Fra papirutgaven

Illustrasjon: Dreamstime

Motivasjonsapp fjernar skam

Slutta å snuse, springa meir på tredemølla og kutta ut McDonalds-middagar er bere nokre av måla folk set seg ved inngangen til eit nytt år. Kan ein motivasjons-app hjelpe oss til å nå måla?

Publisert Sist oppdatert

Treningsmedlemskap blir betalt og ruta heim frå jobb går ikkje lenger forbi burgersjappa. I staden tek du dei ekstra meterane som fører deg til det nye gatekjøkkenet som berre serverer veggismat. Men når januar blir til februar og februar er blitt til mars, blir vegen til treningssenteret berre lengre og lengre. Trea blir litt grønare og vegen har ikkje lenger eit livsfarleg lag med is over seg. Men motivasjonen sviktar, og på dette tidspunktet vel stadig fleire å laste ned ulike appar for å holde motivasjonen ved like.

Kan det hjelpe?

Psykolog og skapar av helse-appene SuperEgo, Svein Øverland, forklarar at telefonen og appar er blitt ein del av menneskekroppen. At det er ei utviding av handlingsrepertoaret vårt. Dei fleste appar er bygd på same måte som spel: du får premie og du kan dele dine prestasjonar med andre.

– Appar hjelp oss med å styre impulsane våre. Noko vi menneske generelt ikkje er flinke til. Appane lærer oss nettopp å sei nei, få oversikt, tenkje og får oss til å gjere ting som er vanskelig om vi berre skulle brukt våre eigne tankar. Dette gjeld alle appar – frå trenings-appar til appar som hjelp oss å redusere miljøutsleppa våre, forklarar Øverland.

84 prosent

av ungdommar ønskjer meir digital helseinformasjon

Redusera miljøfotavtrykk

Nyleg lanserte IKEA Bærekraft i samband med Naturvernforbundet og gründerbedrifta Ducky i Trondheim ein klima-app som skal motivere familiar til å redusere sine klimautslepp. Miljøinitiativet «Hjemmets klimamål» er ein steg-for-steg mal for norske husstandar for korleis klimamåla kan bli nådd.

– Det er eit banebrytande skifte som gjer det enklare å sjå korleis me som enkeltpersonar kan redusera vårt klimafotavtrykk. Me som forbrukarar av produkt og tenester er dei einaste som effektivt kan redusera utsleppa, seier Anders Lennartsson, dagleg leiar for IKEA Bærekraft.

Miljøkalkulatoren kjem med enkle tips for å etablera gode vanar. Naturvernforbundet har gitt råd om ei rekkje tiltak som familiar kan setja i verk for å redusera utsleppa sine.

– Det er motiverande å sjå resultat av eigen innsats i ein slik app. Forsking syner faktisk at slike «kalkulatorar» hjelp til å måla om det du gjer er riktig og har en viss effekt på motivasjonen og handlingane til folk, seier Maren Esmark, generalsekretær i Naturvernforbundet.

Ein familiesak

Familien Styrmoe har testa appen for å sjå om dei klarte å gjere haldningar om til reell handling ved hjelp av klimakalkulatoren. For dei var det viktigaste at alle fire i familien var like gira på å gjennomføre forandringar.

– Det skjer ikkje ei endring berre ved å trykkje på ein knapp, eller fordi ein laster ned ein app. No er det ein hyggeleg familiesak. Me har blitt meir bevisste, og seier i større grad at «nei, no må du skru av vatnet», fortel Karin Styrmoe.

Tre gonger i veka har dei vegetar-middag og den ivrigaste på å gjennomføra klimatiltaka av dei alle, faren i huset, reparerer i stor grad det som ryk. Den eine dottera bestemte seg for å bli vegetarianar før familien starta å bruke kalkulatoren. Den andre har blitt mykje flinkare på å sette ei flaske med vatn i kjølskapet enn å lata springen renne for lenge.

Foto Familien Styrmoe har testa ut klimakalkulatoren «Hjemmets Klimamål» for å prøva å redusere klimautsleppa sine med enkle tiltak. Foto: Privat

Lurer oss sjølve

Psykolog Øverland forklarar at det er to spørsmål som er viktig å stille seg når ein prøver å forandra seg: Vil eg verkeleg dette eller ønskjer eg berre å lure meg sjølv til å tru at eg kjem til å gjennomføre?

Det siste er grunnen til at mange av oss melder seg inn på treningssenter like etter nyttår eller lastar ned ein ny trenings-app. Mange veit at dei ikkje kjem til å gjennomføre, likevel kjennes det ut som ein har gått ned eit par kilo av å laste ned den appen. Du lurer deg sjølv til å tru på det.

– Det er ganske lett å lasta ned ein app. Då har du på ein måte gjort ei handling. På denne måten får ein litt mindre dårleg samvit. I røynda har du ikkje det. Dette er ulempa med appar, seier psykologen.

Men app-teknologien har no gått eit steg vidare: Dei tek direkte kontakt med deg i form av ein varsel om du hoppar over ei treningsøkt. Plutseleg poppar meldinga «Hugs at på denne tida førre veke sprang du ei mil» opp på mobilskjermen.

– I dei appane eg har utvikla om bulimi, sjølvskading og panikkanfall, får ein lydmeldingar på telefonen som til dømes «Eg veit du har det vanskeleg no....», utan at personen trykkjer på noko eller tek initiativ. Appen tek kontakt med deg.

Det er denne type app som har synt seg å ha mest å seie for åtferdsendring – at appen tek kontakt med deg og ikkje omvendt. Appen fungera på mange som ein personleg trenar.

