Nyskaping

Studentar ved jordbruksskulen plantar salat.

Verdas vakraste klasserom

Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland opna dørene for kvinnelege elevar same året dei starta opp i 1917, samstundes som nokre av dei mest moderne og nyskapande skulane i Oslo gjorde det same.

Publisert Sist oppdatert

I år er det 100 år sidan den lokale læraren Jens Lunde skipa saman skulen. Trass i truslar om nedlegging, har skulen bestått.

I september vert det feiring tre dagar til ende der skulen blant anna tilbyr tilbakeblikk frå oppstarten, tek pulsen på notida og teiknar eit bilete av framtidsambisjonane.

Skulen vart heiløkologisk landbruksskule for 25 år sidan og er i dag den einaste av sitt slag i Noreg.

– Vi er ein føregangsskule der likestilling sto sterkt frå dag ein. I tillegg var vi dei første til å byrja å bruke kunstgjødsel og dei første som slutta med det, fortel informasjonsansvarleg Spira Svendsen medan ho syner fram skulen som ligg ramma inn blant bratte fjell med snøkvite toppar innerst i Sognefjorden.

Foto Undervising i kompostering og jordfrukbarheit. (Foto: Elisabeth Fagerland)

Nedleggingstrua

Det er berre tre år sidan fylkeskommunen i Sogn og Fjordane trua med å leggja ned den populære økoskulen. Venneforeininga til skulen tok grep og starta kampanjen «Redd økoskulen!» som fekk inn 800.000 kroner frå privatpersonar, bedrifter og organisasjonar.

Staten spytta inn fem millionar krone for å sirka vidare drift, det same gjorde Aurland kommune. Til slutt kom det positive vedtaket i fylestinget: dei bestemte seg for å satse på skulen med 20 millionar kroner. Dei til saman 30 millionane var nok til å gjere dei betringane og utbygging av skulen for å oppfylla dagens krav til offentlige bygg.

Til hausten skal byggjeprosessen ferdigstillast, samstundes som elevane kjem tilbake frå sommarferie og 100 års jubileet vert feira.

– Det sto mellom å investere i framtida eller legge ned. Heldigvis var det tydelige signal frå kommune og stat om at dei ville ha skulen vidare. Fylkes fekk verkeleg augo opp for kor viktig og kjend skulen var i heile landet, seier Svendsen.

Foto Syrisk hage – flyktningar lærer norsk medan dei jobbar på jordbruksskulen. (Foto: Camilla Skjær Brugrand)

Kvar sin kjøkkenhageflekk

Noko av det første som møter ein når ein svingar opp til jordbruksskulen, er ein triveleg, liten gardsbarnehage som ligg midt på tunet. Spiren barnehage vart starta i 1989 av studentar og foreldre ved den økologiske jordbruksskulen. I dag held barna til i det 100 år gamle våningshuset på tunet.

– Borna kunne ikkje hatt det betre. Dei går i fjøset når det er killingar, sausefjøset når det er lam, dei blir kjend med dei forskjellige dyra, får ri på hest og har frukttre, høner, kaninar og ender i hagen, fortel Svendsen entusiastisk.

Dette er eit eksperiment eg ikkje vil vere prøve­kanin i

Alle borna har i tillegg kvar sin kjøkkenhageflekk der dei får dyrke det dei ønskjer. Dei brukar arealet til skulen og går mykje tur opp i skogen, lagar bål og grillar mat. Av og til er det også arrangement der elevanes og barnehageborna sine vegar vert kryssa.

Skulen har det einaste gartneriet i kommunen og ein eigen daglegvarebutikk der to tidlegare elevar sel økologisk og kortreist mat frå nærområdet.

– Vi ønskjer å auke på med vår eigen økologiske snittblomstproduksjon sidan vi ønskjer å kjøpe inn minst mogleg og heller halda det kortreist. Alle produkt vi sel skal være produsert så lokalt og kortreist som mogleg. Butikken er vi veldig stolte av, seier Svendsen.

Foto Ali M. og Ali K er bønder frå Zanzibar på utveksling ved jordbruksskulen. Her saman med den britiske praktikanten Mathew Beasley (i midten). (Foto: Camilla Skjær Brugrand)

Vert fagskule

Foto Elevane vert sendt på stølen kvar sommar for å lære om stølsdrift der dei blant annar mjølkar geiter og ystar ost. (Foto: Elisabeth Fagerland)

Den økologiske agronomutdanninga i Aurland er open for elevar frå heile landet. Skulen tilbyr både Vg2 landbruk og gartnernæring for 28 elevar og Vg3 landbruk økologisk for 24 elevar. Ein må ta Vg1 naturbruk ein anna stad eller syna til tilsvarande erfaring.

