Annonse
Foto: Aleksei Todosko | Dreamstime.

Årets siste refleksjon for leiaren

Gro Mykkeltvedt er bedriftsrådgiver og partner i konsulentfirmaet Grow Competence Consulting.

SYNSPUNKT: Så var desember her igjen. Snart eitt år sidan du starta 2017 med energi, mot og fokus. På tide å ta ein stopp, før stjerneskin og klokkeklang kjem. Nokre minutt som kanskje kan endre haldninga di til det komande året. Både til deg sjølv og til leiarskapet.

Kan du hugse det første leiarmøtet dette året? Og om du kan det, kan du samtidig hugse entusiasmen rundt bordet? Leiargruppa som ville noko saman? Den sterke trua om å lukkast, både åleine, saman og med resten av organisasjonen?

Vinteren gjekk og våren kom. Kanskje kan du komme på siste del av første halvår? Rett før ferieavvikling? Var det da like stor entusiasme rundt bordet? Like mange som ville kvarandre vel og som fortsatt hadde same fokus på målet frå januar?

Ikkje det nei?

Kva skjedde på vegen? Når skjedde det og kvifor skjedde det?

Vi menneske har ein tendens til å ikkje vera så merksame når alt er i flyt. Da er det liksom ikkje så vits å bruke energi på noko anna enn å surfe på dei bølgene som gir oss vind i håret og pengar i kassa.

Så plutseleg, ofte litt usynleg kjem det bølger vi verken ser eller er forberedt på.

Tillit og merksemd

I denne verda som i dag er annleis enn nokon gong før, er det nokre element i leiarskapet som er viktigare enn nokon gong.

For 2018 har eg valt tillit og merksemd som to av ein leiar sine heilt avgjerande grunnstoff for å lukkast.

Leiing handlar i stor grad om å utforske og strekkje i tilliten mellom menneska. Har vi tillit i leiargruppa, har vi kreativitet og open dialog. Har vi tillit mellom kollegaer deler vi, samhandlar og gir gode tilbakemeldingar. Er det tillit i styrerommet vil det også vere meir mot og effektivitet.

Kan du hugse det første leiarmøtet dette året? Og om du kan det, kan du samtidig hugse entusiasmen rundt bordet?

For dei aller fleste relasjonar som har lukkast, er tillit det avgjerande grunnstoffet. Tenk på den vesle babyen i fanget på mor. Full tillit og full tryggleik. Om du har eit godt parforhold så spør deg om tilliten er heilt og full. Då er det nærheit og rom for sårbarheit.

Viss me startar 2018 med å gi endå meir tillit, kan det også opne opp for meir merksemd. Jo meir du gir tillit, jo meir nysgjerrig kan du bli på dei du skal leie. Både fordi du stopper opp, legg merke til og interesserer deg på ein litt ny måte. Fordi tilliten er der i botn.

Å ha tillit til seg sjølv

Men aller først må du starte med deg sjølv. Å gi tillit til seg sjølv er kanskje den vanskelegaste oppgåva, fordi mange av krava vi set ofte kjem frå den verste kritikaren – oss sjølve.

Du treng kanskje ikkje lese meir fagstoff eller høyre på foredrag om leiing. Det er ikkje sikkert du vert ein betre leiar av å lese om relasjonar, teoriar eller anna fagstoff. Du har det inne i deg sjølv. Ha tillit til det!

Observer deg sjølv i leiarrolla. Stopp litt opp før du les e-posten. Er du til stades her og no? Eller tenkjer du framleis på kva du ikkje fekk gjort i går, eller kva du må hugse å gjere i dag?

Sjå om det er mogleg å akseptere at det ikkje er alt du får gjort før det nye året kjem. Det er ikkje alt du lukkast med dette året, og det vil heilt sikkert vera ein del du ikkje får gjort i 2018 heller.

Framover kan du øve deg på dette: observere og akseptere. Gi slepp på negative tankar avgrensar deg. Slik øver du deg på å gi deg sjølv meir tillit. Slik øver du deg til å bli ein betre leiar. Slik vert du meir merksam til deg sjølv og andre.

Med dette referer eg til Per Fugelli:

«Tillit er det vitaminet som setter oss i stand til å leve. Med tillit kan vi overkomme kompleksitet, redusere risiko og fungere som kaospilot i livet og i samfunnet».

God Jul og Godt Nyttår!

Synspunkt

Skriv til DP Synspunkt


Del dine meninger med ledere og andre ressurspersoner i arbeids- og samfunnsliv? Skriv til DP SYNSPUNKT.

Les alle synspunkt her.


Nyhetsbrev

Klikk her for å melde deg på et eller flere av Dagens Perspektivs nyhetsbrev.


Prøv DP

Klikk her for å prøve Dagens Perspektiv.


Annonse

Synspunkt

Skriv til DP Synspunkt


Del dine meninger med ledere og andre ressurspersoner i arbeids- og samfunnsliv? Skriv til DP SYNSPUNKT.

Les alle synspunkt her.


Nyhetsbrev

Klikk her for å melde deg på et eller flere av Dagens Perspektivs nyhetsbrev.


Prøv DP

Klikk her for å prøve Dagens Perspektiv.


Annonse