Samfunn

Auke i eksportprisen for fersk laks

Den nest siste veka 2016 var eksportprisen for fersk laks 73,09 kr/kg. Dette er ein auke på 5,5 prosent samanlikna med veka før.

Publisert Sist oppdatert

Eksportkvantum for fersk laks i veke 51 enda på 15.026 tonn, ned 22,7 frå veka før då volumet var 19.450 tonn.

Statistisk sentralbyrå påpeikar at veker der jul og nyttår inngår, normalt viser låge eksportkvanta.

I veke 51 vart det eksportert 363 tonn frosen laks, og prisen var 69,34 kr/kg.

Powered by Labrador CMS