– Det er alltid fleire søkjarar enn det er ledige plasssar. Nokre kjem sjølvsagt frå Vg1, men det er også fleire i 20-åra som ikkje har naturbruk, men som har tilsvarande kompetanse fordi dei har jobba frivillig på gard eller vakse opp på gard. Stort sett kjem det elevar i midten av 20-åra hit, seier Svendsen.

Frå hausten av startar skulen også opp med landets første fagskuletilbod i økologisk landbruk.

Dette er ei høgare utdanning som byggjer på vidaregåande utdanning til agroteknikar innan økologisk landbruk på deltid over ti år. Dette skjer i samarbeid med Hvam Vidaregåande og Fagskolen Innlandet.

I tillegg til utdanningstilbod, tilbyr skulen ulike kurs i løpet av året, som til dømes mjølkeforedling.

– Folk kjem frå heile Norge for å lære å yste ost, utbryt Svendsen.

Skulen har også hatt pollineringsretta birøkt, det er for fruktbønder som vil bruke bier for å auke avlingane sine eller for birøktere som vil leie ut kuber til fruktbønder. Honningen frå biene våre vert selt i Gardsbutikken, men den forsvinn ganske fort.

– Vi har bier primært på grunn av pollinering, ikkje honningproduksjon, legg Svendsen til.

Nokre gonger har arrangerer skulen ølbryggingskurs, økoturismekurs, vertsskapskurs, bæredyrkingskurs. Dette varierer med etterspurnad og prosjektstøtte.

Foto To tidlegare studentar driv den økologiske daglegvarebutikken på skulen. Her sel dei berre økologisk og kortreist mat. (Foto: Camilla Skjær Brugrand)

Lærer seg norsk

Sjølv om det fins økologiske jordbruksskular i Danmark, opplever skulen i Aurland ein aukande pågang frå nabolandet.

– Me har også fleire tyskarar som lærer seg norsk for å kunne gå her, fortel Svendsen.

Skulen har også hatt eit treårig samarbeidsprosjekt med Fredskorpset, der dei har hatt utveksling med folk frå Zanzibar. To personar har blitt utsendte til Zanzibar og to frå Zanzibar er i Aurland på utveksling i eit år.

– Dei som har vore her tidlegare har hatt mykje geiter og var interessert i alt frå mjølking til ysting. Ali K. og Ali M. som er her no, er meir interessert i grønsaker samanlikna med dei som var her førre gong. Til dømes måten vi driv med kompost. Det er spennande å ha ulike nasjonalitetar her, det bidreg til eit rikare sosialt liv på garden, seier Svendsen.

Vi er ein føregangsskule der likestilling sto sterkt frå dag ein

Jordbruksskulen har også norskopplæring for syriske flyktningar. I ein del av hagen som har fått namnet «jubileumshagen», ligg det også ein hageflekk som vert kalla «Syrisk hage».

Personar som har behov får arbeidstrening gjennom kommunen på skullen. Dette konseptet vert kalla «Inn på tunet». Det er tilrettelagt arbeid for personar som kan ha vanskar med å komme ut i arbeidslivet.

Eigentleg kan «Inn på tunet» være så mangt; rusavhengige, demente, vanskelegstilte born, psykiske plager, SFO-born. Alle trinna på barne- og ungdomskulen i Aurland kjem kvart semester meir eller mindre for å lære om ulike ting.

Foto Skulen har bier primært på grunn av pollinering, ikkje honningproduksjon, men sel honning frå den lokale gardsbutikken. (Foto: Elisabeth Fagerland)

Opprettheld kulturarven

Foto Kinning av smør i ysteriet. (Foto: Elisabeth Fagerland.)

Over sommaren vert elevane sendt til fjells i tre veker for å lære om stølsdrift. Over mange år har eit alarmerande tal stølar vert lagt ned i Noreg. Tidlegare i sommar meldte Hegnar.no at på hundre år er 99 av 100 stølar blitt lagt ned.

– Det er framleis nokre få som driver med det, men det er ekstremt mange som er lagt ned, seier Svendsen.

Samtidig som det er mykje som skjer på garden med grønsaker om sommaren, får ein handmjølke geiter og yste brunost på ein støl i Aurlandsdalen

– Det er ei motvekt til trenden vi ser elles i samfunnet at mange stølar vert lagt ned. Her lærer du handverket som ein del av undervisninga. Stølsdrift er ein viktig del av kulturarven vår, seier Svendsen.

Elevane deltek mykje på marknadar rundt om i Noreg som ei del av undervisninga. Sal av produkt er ein viktig del av det å være matprodusent.

Blant anna reiser dei på Bondens Marked i Bergen fleire gonger kvar haust. I tillegg er dei på Lærdalsmarknaden, Geilo matfestival og Aurlandsmarknaden kvart år

– Elevane lagar også eit produkt som kjem til sals i Gardsbutikken. Nokre har laga frosne økologiske wok-grønsaker, nokre laga frosen Aurlandspizza, andre laga geiteyoghurt. For bønder er det viktig å få seld varene sine, seier Svendsen.

