Samfunn
Ungdom søkjer landbruket
Den positive trenden med aukande interesse for landbruksfag held fram.
Blant søkjarane til høgare utdanning er det i år fjorten prosent fleire som har landbruksfag som sitt første val samanlikna med i fjor. Det viser tal frå Samordna Opptak som blei lagt fram i dag.
Tal frå Samordna Opptak viser at 460 studentar har hatt landbruksfag som sitt første val.
– Dette er gode tal. Det er tydeleg at ungdommen trur på ei framtid i landbruket. Konkurranse om studieplassane gir godt motiverte studentar, og det vil gi studiane meir prestisje. Det bør føre til gode resultat, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.
Ved Norges Miljø- og Biovitenskaplege Universitet (NMBU) har det vore ei auke på tilsaman 21 prosent i talet på fyrstevalssøkjarar til landbruksfaga, der husdyrvitskap aleine har ei auke på 60 prosent. Ved Nord Universitet er det ei auke på tilsaman 18 prosent i talet på fyrstevalsøkjarar.
Ved Høgskolen i Innlandet har antalet auka med om lag fem prosent. Ved Høgskolen i Innlandet kjem i tillegg årsstudiet i økologiske landbruk som er lagt opp som eit samlings- og nettbasert studiet på deltid. Det har blitt svært populært dei seinare åra. Også i år har det være svært høge tal til dette studiet.
– Eg er glad for interessa for landbruksfaga i høgare utdanning auker. Dette stemmer også med den positive utviklinga vi har sett i den vidaregåande skulen. Vi treng utdanning på alle nivå innan landbrukssektoren for å møte dei utfordringane vi står overfor og nytte dei moglegheitene som ligg i landbrukssektoren, seier landbruks- og matminister Dale.
Rekruttering til anna grøn utdanning
«Overgangen til et grønt samfunn med ein effektiv bioøkonomi fordrar eit bredt spekter av fagkompetanse, både innanfor og utanfor det som kan defineras som biobaserte fag. For at landbrukssektoren skal være ein del av løysinga på klimautfordringane, er det difor også naudsynt å sikre kompetanse innanfor andre relevante fag,» skriv regjeringa i ein pressemelding.
Rekruttering til til dømes matvitskap, biologi, bioteknologi, fornybar energi og økologi og naturforvaltning auka med tilsaman 11 prosent frå 323 til 357 førstegangssøkjarar.
– Alt dette er med på å leggje eit godt grunnlag for at landbruksnæringa framover kan få naudsynt kompetanse, og det vil også bidra til å sikre overgangen til ein biobasert økonomi, seier landbruks- og matminister Dale.
Nylige artikler
Når vi snakker forbi hverandre – hva forskning sier om kommunikasjon i organisasjoner
ILO-klage avvist – nå går turen til Europarådet
Høyesterett stopper den politiske styringsiveren
Iran advarer USA mot å gå inn i Hormuzstredet
Listhaug om TV2s skjulte opptak: – Den debatten får mediene ta
Mest leste artikler
Stortinget bremser kjønnsaktivisme i Bufdir: Hva betyr det?
Slik kan du som leder ta vanskelige samtaler med ansatte
Jonsborg/Johansen: Hvordan psykologisk trygghet kan øke innovasjonsevnen i norsk arbeidsliv
Politiledere støtter kortere politiutdanning for å løse bemanningskrise
Kraftkrise i Nord-Norge: Politisk ansvar og nødvendige tiltak