Nyskaping

Med regjeringa si sterke satsing på forsking dei siste åra, meiner Røe Isaksen at alt ligg til rette for at denne auken vil fortsetje framover.

60 milliardar kroner til forsking og utviklingsarbeid

Aldri før har Noreg brukt så mykje ressursar på forsking som no.

Publisert Sist oppdatert

I 2015 gjekk 1,93 prosent av bruttonasjonalproduktet (BNP) til forsking og utviklingsarbeid. Det syner FoU-statistikken til SSB og NIFU.

– Forsking og utviklingsarbeid kjem til å vere ei sentral kjelde til den kunnskapen som trengst for å omstille det norske næringslivet og løyse utfordringar i samfunnet. Derfor er det gledeleg å sjå at FoU-innsatsen har auka såpass mykje, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i ei pressemelding.

Endelege tal for utgifter til forsking og utviklingsarbeid (FoU) i Noreg i 2015 syner at den samla FoU-innsatsen utgjorde over 60 milliardar kroner. Dette er ein auke på 6,4 milliardar kroner frå 2014 som igjen gir dette ein realvekst på nær 9 prosent, viser tal frå NIFU.

Veksten frå 2013, då siste fullskalaundersøking vart gjennomført, utgjorde 9,6 milliardar kroner. Det vart utført 42.400 FoU-årsverk i 2015, som var 2 000 fleire enn i 2014.

Auken vil fortsetje

Med regjeringa si sterke satsing på forsking dei siste åra, meiner Røe Isaksen at alt ligg til rette for at denne auken vil fortsetje framover.

Talet på årsverk brukte til FoU var 5 prosent større i 2015 enn i 2014, og det var ein realauke i FoU-utgiftene på ni prosent. Utgiftene til FoU auka i alle sektorar, og mest i næringslivet.

Næringslivet utførte forsking og utvikling (FoU) for 27,8 milliardar kroner i 2015, ei auke på 12 prosent frå 2014. Målt i faste prisar er veksten på 9 prosent. Veksten er klart større enn i EU og dei andre nordiske landa, syner statistikk frå SSB.

Forsking og utviklingsarbeid kjem til å vere ei sentral kjelde til den kunnskapen som trengst for å omstille det norske næringslivet og løyse utfordringar i samfunnet

Samanlikna med 2013, som er førre år med fullstendig statistikk for alle sektorane, hadde den offentlege finansieringa av FoU auka med 12 prosent i 2015 målt i faste prisar.

Det er den største auken sidan 2007. Statistikken over FoU-utgifter i Noreg finansierte av offentlege kjelder viser at desse i 2015 svarte til 0,87 prosent av BNP.

Med sine 27,8 milliardar kroner sto næringslivet for nær halvparten av dei 60,3 milliardane som vart brukt på FoU i Norge i 2015.

Store investeringar

Utover næringslivets FoU-innsats vart det utført FoU for 18,7 milliardar kroner i universitets- og høgskulesektoren og for 13,7 milliardar kroner i instituttsektoren i 2015.

Det gir ein auke på 2,7 milliardar kroner frå 2013. Korrigert for lønns- og prisstigning inneber det en realvekst på 11 prosent i toårsperioden 2013 til 2015 og nær 9 prosent vekst frå 2014 til 2015.

Auken i instituttsektoren er på 1,4 milliardar kroner frå 2014.

Store investeringar og ekstraordinære kostnader knytt til pensjon i 2015 bidrog til den sterke auken. Ser ein vekk frå desse forholda, var driftsutgiftene til FoU om lag 700 millionar kroner høgare i 2015 enn i 2014. Det inneber ein nominell vekst på litt under 6 prosent, som gir ein realvekst på vel 3 prosent.

Powered by Labrador CMS