlig hanekamp om den nye humoren med slag og spark under beltestaden. Sosiologen Kjetil Rolness meinte at Harald og Bård ikkje lenger var morosame med parykk og dialekt, fordi dei hadde slått seg opp på å sparka nedover. Harald Eia svara med at det er «vanskelig å vite hva som sårer folk når du ikke kjenner dem». Derfor hadde han og Bård utvikla «eksplorerende mobbe-TV».

Jeg har en barnslig drøm om å rense og rydde opp i ­tåke­praten

Sjøl heldt eg ein heil tale i Sosiologforeninga og skreiv eit Sideblikk i Dagbladet. Der hevda eg at Harald Eia var blitt plump og avkledd – utan at eg med det sikta til at han avslutta eit av programma med sitt gamle glansnummer: Å dra ned buksa og visa skrukken og rumpa.

Eg meinte at hans styrke som komikar hadde vore at humoren hans var så mangebotna, men at den nå var blitt botnlaus – utan andre kvalitetskriteriar enn lått og likes. Men eg såg ikkje bort frå at Harald Eia kunne sjonglera med så mange metaballar at han ville prøva å ta høgde for det også: At han dreit seg ut, på liksom, for at innbilte elitekritikarar skulle tru at han gjorde det for å gleda oss. Og at han på den måten hadde dobbel-lurt oss. Som ein pauseromshelt i generasjonen før Harald Eia, Nils-Fredrik Nielsen, formulerte det i ein av sine tristesser i utval: «Du skal unne dine venner å se deg mislykkes.»

Dette var sjølsagt ikkje banal psykologisering av ein mann med eit oppskrudd ego som var i 40-årskrise og hadde tapt sitt faglige fotfeste. Det var eit reint sosiologisk og gruppeanalytisk perspektiv, pluss ein dose kommunikasjonsfaglighet.

Harde ord sosiologar imellom, men ikkje verre enn at då eg bad Harald Eia om ei helsing til festmiddagen på sosiologforeningas vinterseminar eit par år etter, svarte han vennlig at det var ærefullt og ga til beste ei omskriving av Horace Engdal: «Sosiologins utgångspunkt måste vara som barägares, att vi skal akta oss för att förbättra människosläkten.»

Vil bli tatt på alvor

– Det gjorde deg forbanna då mange meinte at du floppa som komikar med «Storbynatt». Det gledde oss som sat att i den sosiale konstruksjonssosiologen etter den biologiske hjernevasken. Sjøl skreiv eg at du måtte vera hjerneskadd etter «Hjernevask», at djupdykket i genetikk og biologi vaska vekk det du hadde med deg frå den leikne symbol-interaksjonistiske sosiologien.

– Jeg ble såra fordi analysen var feil, men jeg var enig i konklusjonen. Etter «Hjernevask» strevde jeg med å gå tilbake til å være den naive som TV-person. Det ståstedet hadde tapt sin troverdighet etter at jeg hadde argumentert med vitenskapelighet og høy IQ. Å gå fra komiker til alvorsmann er mulig, men å gå tilbake er vanskelig. Den døra er lukka. Du kan ikke ta på deg maska igjen.

Harald Eia fra tiden i NRKs «Lille lørdag», som gikk på TV i 1995-1996. Programmet representerte gjennombruddet for en ny generasjon komikere. På bildet: Harald Eia (foran) og Øistein Monsen. Foto: Ole Kaland / NRK

– Men er det ikkje det du prøver på i programmet «Brille» på TV Norge der du vil dykka ned i vitenskapens mysteriar saman med eit panel av bekjente komikarar som skal seia tull og tøys? Å kombinera komikk og kunnskap?

– Kunnskapsformidling med et glimt i øyet.

– Og det vil du heretter? Kva skal du egentlig bli når du blir vaksen? Kva er ditt kall som offentlig figur?

– Jeg tenker mye på hva jeg kan bruke kreftene på, Hva har jeg å bidra med? Det er mitt mantra. Det må være noe som er interessant og til nytte for andre, ved å si ting som de er, søke sannhet og være opplysningsagent for den frie tanke.

– Såpass?

– Kall det gjerne et kall. Jeg elsker det rasjonelle av et rent hjerte, uten baktanker. Mottoet er å la det best begrunnede argument vinne. Dypest sett er jeg et naivt og nysgjerrig menneske som vil det gode.

– Er du ordentlig vantru og gudlaus?

