Fra papirutgaven

Digitale opplevingar og samtalar er eit tastetrykk unna, men ein kan vere einsam sjølv om ein har eit hundretal digitale følgjarar.

Digital ­einsemd

Eit klapp på skuldra. Ei lett berøring mellom kjende. Dét kan ha positiv effekt på helsa vår, viser ny studie. Kontakt på sosiale media kan ikkje erstatte det å møte andre menneske.

Publisert Sist oppdatert

Eit spøkelse-varsel poppar opp på telefonskjermen. Biletet som dukkar opp på appen Snapchat viser ein oppgitt vetlebror som skal ut i haglevêr på den nye sykkelen sin. Eg sender ein (forhåpentlegvis) oppmuntrande sjølfi med «tommel opp».

Slik går kommunikasjonen mellom meg og syskena mine, vener og no også foreldra mine.

Sjølv om eg er milevis unna, når eg dei med eit tastetrykk. Ein må faktisk ikkje løfte ein finger for å nå dei ein ønskjer å prata med. Ved hjelp av kunstig intelligens som Apple si Siri eller Amazon si Alexa treng ein berre fortelje telefonen eller apparatet kven ein vil ha kontakt med, for så å få bestemor på høgtalar. I einsame stunder er det tryggande å vite at det er uendeleg mange måtar eg kan få kontakt med dei næraste på gjennom nye, sosiale appar som gir løfte om å bringe menneske «nærare kvarandre».

Men gjer dei eigentleg det? Kva med den fysiske kontakten? Den lange klemmen, klappen på skuldra eller eit varmt smil over ein kopp te, er ikkje mogleg å få til gjennom desse såkalla sosiale digitale tenestene. Ein kan sitte i sin eigen heim og kommunisere med menneske frå heile verda via teknologi. Likevel sit ein fysisk sett heilt åleine. Betyr det at ein er einsam?

Ei lett berøring

Ei lett berøring mellom kjende, uansett om den er kortvarig, kan ha ein vedvarande positiv effekt på helsa vår. Det viser studien «The role of touch in regulating inter-partner physiological coupling during empathy for pain», som vart publisert i det internasjonale tidsskriftet Nature.

1 av 5

Fleire enn kvar femte av oss kjenner oss einsame, ifølge helsenorge.no.

Berøring kan, ifølge den same studien, brukast som eit verktøy for å kommunisere empati og kan resultere i ein smertelindrande effekt. Evna til å synkronisere oss med andre menneske er dessutan heilt avgjerande for sosial utvikling.

Kommunikasjon – med vetlebror, bestemor og andre – skjer i aukande grad gjennom ein skjerm. Kan denne typen samhandling føre til at kvaliteten på relasjonane vert redusert fordi den fysiske kontakten forsvinn? Vi spør Aksel Inge Sinding, psykolog ved Institutt for Psykologisk Rådgivning Oslo (IPRO).

– Emosjonell nærleik kan bli redusert, men einsemd kan også bli redusert, dermed vert ikkje folk automatisk einsamme på det overordna plan, men det er snakk om ei anna form for einsemd, forklarar psykolog Sinding.

Mange kjem til han og fortel at sjølv om dei har mange vener, hundrevis av følgjarar på sosiale media, mange å snakka med og kjærast, kjenner dei seg framleis einsame. Dei forstår ikkje kvifor. Den naturlege reaksjonen vert å invitera endå fleire menneske inn i livet. Dette meiner psykologen derimot kan verke mot hensikta.

– Det viktigaste ein treng frå medmenneske, er at ein vert teken vare på og er trygg. Då er det naudsynt med den emosjonelle kontakten. Medisinen mot å kjenna seg skild fra andre, er å vise sin eigen sårbarheit og negative kjensler til andre, å blotleggje dei og vise dei reint fysisk, slik at andre ser dei og gir ein respons tilbake.

Meir skadeleg enn overvekt

Einsemd er meir skadeleg enn overvekt, skal ein tru amerikanske forskarar som gjennom 218 studiar har sett på helseeffekten sosial isolasjon har på menneske. Studien viser at einsemd kan føre til sjukdom og auke sjansane for ein tidleg død med heile 50 prosent.

«Det å vere fysisk saman med andre menneske i ei sosial setting er eit grunnleggjande menneskeleg behov -det er avgjerande for trivselen og overlevinga vår,» seier rapportforfattar og psykolog ved Brigham Young University, Julianne Holt-Lunstad til avisa The Telegraph.

Foto Det å kommunisere gjennom digitale verktøy er nedregulerande. Ein kjenner mindre på dei vanskelige kjenslene, forklarer psykolog Aksel Inge Sinding. Foto: Aurora Hauge Nordnes

Berøring kan nyttast som eit verktøy for å kommunisere empati. Fysisk kontakt kan til og med ha ein smertelindrande effekt, hevdar helsejournalisten Cindy Lamothe i The Guardian. Ho argumenterer for å bruke tida på kafébesøk saman med vener i staden for skjermtid i kampen mot einsemd.

– Fysisk kontakt er kjempeviktig for å førebyggje psykiske problem. Menneske treng menneske, seier psykolog Aksel Inge Sinding, og viser til at den store forskjellen mellom menneske og dyr er at menneske er enormt knytta til flokken sin.

– Evolusjonen har gjort at ein har innebygde signal for å sei ifrå når vi ikkje er ein del av fellesskapet, nemleg kjenslene våre. Med ein gong vi føler at vi ikkje er ein del av flokken, er det nærast eit hardkoda system i genane våre som seier ifrå. Fysisk kontakt er viktig for å kjenne seg nær andre menneske, fastslår psykologen.