Skamlaust

Ein tradisjonell trenar eller psykolog kan berre ta kontakt med deg når du er på treningssenteret eller i terapirommet. Appar kan ta kontakt med deg i di eiga stove.

– I tillegg er det mindre stigmatiserande. Uansett kor god form du er i, vil du alltid føle deg litt klein i møte med ein personleg trenar. Om han er sterkare eller du kjenner deg litt dust rundt apparata, seier Øverland.

Appen fjernar ifølgje psykologen mykje av skamma rundt det å møte opp til ein terapitime eller troppa opp på treningssenteret. Du kan dele sensitiv informasjon med appen utan at nokon andre treng å vite om det, utan om programutviklarane då sjølvsagt. Det oppstår eit fortruleg forhold berre mellom deg og appen.

– Ein app kan verke mindre dømmande, den tenkjer ikkje stygt om deg og vert heller aldri skuffa over deg. Den beste løysinga vil vere å ha ein kombinasjon av app og personleg trenar/psykolog.

I SuperEGO-appane som Øverland sjølv har laga, kan psykologen lese inn beskjedar i appen. Opptaka vert sendt ut automatisk i dei stundene klienten har behov for hjelpande ord, men psykologen er utilgjengeleg. Om natta, eller når personen opplever vanskelege situasjonar.

I nokre tilfelle kan ein få meir ut av å bruke ein app enn ein gjer i eit personleg møte med ein fagperson. Fleire og fleire appar kjem med sensorar som ein koplar til kroppen og mobiltelefonen.

Nokre av dei nyaste helse-appane som nyttar sensorar kan eksempelvis føresjå anfall for dei som har bipolar liding, slik at ein unngår å bli manisk. I trenings-appar har bruken av sensorar blitt veldig vanleg for å måle pulsen.

Hjelp til movivasjon gjennom appar...

Få vekk snusleppa

Treng du motivasjon til å slutta å røyke eller snusa? I 2014 utvikla Helsedirektoratet appen «Slutta» for dei som har behov for litt ekstra hjelp til nettopp å slutta med tobakk. Dette er ein såkalla interaktiv app som sender deg daglege motivasjonsmeldingar og tips om korleis du kan slutta. Appen tel heile tida sekund, minutt, timar og dagar du har vore snus- eller røykfri. Pengesummen du sparar på å kutte ut tobakken tikkar også gradvis oppover desto fleire dagar du klarar å halda ut.

Opptatt av miljøet?

I 2017 lanserte IKEA Bærekraft i samarbeid med gründerbedrifta Ducky miljøinitiativet «Hjemmets klimamål». Klimakalkulatoren kan lastas ned som ein app der du fyller inn alt frå kva du et til middag til kor kor varmt du har det i huset. Forskning syner at 40 prosent av en persons klimafotavtrykk knyttes til hjemmet. Appen oppfordrar familiar til å redusera klimafotavtrykket som vert skapt i heimen med opp til 25 prosent allereie det første året. Naturvernforbundet har gitt råd og tips til klimavennlege tiltak.

Spring for livet

Denne trenings-appen vil definitivt få deg til å ta beina på nakken. Du blir nemleg jaga av drapslystne zombiar. Eller i alle fall høyres det slik ut. Når du får på deg joggeskoa og øyreklokkene vil du raskt nok høyra dei skremmande lydane frå dei blodtørstige «levande daude». Dei er overalt. Appen «Zombie, Run!» er ein intens trenings-app som er laga som ei skrekkforteljing. Kvar joggetur vert eit oppdrag der du er helten som er omgitt av dødlege monster. For kvar meter du spring, samlar du forsyningar medan du høyrer på di eiga speleliste til du er trygt heima. I alle fall til neste gong du legg ut på joggetur.

Hjelp til psykiske lidingar

I dag fins det tusenvis av enkle mobilspel som fungera som ein fin distraksjon frå kvardagen. Appen «HappyTab» er eit spel der brukarane er på jakt etter positive utløysarar. Den som finn flest vinn. Målet med appen er at den skal tilby brukaren psykologisk støtte og redusera psykiske helseproblem. Oppgåvene i spelet skal hjelpe brukarane til å styre merksemda si negative tankar og avvisning til optimisme og kjensla av å vera akseptert.

Tapt generasjon

Den kjende britiske science-fiction forfattaren Douglas Adams har sagt at «alt som vart skapt før du blei fødd kjem naturlig for deg». Generasjonen som veks opp i dag vil sannsynlegvis synest det er heilt naturleg å få motivasjon til trening og helseråd gjennom appar. Nyvinningar som kom frå du var 15 til 35 år, er nytt og spennande og ein ønskjer gjerne å bruke det i karrieren sin. Derimot vil alt som vert til etter du har fylt 35 år, ifølge Adams, virke unaturleg og unormalt for deg å bruke.

Den første generasjonen appar kom i år 2000 og dei fleste i dag er godt vande med denne teknologien. Interaktive appar kan derimot verke unaturleg og vanskeleg å bruka for dei som bikkar 50 år.

– Min generasjon, som var den første til å oppleve dataspel, er nok mykje meir leiken samanlikna med tidlegare 50-åringar. Me er inne i ein overgangsperiode der dei 50-åringane som kjem om fem års tid vil vere meir opne for nyskaping og ha ein innebygd sans for teknologi. Folk i dag er meir genuint barnslege og nysgjerrige enn tidligare generasjonar har turt å vere.

Og det gjeld å henge med, skal me tru psykologen. Han har følgande spådom:

– Om 10 år vil skillet mellom digital verkelegheit og fysisk verkelegheilt vere viska ut.

Powered by Labrador CMS