– Da jeg begynte å studere filosofi på Blindern, var det vanlig å se det som noe gymnasialt å være ateist. Men jeg er blitt litt vakt av Dawkins og de greiene. Jeg respekterer de religiøse, men de må utfordres og komme med argumenter og fakta.

– Er det derfor du stiller opp med plansjar i Dagsnytt 18 og skriv kronikkar i ytring.no?

– Som komiker sliter jeg med et handikap. Jeg kan ikke gjemme meg bak en byråkratisk eller akademisk tittel eller smykke meg med å være seniorforsker eller noe sånn. Derfor må jeg ha empiri, fakta, statistikk og grafer.

– Nei, du er jo seniorhumorist og høyrer som sådan til den forrige generasjon av komikarar.

– Definitivt.

– Du minnest kanskje at Rolv Wesenlund (1936 – 2013) prøvde å bli meiningsytrar og seriøs samfunnsdebattant, men blei møtt med reklametekstar og Fleksnes-sitat?

– Jeg har ligget unna reklame. Men noen av figurene mine forfølger meg, selv når jeg sier fra om at jeg vil bli tatt på alvor. Jeg har en barnslig drøm om å rense og rydde opp i tåkepraten. Men jeg er nok best på dekonstruksjon; byggingen får andre ta seg av.

– Den anti-autoritære og uærbødige vil sjøl bli ein autoritet?

– Ærlig talt: Jeg vil gjerne på den internasjonale scene og belære resten av verden, og særlig USA, om vår måte å leve på. Hvorfor gjør de ikke som oss når det er bevist at vår modell er den beste?

– Då må vel din opptreden på CBS vera eit peak moment så langt? I eit program der dei ville finna ut korfor Norge er verdens beste land, dukka du opp som ein tilfeldig mann i gata og kom med ein formidabel hyllest til byråkratiet.

– Det er en frekkere og mer overraskende vinkel enn å snakke om tillit og velferdsordninger. Jeg vil være en slags opplysningsprest, men jeg overdriver selvfølgelig mine strategiske spill på TV.

– Kva er det beste du har gjort? Det neste?

– Jeg når nok aldri cutting edge med Bård igjen. Men jeg ser ikke bort fra at det er mulig å lage komedie som ingen har sett før.

Etter denne runden klarar eg ikkje å motstå fristelsen til eit sitat frå Knut Nærums roman «Barmhjertighet»: «De så på ham som opprinnelig. Blir man gammel nok, er det ikke lenger mulig å fremstå ironisk. Til slutt er det bare oppriktigheten igjen.»

Men jeg er nok best på ­dekonstruksjon; byggingen får andre ta seg av

Strategisk polemikar

Eg har mindre respekt for intellektuell og komisk autoritet enn Harald Eia, så eg har ikkje sendt denne artikkelen til han for forhandling og godkjenning, slik Eia sjøl gjorde då den nasjonale og personlige strategen Rune Slagstad bestilte eit forord, som enda som «et veiledende etterord» i manifestet «Tilløp til offentlighet» (Pax, 2015). I bakgrunnen spøkte filosofen og samfunnsforskaren Jon Elster med grove spadestikk, mens Slagstad spelte tverrfløyte.

Eia hadde tatt imot bestillinga på denne måten: «Kjære Rune. Dette er et ærefullt oppdrag. Min første reaksjon: kan jeg med mine små føtter virkelig fylle disse store sko? Min andre reaksjon: jeg kan jo bare gjøre som jeg pleier - stappe oppi mose og gammelt avispapir og få skoene til å passe likevel? Så her er min idé: å prøve å si noe om hvilke følelser som egentlig ligger under en del av de polemikkene du har vært involvert i. Det kommer til å bli spekulativt, det kan bli småstygt. Men det blir i alle fall ikke kjedelig.»

«Uti vår hage» var en TV-serie på NRK av og med f.v: Atle Antonsen, Harald Eia og Bård Tufte Johansen. Serien bestod av humorisiske novellefilmer. Foto: Fire Øyne / NRK

Slagstad svarte slik, 19. juni 2014: «Kjære Harald. «Frygt og Bæven». Strålende opplegg. Jeg ser med skrekkblandet fryd frem til resultatet. Legg i vei! Rune.»

Det blei eit forvitnelig stykke prosa av hoffnarren under Jon Elsters motto: «Jeg skal ikke legge fingrene imellom – det ville være i strid med Runes ånd og praksis. Vi er enige om at høflighet ikke alltid er en dyd.»

