DP helg
Debutant med ungdomsroman om familiedrap og vegen ut av mørkeret
Therese Garshol Syversen debuterer med ungdomsromanen Sting på Samlaget 7.februar, ein modig og utfordrande roman om kva menneske er i stand til, på godt og vondt.
16 år gamle Emma vaknar på sjukehus med eit skotsår i magen. Heilt kva som har hendt, hugsar ho ikkje, men dei seier at det er faren som har skote ho. Som einaste overlevande etter ein familietragedie må Emma flytte til mormora si langt ute på landet. Der bur også Hannes, naboguten som har fotografering som hobby, og som gjerne vil bli venn med Emma.
Psykologen Beate seier at Emma ikkje kan kome seg vidare før ho hugsar kva som har skjedd.
Men Emma kan ikkje hugse, vil ikkje hugse.
«Alt er lov, alt bortsett frå å lage nye versjonar av det som skjedde, det er ikkje lov, for eg må leve med denne versjonen som ikkje er til å halde ut, korleis – Korleis skal ein halde ut det som ikkje er til å halde ut?»
Dei færraste opplever noko så dramatisk som det hovudpersonen Emma gjer i boka, men debutant Therese Garshol Syversen behandlar tematikken på ein truverdig og engasjerande måte, og hovudpersonens kamp med seg sjølv og hennar veg ut av mørkeret vil vere attkjenneleg for mange unge som ikkje har like dramatiske hendingar bak seg. Med Sting har Garshol Syversen levert ei stram og sterk forteljing som riv i magen, og samstundes byr på varme og forsonande augeblikk.
Nylige artikler
Forsvaret bistår politiet med vakthold i Oslo
Trump: – Vi avsluttet krigen med Iran i dag
Norsk sokkel har passert toppen – eksporten på rekordnivå
Om fornuft og dømmekraft i lederskapet
Jeg jobber med KI. Derfor vil jeg helst ikke snakke om KI
Mest leste artikler
Torbjørn Aas om når styring tar plassen til ledelse: Derfor må offentlig sektor styres bedre
Norsk studie: Toppledere lar personlige verdier og følelser styre beslutninger
Studentenes reaksjon på kunstig intelligens handler ikke bare om jobber, men om læring, kritisk tenkning og et mer krevende arbeidsliv.
Anthropic ber om KI-pause: Reell advarsel eller smart PR-stunt?
NHH-studie gjort i norske bedrifter: Tjenende ledelse kan påvirke lønnsomheten negativt