Han seier det er tre måtar ein kan vise at ein er nær andre på: Det er ved å seie at ein likar den andre, ved å bruka tid på den andre og ved fysisk kontakt.

Sinding forklarer at det å bli tatt på har ein beroligande effekt i seg sjølv. Dette ser han spesielt hos barn. Ifølge psykologen får barn som veks opp utan fysisk berøing mange fleire psykiske problem samanlikna med andre.

Usynleg einsemd

Sinding, som altså meiner å sjå at einsemd utspelar seg annleis enn før, forklarer at det er to former for einsemd. Den eine forma handlar om å ikkje ha nokon nære fortruande rundt seg og eit sosialt nettverk. Den andre forma for einsemd handlar ikkje om å vere åleine, men om emosjonell einsemd. Ein føler ikkje at ein har ein kontakt med omgivnaden som betyr noko.

– Denne typen einsemd vil vere meir usynleg. Det er snakk om å kjenne seg einsam i mengda. Du kan ha mange vener og folk å snakke med på sosiale media, men desse relasjonane har inga emosjonell djupn. Denne forma for einsemd er noko eg ser ein auke i, og det er mange som slit med denne forma for einsemd.

Regulerer ned kjenslene

Det å kommunisere på ein emosjonell måte handlar ikkje berre om å snakke. Det handlar om å snakka om ting som er vanskeleg og om å vise det. Det er forskjell på å snakke om at ein er lei seg og å vise at ein er trist.

– Det er definitivt enklare å syne kjensler når ein er i same rom enn når ein chattar eller sender Snapchat-meldingar med nokon. Å snakke gjennom telefon kan vere enklare igjen, seier Sinding.

Han forstår derimot at folk ofte tyr til chat, tekstmeldingar og e-post når dei skal fortelje om noko som dei opplever som tøft å stå i. Det å kommunisere gjennom teknologiske verktøy har nemleg ein veldig sentral funksjon: det regulere ned kjenslene våre.

– Det er lettare å skrive om noko du skammar deg over til nokon enn å ta det opp ansikt til ansikt. Kommunikasjonen skjer gjennom skjermen. Det ser ein tydeleg på nettaviser, kor folk slenger ut heilt forferdelege ting i kommentarfelta.

Foto Ein kan vere einsam sjølv om ein alltid er «logga på». Foto: Foto: Victoriano Izquierdo on Unsplash

Det at kommunikasjon gjennom digitale verktøy er nedregulerande betyr at ein kjenner mindre på dei vanskelege kjenslene. Slik sett kan det kanskje vere bra å kommunisere digitalt? Det vert mindre tabu, ein kan melde frå om ting og ein kan ta kontakt med andre utan at det vekkjer for mykje kjensler.

– Terskelen vert lågare, med kvaliteten vert ikkje den same fordi ein er nedregulert. Vi bør bruke fordelane teknologien gir oss for å vere meir opne, søkje kontakt og bryte ned tabua, men vi treng framleis ansikt-til-ansikt kontakten for å få fram kjenslene som er meint å delast. Alle kjensler er meint for å vere mellom menneske. Det er ingen kjensler som er meint for å vere åleine, sier psykologen.

Digital resept

Vi kommuniserer ofte gjennom e-post og sosiale media og det er mange stader blitt færre lokale møtepunkt som pubar og kafear. Samstundes har menneske ein ibuande trong til fysisk kontakt. Mange er nære kvarandre.

– Det er ein trend at vi blir meir og meir opne for å vise kjærleik i det offentlege rom. Ungdom tek mykje på kvarandre; ein klemmer i staden for å ta kvarandre i handa. Men eg vil anta at den fysiske kontakten mellom menneske alt i alt har blitt redusert, seier Sinding.

Auka digital interaksjon gjeld også når ein skal ha tak i profesjonell hjelp. Ein kan få utskrive reseptar utan å fysisk vere i same kontor som fastlegen og ha psykologitimar gjennom chat. Dette gjer det enklare for mange å få hjelp.

– Det aukar tilbodet og senker terskelen for å ta kontakt, men det betyr ikkje nødvendigvis at det aukar kvaliteten. Dei teknologiske verktøya er ikkje eit alternativ, men eit verktøy for å møtast, seier Sinding.

Emosjonell kvalitet

Sinding har sjølv hatt terapitimar gjennom både telefon og video. Han forklarer at pasienten gjennom telefonterapi slepp å sjå han, noko som verkar nedregulerande. Samstundes har ein framleis den menneskelege kvaliteten ved å høyre kjenslene gjennom stemme, pust og toneleie.

– Min erfaring er at ein kan kjenne mykje på kjensler gjennom denne teknologien.

Tekst og chat vert derimot noko heilt anna, meiner psykologen. Her mistar ein ikkje berre ansiktet og kroppsspråket, men også tone og stemmekvalitet. Ein har heller ikkje moglegheit til å gi umiddelbar respons.

– Kvaliteten blir dårligare når kommunikasjonen ikkje skjer ansikt til ansikt. Alle teknologiske verktøy i forbindelse med psykisk helsehjelp må sjåast på som eit supplement og dekke dei områda der vi i dag kjem til kort, ikkje som ei erstatning for det som i dag fungerer. Den viktigaste bodskapen min er at det handlar ikkje berre om ein er fysisk nær eller ikkje, det handlar om kvaliteten på den emosjonelle kontakten.

Powered by Labrador CMS