Annonse
nyheter
Fire år for grovt bedrageri
En forretningsmann er i Nord-Troms tingrett er dømt til fengsel i fire år for blant annet grovt bedrageri. Det opplyser Økokrim i en melding.
Annonse
I meldingen fra Økokrim heter det:
I Nord-Troms tingrett er ein mann dømd til fengsel i fire år for grovt bedrageri mot Tromsø kommune i den såkalla Fjellanlegg-saka. I tillegg er han dømd for grov økonomisk utruskap, brot på rekneskapslova og skattesvik. To år av straffa er på vilkår.
"Fjellanlegg-saka", som vart etterforska og førd for retten av ØKOKRIM, gjaldt mellom anna grovt bedrageri mot Tromsø kommune.
"Fjellanlegg-saka" har sitt utspring i Tromsø kommune sin avtale frå 2001 om overtaking av eigedelar og gjeld i Trygg Parkering AS - eit aksjeselskap som dreiv eit parkeringsanlegg i fjellet i Tromsø by. Den dømde mannen var styreleiar og i praksis dagleg leiar i selskapet. I samband med overtakinga av Fjellanlegget vart kommunen påverka til å tru at gjelda i selskapet var større enn den var. Dermed utbetalte kommunen eit for høgt beløp til dekning av gjelda.
I tillegg til grovt bedrageri for i overkant av 20 millionar kroner vart mannen dømd for grov økonomisk utruskap mot selskapet Trygg Parkering AS, av di han mellom anna ikkje hadde betalt vederlag for 114 parkeringsplassar. Dommen gjeld dessutan brot på rekneskapslova ved at uriktige gjeldspostar vart førde opp i rekneskapet. Mannen kravde frådrag i sjølvmeldinga for uriktige renter på gjelda og vart difor òg dømd for skattesvik.
Ved utmålinga av straffa har retten teke omsyn til mannens helseplager og høge alder.
I tillegg til fengselsstraffa vart mannen for alltid frådømd retten til å drive forretningsverksemd, anten som styreleiar eller dagleg leiar i eit selskap.
Nylige artikler
AfD revurderer Dexit-strategi
Er du en KI-robot – eller kanskje er du et menneske?
Brasil går til andre valgomgang etter overraskende Bolsonaro-seier
Når kuler og krutt erstattes av bits og bytes
Digitalisering: Førstelinjen forsvant ikke – den fikk vanskeligere oppgaver
Mest leste artikler
Psykologisk trygghet i norsk arbeidsliv: NHH-forsker Bård Fyhn deler innsikt
Derfor sparker fotballklubber trenere – og tar dårlige beslutninger
Elin Ørjasæter og Maria Molvær Nesseth – praktiske tips om rekruttering
Ståle Langvik om PISA-resultatene: Vet staten om tiltakene i skolen virker?
Statlige toppledere tjener langt mer enn i privat sektor