Fra papirutgaven

Lars Petter Sveen er aktuell med boka «Fem Stjerner».

Stjerner på flukt

Halvparten av dei som er på flukt i dag er under atten år. Lars Petter Sveen skriv seg inn i kvardagen deira.

Publisert Sist oppdatert

1. «Fem stjerner» handlar om fem unge menneske på flukt frå Mogadishu. Sei litt om kva som inspirerte deg til å skrive boka?

– Eg begynte å skrive boka vinteren 2014, da flyktningekrisa for alvor fekk plass i norske og internasjonale medier. Eg ønskte å komme bak overskriftene, bak den terminologien vi bruker når snakkar om «flyktningestrøm» og «horder ved grensene våre». Kven kunne desse menneska vere, kva stod dei, kva for reise hadde dei vore gjennom, kvar kom dei ifrå?

2. Hovudpersonane i fortellinga er ungdommar. Kva er grunnen til at du valde å sjå flyktningkrisa gjennom ungdommar sine auge?

– Tal viser at halvparten av dei som er på flukt, er under atten år. Dei er i starten av liva sine, og har allereie mista eller reist frå det dei hadde. Eg ønskte å undersøke kva dette kan gjere med kven dei er, kven dei blir, og korleis dei da må skape seg sjølv om.

3. Korleis var det for deg, frå din ståstad som vaksen, vestleg mann, å leve deg inn i og skape desse fortellingane om ungdommar frå ei heilt anna verkelegheit enn di eiga?

– På den eine sida tenkjer eg at romanen og kunsten må tørre å ta slike sprang. Eg prøver alltid å skrive meg inn i andre menneske og forstå dei. Det er ein del av det å vere forfattar. Men dette var eit vågalt eksperiment for meg, å nærme meg noko som er så framand og langt vekke. Men eg ville prøve likevel. På den andre sida så er det noko problematisk over det at eg som vestleg, privilegert skriv denne historia. Kven er eg til å fortelle deira historie? Gjennom heile romanen prøver eg å problematisere dette, og eg og lesaren blir konfrontert med spørsmåla. Så det kjem verken eg eller romanen bort ifrå.

4. Kvifor treng vi slike historier i Norge i dag?

– Fleire og fleire av dei vil bli fortalt, gjerne av flyktningar sjølve. Slike historier utvider samfunnet vårt, og viser oss kven vi lever saman med og kven vi er. Eg tenkjer òg at flyktningars historier er viktige å sleppe til, for det gir dei ei stemme. Men «Fem stjerner» er mi bok, det er ein roman eg har skrive, så dette er eit forsøk på dikte seg inn i ei framand verd.

5. Er det nokon du trur kunne ha ekstra godt av å lese denne boka?

– Eg ønskjer å nå så mange som mogleg. Å skrive er eit ønskje om å bli lest, trur eg.

6. Nokon vil seie at vi ser ei endring i norsk samtidslitteratur – frå innoverretta personfokus, til meir utoverretta og politisk fokus. Har du nokon tankar om dette?

– Eg trur det er plass til alt i litteraturen. Om det dreier seg meir mot utadretta og engasjert skriving no, så er det ikkje så unaturleg. Vi har hatt ein av fantastisk forfattar som Knausgård, som sjølvsagt preger samtida. Men vi har også ein ny generasjon som kjem fram utan AKP-ml skrømtet hengande over nakken. Mange av oss har ikkje aversjonar mot å skrive politisk eller engasjert, eller å ta opp store samfunnstema.

7. Kvar trur du vegen går vidare?

– Gi oss litt tid, og la oss prøve og feile, så vil det komme meir og meir. Eg trur det litterære offentlegheita òg er klar for det. Den globaliserte verda gjer at vi er verdsborgarar på ein heilt annan måte enn før, og fleire forfattarar av min generasjon set problemer under debatt. Å meine mykje med kjeften, men lite med teksten; den forfattarrolla er slitsam.

8. Det har vore ein del fokus på at måten ein framstiller Afrika på i film, litteratur og i nyheitsbiletet er negativt og nedverdigande. Har du nokon tankar om dette?

– Afrika er ofte framand, ukontrollerbart og usivilisert i kunsten. Hollywood og amerikansk kultur, som betyr ekstremt mykje for korleis vi ser verda, har vore ekspertar på å framstille heile kontinentet som enten savanner og jungel med dyr, eller som livsfarleg med hordar med våpen. Men igjen, eg trur dette er i ferd med å endre seg. Det handlar om å sleppe stemmer til, men det handlar òg om kva for historier vi vel å fortelle, og kva for ståstad vi prøver å fortelle dei ifrå.

9. Boka «Guds barn», som kom ut i 2014, vart motteken med knallkritikkar, fleire prisar og er no oversett til fleire språk. Har du tankar om religionens plass i verda i dag?

– Religion er der det er menneske, det blir ikkje borte. Vi kan gjerne tru at verda er sekulær, eller at historia er ei stigande kurve mot religionens død. Men det er jo berre tull. Dersom vi ikkje forstår religion, forstår vi ikkje verda. Dersom vi ikkje tør skrive om, snakke om det, leve side og side med det, så ekskluderer vi mykje. Eg vil helst at mi tru skal vere privat, men eg kjem alltid til å skrive om religion i mine bøker.

10. Justisminister Per Willy Amundsen var nyleg ute og varsla kutt i dei norske tilskota til redningsaksjonar i Middelhavet. Har du nokon tankar om norsk asylpolitikk og retninga den tar?

– Eg vil helst ikkje meine så mykje om konkrete politiske saker, eg vil heller la engasjementet mitt sleppe til i det eg skriv.

Powered by Labrador CMS