Harald Eia tar på seg å visa at Rune Slagstad og andre norske intellektuelle er drivne av emosjonar når dei polemiserer med kvarandre om dei store spørsmåla: «Folk med høy IQ blir bare enda bedre rustet til å dikte opp aktverdige begrunnelser for valg allerede tatt av intuisjonen og følelsene.» Han viser at dei med og utan akademisk folkeskikk bruker fine og ufine knep i skjønn forening slik at tekstane er fulle av skjulte undertekstar som går inn i ein vendetta med utspring i personlig irritasjon over fornærmelsar.

Eia forklarer ein offentleg knokkelkamp om fotball mellom Slagstad og Kjartan Fløgstad (med son) i 2003 med strid om den rette radikaliteten på 1980-talet og slakt av Fløgstads Claes Gill-biogafi i Nytt Norsk Tidsskrift, som Slagstad redigerte. Slagstads langvarige oppgjer med filosofiprofessor Dagfinn Føllesdal om det meste, fører Harald Eia tilbake til Arne Næss’ 95-årsdag. Då trengde Føllesdal seg inn på talarlista med sitt snikete smil. Den høge temperaturen og dei einøygde argumenta i dei filosofiske stridane med Jon Elster, finn Harald Eia i at «Rune Slagstad oppdaget at hans venn Jon Elster hadde innledet et forhold til hans, altså Slagstads kone.» Alt har sin pris.

Då Harald Eia pressa Slagstad på om han er driven av følelsar, svara Slagstad at det er psykologisk reduksjonisme. Men så pusta han tungt og sa: «Jeg har glede av å debattere. Men jeg blir også veldig sliten av det. Så nå har jeg lyst til å finne på noen annet. Jeg vil sitte i arkiver og studere. Jeg vil ha ro.»

Eit sjølgodt smil

Eg har sendt mitt ferdige manus til Eia «til orientering», noe han ikkje gjorde då han skreiv meg inn i Slagstad-etterordet, i eit utdrag i Klassekampen og i sin muntlige performance på Institutt for samfunnsforsking. Men eg hadde fått denne helsinga på førehand: «I siste versjon innførte jeg deg som min arge konkurrent og erkefiende i Slagstad-følelseanalyse-lauget. Det ble et ganske morsomt grep, synes jeg.»

Og det var det, både følelsesanalytisk, dramaturgisk og humorfaglig. Eg blei stempla som ein lettvint, useriøs, skamlaus, vondsinna, hjerneskada og degenerert slurvekopp som er heilt på jordet, og som dessutan har ein latterlig hestehale og eit urovekkande, sjølgodt og sleskt smil med nikotingule tenner.

Serien «Åpen Post» skapte debatt og forargelse rundt årtusenskiftet. Harald Eia er kjent for sine mange stunts, et av de mest kjente er stuntet der han viste skrukken i «Åpen Post» i 1999. Foto: NRK

Eg brukar brille og har vore ute ei storbynatt før, men eg trong ein liten lørdag med eit Sideblikk i Dagbladet for å ta til meg den hjernevasken. Så sende eg denne mailen til Harald Eia:

«Gode Harald. Eg tar det sjølsagt som ei stor ære å få spela ei ikkje ubetydelig birolle i din dramaturgi. Og å vera stråmann på ein slik måte at du har stor nytte av stråa i bygginga av ditt eige hus. Men eg har ei innvending: Det er ein stor overdrivelse å kalla hårsveisen min hestehale. Kinapisk kunne ha passert, men sjøl kallar eg det hentehår bakover. Vel verd å prøva for deg óg, om det ikkje er for seint.

Men som du skriv i fotnote 2: «Ikke fokuser på oss nå!» Om me skulle ha ein gamal knute på tråden, ser eg ingen grunn til å nøsta den opp ettersom den åpenbart kan vera produktiv. Med eit selvgodt, urovekkande og sleskt smil. andreas.»

Harald Eia svarte: «Takk skal du ha! Det var veldig hyggelig å høre! Det er bra når vi frekke viser forståelse for hverandres frekkhet! Jeg tenkte at du ville tåle og skjønne at den funksjonen du har i teksten, ikke er verken vondt eller personlig ment. Alt godt!»

På og bak scena

Kordan kan det ha seg at folk kan bruka så sjikanøse ord om kvarande offentlig, mens dei sms-ar og mailar med sivilisert ironi og snakkar reflekterande og hyggelig saman face-to-face?

Mye ligg sjølsagt i det klassiske Stabel-utsagnet frå Dusteforbundet: «Den som ikke kan bevare et stivnet smil i daglig omgang, er humørsyk.»