Foto Grindbygg på Hovdungo. (Foto: SJH)

Cocktail-effekten

Det var helse og bærekraftaspektet som gjorde at Svendsen sjølv fekk augo opp for økologisk mat og jordbruk.

– Anten er du oppteken av helsegevinstane, bærekraft eller dyrevelferd dersom du utviklar ei interesse for økologisk mat. For meg passa det bra med alle tre, seier Svendsen.

Ho forklarer at cocktail-effekten ofte vert trekt fram når ein argumenterer for økologisk mat.

– Når ein tillèt visse sprøytemiddelrestar i mat, fins det ingen grundige studiar som viser samspilleffekten det har med til dømes veksthormon i laks og kylling. Mange meiner matvareprodusentar og myndigheitene driv med eit stort eksperiment ved at ein tillèt restar av så mykje forskjellig og folk vert utsett for alt dette samstundes, seier Svendsen.

Det sto mellom å investere i framtida eller legge ned

I tillegg kjem stoffa i kosmetikken, kledeproduksjonen og forureininga i lufta.

– Ein har ingen kunnskap korleis alt dette verkar saman. Dette er eit eksperiment eg ikkje vil vere prøvekanin i.

Ofte er økologisk mat dyrare og dersom ein ikkje har ein av dei tre motivasjonane eg nemnde, vert det vanskeligare å ta det valet.

– Studiar viser derimot høgare tørrstoff i økologiske nokre grønsaker, då kan ein sei at per kilo gulrot, får du meir gulrot når ein kjøper økologisk og meir vatn når ein kjøper konvensjonell. I meieriprodukt fins det meir av dei sunne feittsyrene i økologiske enn i dei andre, seier Svendsen.

Føre-var-prinsipp

Foto Syrerne lærer norsk medan dei plantar ut i veksthuset. (Foto: SJH)

Svendsen prioriterer alltid økologisk, sjølv når maten er importert, men det er fordi ho ser på mitt kjøp som ei stemme for etterspørselen etter økologis mat.

– Desto større etterspurnaden er, desto meir press blir det for å produsere norsk økologisk etterkvart.

Sjølv har ho fått endra på endra på vareutvalet i mange butikkar.

– Mitt tips er å ta ein positiv tilnærming og lova å spreie ordet dersom butikken vel å høyre på deg. Butikkane og forbrukarane forstår i større grad at dei kan ha ein dialog og påverke. Forbrukarane kan bli høyrd. For meg er det ein sjølvfølge, seier Svendsen.

For ho handlar økologisk mat om å være føre-var.

– Eg syns det er interessant å sjå på sal av barnemat. Over halvparten av all barnemat som vert seld er økologisk i Norge. Det viser at halvparten av foreldre meiner det er ein risiko knytt til vanleg mat eller at dei er føre-var. Dei er vertfall bevisste og tek eit aktivt val om å beskytta dei mest sårbare og minste. For meg er det oppsiktsvekkjande at foreldre på eit eller anna tidspunkt sluttar å kjøpe økologisk mat til barnet, avsluttar Svendsen.

Foto Økoskulen i Aurland. (Foto: Nat Mead)

Økologisk jordbruk

  • Økologisk jordbruk nyttar ikkje kjemisk-syntetiske sprøytemiddel eller kunstgjødsel og sikrar at dyra har meir plass å utfolda seg på.
  • Økologiske gardar følgjer eit tilleggsregelverk i tillegg til det regelverket vanlege gardsbruk må forholda seg til.
  • Det økologiske regelverket sikrar meir plass til dyra, ,eir naturleg fôr til dyra og meir utetid til dyra.
  • Innanfor dei som er sertifiserte som økologisk, fins det ganske stor variasjon mellom kor bærekraftig produksjonen er. Det er ganske stor forskjell å drive etter minimumskrava og drive så kretsløpsbasert som mogleg.
  • Det betyr å ta vare på så mye som mogleg av ressursane. På skulen driv ein mykje med kompostering. Ein prøver å ende opp med minst mogleg avfall og ser alt som ressursar og finn ein måte å tilbakeføre det til kretsløpet. Å kjøpa inn minst mogleg eksterne ressursar.
  • For alle bønder er det eit kompromiss mellom økonomi og stadens ressursar og avgrensingar. Det er mange bønder som ikkje er sertifisert økologisk, men som likevel driv veldig bærekraftig.
  • Det å nytta seg av utmark er bærekraftig. Dette bidreg til å for å få ned kraftfôrimporten.
  • Jordbruksskulen si oppgåve er å være langt framme i utviklinga, formidla kunnskap og vera til inspirasjon.

Kilde: Jord- og Hagebruksskulen i Aurland/Spira Svendsen

Powered by Labrador CMS