Samfunn

Illustrasjonsfoto.

Foreldre betaler 4,9 prosent meir til barnehagane

I januar 2018 betalte eit gjennomsnittleg norsk hushald knappe 2 500 kroner månadleg for ein barnehageplass.

Publisert Sist oppdatert

I tillegg vart det i snitt kravd inn drygt 300 kroner per barn for å dekkje kostpengar og andre tilleggsutgifter. Til saman betalte hushalda 4,9 prosent meir enn på same tid året før, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.

I statistikken Foreldrebetaling i barnehagar kjem det fram at eit fulltidsopphald i norske barnehagar i eitt år, inkludert kostpengar og andre tilleggsutgifter, i snitt kosta nærare 31.000 kroner i januar 2018.

I tillegg er det og teke høgde for friplassar i berekningane, som er med på å trekkje ned dette gjennomsnittstalet noko. Den gjennomsnittlege årsprisen har dermed stige over 1400 kroner sidan januar 2017.

Høgare makspris

Auken i gjennomsnittleg betalingssats kan sjåast i samanheng med at maksprisen vart heva frå 2730 kroner til 2910 kroner per månad frå januar 2018. Dette svarar til ein nominell auke på 6,6 prosent.

Ettersom dei fleste kommunane fylgjer nasjonalt bestemt makspris, er dette ein viktig bidragsytar til auken i barnehagebetalinga for gjennomsnittshushaldet.

Faktorar som bidreg til at snittbetalinga ikkje aukar like mykje som maksprisen, er blant anna moderasjonsordningane for familiar med låg inntekt. Desse hushalda har redusert foreldrebetaling som også dreg ned snittbetalinga.

Meir å betale for maten

Ifølgje forskrifta om foreldrebetaling kan barnehagane krevje inn kostpengar i tillegg til maksprisen. 97 prosent av alle barnehagane rapporterer at dei krev inn kostpengar i tillegg, medan 7 prosent også tek betalt for andre utgifter, slik som turar eller aktivitetar.

Delen barnehagar som krev inn kostpengar, er noko større for kommunale enn for private, medan det er ein større del private barnehagar som opplyser at dei krev inn andre tilleggsutgifter dekka av foreldra.

I januar 2018 var summen av kostpengar og andre tilleggsutgifter så vidt over 300 kroner. Det er 4,5 prosent meir enn i januar året før.

Powered by Labrador CMS