Jeg vil gjerne på den internasjonale scene og belære resten av verden, og særlig USA, om vår måte å leve på

Men der er meir, for det ligg ein slags tone der: bortgøymd, men dirrande. I motsetning til Harald Eia har ikkje eg hatt evne til å frigjera meg frå dei fenomenologiske og symbol-interaksjonistiske gudane me heldt høgt i kvar vår sosiologiske ungdom: Berger, Garfinkel, Goffman, Husserl, W.I. Thomas.

– Har ikkje Erving Goffman mykje vettugt å seia om dette i «The Presentation of Self in Everyday Life»?

– Definitivt, selv om jeg etter hvert ble mer gira på Bergson, latteren og det kroppslige på tvers av det språklige. Men jeg har mye av Goffman med meg og bruker det goffmanske blikket. Man kan for eksempel være gode venner backstage, men tøffe og grove frontstage, eller omvendt. For å drive strategisk alliansebygging eller ha bakkanalar i sosialt spill.

– Og vera på og bak scena i løpet av ein samtale.

– Jeg sier stakkars deg, arme leser av dette. Siden du ikke vet hva som har foregått i kulissene, før kampen begynte, kan du aldri fullt ut forstå denne fektekampen.

Programleder Harald Eia lar komikerkolleger bryne seg på bortimot umulige spørsmål i «Brille» på TV Norge. F.v: Stian Blipp, Harald Eia, Else Kåss Furuseth og Steinar Sagen. Foto: Martin Østby/TV Norge

Kampen fortsetter

Og slik går no dagane, debattane og diskursen. I lag på lag av empiri og emosjon, alliansar og abstraksjonar, slagg og sleskhet. Det er slikt som gjer at bygdekranglar kan vara i slektledd og gje ruralsosiologar forvitnelig empiri. Men det er ei minst like nyttig tilnærming til tilhøvet mellom basis og overflate i harde og formelt pyntelige oppgjer i intellektuelle, akademiske og komiske kretsar. Men det krev at ein trenger gjennom dei tilslørande ordskyene.

Harald Eia har lansert denne tesen: «Det er mest verdifullt for menn å få ros fra menn, i omgang med menn.» Då gjeld vel også det motsette: At ris mellom menn svir hardast. I så fall kan denne teksten lesast som ein ny runde i ein varig, strategisk og festlig kamp om hegemoni.

Det som taler mot ei slik tolking, er at me har ulik status. Han er den berømte og bejubla komikaren; eg er ein middels liten spaltist som oppfører meg som ei linselus som prøver å koma til syne ved å sparka den store mannen på skinnleggen. Samtidig som det er mange tangeringspunkt mellom oss, er det også knutar på tråden. Harald Eia minnest at eg har brukt «stygge ord» og «skrevet flere veldig irriterende ting om meg».

Sjøl har eg betydelig evne til å fortrenga gamle kranglar og krenkelsar, fortredelsar og fornærmelsar. Eg har så dårlig minne at eg gløymer dei, og bra er det, dersom ein vil ha eit noenlunde greitt livsløp. På den andre sida er eg god på å lagra skriftstykke, så eg kan grava fram mye rart når det trengs.

Det er bra når vi frekke ­viser forståelse for hverandres ­frekkhet!

Harald Eia, derimot, har kolossal hjernekapasitet og minnest som ein elefant. Han er ein kalkulerande komikar som har lett for å bli irritert, såra og krenka. Av og til tar han att med det same, med STORE BOKSTAVAR. Andre gonger lagrar han irritasjonen i årevis og hentar den fram når det høver seg slik. Hevnen kjem seint, men den lagra smaken gjer godt. Der har etterord-skrivaren mye til felles med sin polemiske broder i ånden, Rune Slagstad.

– Blir du ordentleg såra og forbanna, eller lét du bare som?

– Som oftest er det ikke noe ekte i det; jeg blir ikke drevet av sinne lenger. Å spare på krenkelser er å ta skade på sin sjel. Men jeg leker med ekte følelser når jeg iscenesetter meg selv med overdrevne emosjoner.

Så det er nok ikkje slutt. Om eit år eller fem får eg nok høyra det, i ein uventa samanheng, at dette skriftstykket har gjort Harald Eia grundig forbanna.

Då skal eg vita å ta att. Med vennlig helsing. Men inntil vidare lar eg Oslolosen få siste ord med den inverse resiprositeten i fortellinga om jula på Sagene i gamle dagar: «De presset anger på meg ved å gi meg gaver når de visste at de ikke fikk noe fra meg.»