Arbeidsliv

Illustrasjonsfoto.

Fleire sysselsette

Frå november 2017 til februar 2018 blei det 21.000 fleire sysselsette.

Publisert Sist oppdatert

Den sesongjusterte arbeidsløysa var på 3,9 prosent i februar. Ifølgje Arbeidskraftundersøkinga (AKU) gjekk det sesongjusterte talet på sysselsette opp med 21.000 personar frå november (gjennomsnitt oktober-desember) til februar (gjennomsnitt januar-mars). Det utgjer ein auke på 0,4 prosentpoeng i sysselsettingsprosenten.

Den sesongjusterte arbeidsløysa hadde ein nedgang med 4.000 personar frå november til februar, arbeidsløyseprosenten gjekk ned frå 4,0 til 3,9 prosent. Dette er innanfor feilmarginen i AKU.

Talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV gjekk ned med 4.000 personar frå november til februar.

Annleis utvikling enn elles i Europa

Ifølgje tal frå Eurostat var sysselsettingsprosenten i Noreg i aldersgruppa 20-64 år på 78,1 prosent i fjerde kvartal 2017.

Sidan fjerde kvartal 2014 har det vore ei anna utvikling i sysselsettingsprosenten i Noreg enn i andre europeiske land. Mens dei andre landa har hatt ein auke, har det vore ein liten nedgang i Noreg fram til fjerde kvartal 2017.

Powered by Labrador CMS