Fra papirutgaven

Kirkenes ligg ikkje langt frå grensa til Russland, og det er mykje kontakt over grensa. Byen har gateskilt på norsk og russisk, men det finst ikkje noko fullt utvikla «russenorsk» språk.

Verdas ­språkdans

Nye språk vert utvikla heile tida, medan gamle språk forsvinn. Å skulle telje dei er bortimot umogleg, hevdar språkforskar Jan Terje Faarlund.

Publisert Sist oppdatert

I ei dansk undersøking er konklusjonen at det er 8.475 språk i verda. Jan Terje Faarlund, språkforskar av Universitetet i Oslo, er kritisk.

– Det vert som å telje skyer på himmelen ein dag det er overskya, seier han.

Faarlund finn det høge talet overraskande av to grunnar. For det første er talet mykje høgare enn ein som oftast reknar med. Den andre grunnen er at det ikkje er mogleg å gje eit nøyaktig tal på den måten fordi det er umogleg å trekkje ei klar grense mellom dialekter av same språk og forskjellige språk.

8.475 språk

Det vanlegaste anslaget på talet på språk i verda ligg mellom 6.000 og 7.000, ifølge Faarlund. Berre i Europa har vi rundt 150 forskjellige språk.

Norsk, dansk og svensk – eit språk?

Det finst to måtar å definere eit språk på, forklarer Faarlund. Etter eit vitskapleg kriterium har vi to forskjellige språk dersom dei ikkje er gjensidig forståelege. Dersom språkbrukarane kan forstå kvarandre, har vi ulike dialektar av same språk.

– Det at vi nordmenn kan snakke med danskar og svenskar på vårt språk og bli forstått, betyr at norsk, dansk og svensk er eitt språk. Det er dialekter av det same språket, seier språkforskaren.

Men ein må ikkje gløyme at språk òg er eit politisk omgrep. På denne måten vert desse tre språka, som alle har eit eige skriftsspråk, til tre separerte språk.

– Difor vert det umogleg å telje språk på den måten som den danske undersøkinga syner til.

Foto – I framtida trur eg ikkje at verdas befolkning berre kjem til å snakke eit språk, men det vert nok færre av dei små språka, seier språkforskar Jan Terje Faarlund. Foto: Universitetet i Oslo

I tillegg til dansk, norsk og svensk, har vi også samisk i Skandinavia. Samisk består truleg av heile ni forskjellige språk, kor tre av dei vert snakka i Noreg.

– Samane på Rørosvidda forstår ikkje samane i Finnmark fordi dei har forskjellige samiske språk, poengterer Faarlund.

Kolonimakter trekte grenser

Forskinga frå Aarhus Universitet i Danmark, som er omtala på nettsidene til Science Nordic, syner at sjølv om det vanlegaste er at eit land har to til tre språk, finst det nokre land som har opptil 200 språk. Døme på dette er land som USA, Kamerun og Nigeria. Årsaken til at nokre land har fleire språk enn andre, er fordi dei består av fleire folkegrupper.

– Danninga av statar er eit relativt nytt fenomen. Nasjonalstatar oppstod etter mellomalderen og store deler av den tredje verda var koloniar fram til 1900-talet. Dei hadde meir eller mindre tilfeldige grenser, fortel Faarlund.

Kolonimaktene trekte grenser seg i mellom i Afrika, Mellom- og Sør-Amerika, og til dels i Asia. Då var det heilt tilfeldig kva folkegrupper og språk som hamna innanfor dei ulike landa.

– I Europa er det berre eit land som ikkje har ein språkleg minoritet, og det er Island.

Språk forsvinn

Språkforskarar stiller seg pessimistiske til at det breie språkmangfaldet vi har i dag vil overleve. Folk vel gjerne å snakke eit språk som gjev betre arbeidsmoglegheiter og gløymer gjerne at dette ikkje betyr at dei treng å ta farvel med morsspråket.

Nokre forskarar fryktar at 10 prosent av verdas språk vil forsvinne i løpet av dette århundret. Det meiner Faarlund er altfor optimistisk. Han meiner at heile 50 prosent av verdas språk kjem til å slutte å eksistere. Nokre reknar til og med at i løpet av to generasjonar så vil 70 prosent av verdas språk vere vekke.

– Fok vil slutte å bruke dei små minoritetsspråka til fordel for det nasjonale språket.

For ein generasjon tilbake nekta mange samiske foreldre å snakke og lære vekk samisk til borna sine. Dette gjorde dei i beste meining, fordi dei meinte at borna vil ha store handikap i samfunnet dersom dei snakka samisk.

Foto På slaveplantasjane i USA måtte slavane lære og tilpasse seg språket til plantasjeeigarane og utvikla etter kvart sin eigen grammatikk. Biletet viser eit litografi som av George Washington blant afroamerikanare som jobbar med innhøsting. Foto: Wikimedia Commons/Library of Congress

– Når samiske og andre minoritetsforeldre ikkje har lært barna sine sitt eige språk, kjem det gjerne av at dei trur at ein lyt velja anten det eine eller det andre språket. Dette er ei vanleg misforståing. Menneskehjernen har plass til mange språk, og tospråklegheit er ikkje noko problem. Mange stader er dét det normale, som til dømes i Afrika, der barn kan vekse opp med både to og tre språk, og kanskje fleire språk.

På eit tidspunkt var samisk på veg til å forsvinne heilt, men heldigvis har dette endra seg. I dag er samar seg meir bevisste kor viktig det er å halde på eige språk. I andre deler av verda er situasjonen meir alvorleg. Der kan det vere forbode å bruke minoritetsspråk.

– Slik var det på 50- og 60-talet i Noreg også. Samar fekk juling på skulen dersom dei snakka samisk, minner Faarlund om.

