KrF-nestleiar og landbruks- og matminister Olaug Bollestad har vore ærlig i samtalar med journalist Kjersti Mjør.
Foto
Annika Byrde / NTB

Fortel ærleg om erfaringar i livet som har prega henne som menneske i ny bok

Publisert: 28. mai 2021 kl 08.00
Oppdatert: 28. mai 2021 kl 08.00

Kvifor har du skreve denne boka?

– Olaug Bollestad er ein fargerik og folkeleg rikspolitikar, som skyr politisk snikksnakk og snakkar rett frå levra. Rogalendingen har gjort lynkarriere i norsk politikk. Då ho debuterte som lokalpolitikar i kommunestyresalen i Gjesdal, var ho 42 år - og hennar første kommunestyremøte var det første politiske møtet ho nokon gong hadde vore på. I dag er ho nestleiar i KrF, snart 60 og landbruks- og matminister.

– Bollestad er eit menneske det er uråd å stilla seg likegyldig til. Ho er upolert, eit kjenslemenneske, og Bollestad er blitt dronning på Instagram med sine usensurerte, livselskande oppdateringar frå kvardagane sine. Ho skil seg ut, og ho bryt med stereotypien mange har om rikspolitikarar generelt og KrF-politikarar spesielt.

Kva er de viktigaste poenga i boka?

– Bollestad lever opp til tittelen «Snakk sant om livet», som også er hennar livsmotto. Det var ingenting eg som forfattar ikkje kunne spørja henne om. Ho fortel ærleg om erfaringar i livet som har prega henne som menneske.

– Ho fortel om oppveksten med ei psykisk sjuk mor, om #metoo i misjonen og samlivet med mannen Jan Frode. Ho fortel om dei politiske kampane, og frodige Bollestad kvir seg heller ikkje for å snakka ope om kropp, sex og menneskelege relasjona.

Saken fortsetter under annonsen

Kva nye synspunkt eller teoriar presenterast?

– I boka får vi Bollestad sin versjon av det som skjedde under retningsvalet til KrF - som førte til at KrF-leiar Knut Arild Hareide gjekk av.

– Ho fortel også om eigne erfaringar - som ung nytilsett i misjonen - med ein leiar som gjekk over grensene, noko som prega henne sterkt i vaksenlivet og ekteskapet. Bollestad forklarar kvifor det vart viktig for henne å ta eit oppgjer med misjonen seinare. Å veksa opp med ei psykisk sjuk mor er likevel kjerneforteljinga i Bollestads liv.

Kva utfordringar møtte du under arbeidet med bokprosjektet?

– Bollestad er først og fremst ein travel minister! Å få plass i timeplanen hennar var ei utfordring i seg sjølv. På grunn av koronaen skjedde dei siste møta våre på telefon. Det er ikkje ideelt, men eg opplevde at våre timelange telefonsamtalar var like nære og oppriktige som når me sat andlet til andlet.

– I boka fortel Bollestad si historia i eg-form, og det innebar at eg som forfattar måtte gå inn i Olaug-modus, «bli Olaug», som forteljar. Eg har høyrt på opptaka frå samtalane våre om og om igjen, for å prøva å gjenskapa hennar måte å fortelja på - hennar temperament, seiemåtar og djupe alvor, men også humoren som aldri er langt unna.

– Bollestad er ein fantastisk forteljar og spenner opp eit stort lerret! Kvar gong eg utfordra henne på vanskelege tema, opplevde eg at ho sette pris på det - fordi ho er ein person som ønskjer å utforska livet sitt, forstå, gå djupare. Det er ei gåve til ein forfattar.

Saken fortsetter under annonsen

Kva vil du oppnå med boka?

– Eg håpar at lesarane vil reflektera over eigne liv når dei les «Snakk sant om livet». Kva har forma oss, kvifor har me blitt til dei me er blitt? Torer me å snakka sant til våre nærmaste om kven me er, om kvifor me handlar og reagerer som me gjer? Bollestad er ei klok kvinne, og ho gir lesarane råd om alt frå samliv og klar tale til barneoppdraging og om å takla livskriser.

Kva vil du at lesaren skal sitje igjen med etter å ha lest boka?

– Ønsket om å forstå sitt eige liv, viljen til å bearbeida eigne erfaringar og bli forsonte med den me er blitt. At me skal tora å snakka med kvarandre om det som har forma oss. Sjølv har eg fått mange aha-opplevingar etter samtalane med Bollestad. Sjølv har eg lært mykje av samtalane med Olaug Bollestad.

Kan du nemna éin person du håpar les boka – og kvifor?

– Eg håpar at menneske som har vakse opp med ein psykisk sjuk forelder, kan finna håp og trøyst i Olaugs forteljing - og kanskje også ei slags forsoning.

Saken fortsetter under annonsen

Finst det ei bok du vil anbefale andre å lesa – og kvifor?

– «Som pesten» av Hanne-Vibeke Holst. Eg les aldri science fiction- og fantasy-romanar, men denne boka, som kom ut i 2017, er ei så drivande og så «på kornet»-framstilling av pandemien som kom tre år seinare, at det tok pusten frå meg. Romanen er reine filmmanuset!

Kva forfattar har betydd mykje for deg – og kvifor?

– Å, det er så mange! Men den første eg tenkjer på, er Raymond Carver. Språket er nøkternt og så lada på same tid, som i novellesamlinga «What we talk about, when we talk about love». Den norske motsatsen til Carver må vel vera Frode Grytten?

Kva er det viktigaste du har lært under koronapandemien?

– Kor priviligert eg er. Eg er 56 år, har jobb, hevar løn, har varme, mat i kjøleskåpet og Netflix medan pandemien rasar der ute. Men eg tenkjer på ungdom som må setja livet på vent, og på eldre som har døydd utan sine næraste rundt seg. Samtidig er dette ei historisk tid, og det er unekteleg interessant å oppleva korleis ein pandemi kan snu samfunnet på hovudet.

Om du måtte velge?
 

Jo Nesbø – Karl Ove Knausgård

Espresso – Filterkaffe

Musikk – Podkast

Avis på papir – Avis på nett

Skavlan – Lindmo

Dagens Næringsliv – Klassekampen

Åsne Seierstad – Tor Bomann-Larsen

Lese bok – Høyre bok

Sakprosa – Skjønnlitteratur

Film på kino – Film heime

Ved sjøen – På fjellet

Saken fortsetter under annonsen

 

Kjersti Mjør (56)
søn 20.02.2022 23:47
  • Yrke: Jorurnalist og forfattar
  • Utdanning: Universitetet i Bergen (cand.mag)
  • Bustad: Bergen
  • Aktuell med: «Snakk sant om livet» - Biografi om Olaug Bollestad
  • Forlag: Samlaget
  • Sidetal: 150