Har ikkje skriftsspråk

Peter Bakker frå universitetet i Aarhus skriv hjå Science Nordic at deti snitt vert eit språk snakka av mellom 3000 og 5000 personar. Derfor er norsk, som er snakka av litt meir enn 5 millionar menneske, faktisk eit av dei største språka i verda – større enn 90 prosent av alle verdas språk.

– Dei fleste av dei 7000 språka som finst i verda har ikkje eit skriftspråk. Det finst ingen bøker eller undervisning i skulen i språket. Dersom barn i Amazonas-jungelen skal byrje på skule, må dei lære seg spansk eller portugisisk. Dei har ingen sjanse til å utvikle sine eigne stammespråk, seier Faarlund.

I tillegg peikar Faarlund på at globalisering og media gjer at fleire går over til å snakke det som er majoritetsspråket i landet. Folkegruppene bur kanskje i isolerte områder som dei vert tvinga til å flytte frå for å i det heile teke overleve.

Russland er eit land med mange ulike språk. I Sibir finst det fleire språk, men moglegheitene for å livnære seg er små, difor flyttar dei gjerne til meir sentrale strøk. Då må dei nytte seg av russisk.

Latin lever vidare

Antikkens språk latin er eit av språka som har overlevd trass i at ingen har det som offisielt skriftspråk i dag. Faarlund forklarer at det fins nokre få slike eksempel kor språk har overlevd.

– Det ville ikkje ha overlevd om det ikkje var hovudspråket i eit stort rike. Grunnen til at det har overlevd var at det var den katolske kyrkjas språk. Dermed har det overlevd som liturgisk språk.

Latin var også vitskapens språk i Europa fram til midten av 1800-talet. Fram til då skreiv studentar doktorgradavhandlingar på latin.

– Latin var i ein veldig privilegert situasjon. Før Romerike var latin berre eit lokalspråk i byen Roma og området rundt, medan andre deler av Italia nytta andre språk. Alle desse andre språka har forsvunne.

– Trur du vi kjem til å ende opp med eitt felles språk i heile verda?

– I framtida trur eg ikkje at verdas befolkning berre kjem til å snakke eitt språk, men det vert nok færre av dei små språka. Mange av dagens språk står sterkt fordi dei har eit skriftsspråk, eit språkråd og eit skulevesen. Eg trur ikkje det norske språket er trua. Dersom alle skulle byrje å snakke same språk – noko eg ikkje trur vil skje, trur eg det ikkje hadde blitt engelsk, men heller mandarin eller spansk.

Foto På eit tidspunkt var samisk i ferd med å forsvinne, men dette har endra seg. Folk er no meir opptekne av å bevare og bruke det samiske språket. Illustrasjonsfoto: Ein samisk reineigar i området ved Honningsvåg. Foto: Zhykharievavlada/Dreamstime

Utviklast over generasjonar

Pidgin-språk er eit språk som oppstår som eit hjelpespråk der folk kjem saman utan å forstå kvarandre. Denne språkforma er ikkje eit ordentleg språk, men mange stader i verda oppstår slike blandingsspråk. Eit godt brukt døme er slaveplantasjane i USA. Der måtte slavane lære og tilpasse seg språket til plantasjeeigarane og utvikla etter kvart sin eigen grammatikk.

– Neste generasjon som veks opp og høyrer dette språket lærer det som eit fullkommen språk, som eit morsmål. Menneske har ei medfødd språkevne og evne til å lære grammatikk. Barn lærer språk ikkje ved å herme etter det dei høyrer rundt seg, men ved å bruke det dei høyrer til å og lage sin eigen grammatikk ut i frå den medfødde språkevna, seier Faarlund.

Dette språket, som som er ei videreutvikling av pidgin-språket og oppstår i generasjonen etterpå, kallast kreolspråk. I dag finst det 100 såkalla kreolspråk.

Russenorsk er eit døme på et pidginspråk somaldri vart utvikla til å bli eit fullkommen kreolspråk. Årsaka til det var at nordmenn og russarar kunne reise tilbake til kvar sitt land og snakke sine eigne språk. Det var ingen barn som vaks opp på handelsplassane rundt Kolahalvøya som lærte å snakke russenorsk.

– Det som gjorde russenorsk spesielt var at det var ein kontakt mellom to likeverdige partar. Det var ikkje snakk om ein samankomst mellom slavar og slavedrivarar, forklarar Faarlund.

Endrar meining

Eit av aspekta ved språktilhøva i Noreg som har festa seg hjå Faarlund er at nordmenn har byrja å bruke ein del norske ord med engelsk tyding. I dag finst det fleire ord som er felles for norsk og engelsk, men som har ulik tyding.

Eit ord som har eksistert ganske lenge er ordet «karakter» om ein person i ein film eller skodespel. Karakter betydde tidlegare noko heilt anna på norsk enn det engelske «character». I dag vert det brukt på same måte på norsk, som på engelsk.

– Ordet «sete» i parlamentet er eit anna døme. Ein snakkar om kor mange seter eit parti fekk i ei utanlandsk nasjonalforsamling fordi det heiter «seats» på engelsk. På norsk heiter det plassar, seier Faarlund.

I Norge har eit parti vist mange plassar eller mandat i Stortinget.

– Kva fasinerer deg med språkforsking?

– Det mest spennande med språkforsking er å sjå kor like, samstundes kor forskjellige alle språk er. Å kunne sjå dei underliggjande strukturane i ulike språk og sjå at dei har mykje til felles. Barn er som sagt fødde med medfødd språkevne, den er lik hos alle menneske. Det vil sei at eit barn som vert adoptert frå Kina vil verte like norskspråkeleg som eit barn som er født i Norge. Det finst noko universelt i alle språk.

Powered by Labrador CMS