DP helg
Harald Nortun aktuell med grøssar for ungdom
Den prislønte forfattaren Harald Nortun er aktuell med ein grøssar for ungdom, «Skallen».
To kameratar er på fisketur på fjellet. Dei ligg i telt ved Reinsvatnet. Her er det inga mobildekning, og ingen veit kor dei er. Trur dei. For midt på natta får dei nokre mystiske meldingar. Avsendaren er Skallen. Skallen veit kor dei er, og ser og høyrer alt. I mørket jaktar Skallen på gutane. Kven er Skallen? Og kan gutane flykte, eller må dei ta opp kampen mot den ukjende trusselen?
Boka er del av ungdomsserien Grøss og gru, ein serie utvikla i samarbeid med Leser søker bok, der forfattarar som A. Audhild Solberg, Lars Mæhle og Linn T. Sunne tidlegare har bidrege med gyselege grøssarar.
Harald Nortun (f.1972) er utdanna litteraturvitar og har arbeidd som lektor ved NTNU. Han debuterte som forfattar med romanen Røverskogen i 2006. Eksperimentet frå 2015 er omsett til fire språk, m.a. fransk og nederlansk. I 2019 blei barneromanen Blå flaggermus nominert til Brageprisen, og året etter blei boka Superfinalist i Bokslukerprisen. Nortun blei tildelt Nynorsk barnelitteraturpris 2020 for Spådama i 7B, superfinalist til Bokslukerprisen for same bok.
Nylige artikler
Konkurranseklausulen – blokkerer den jobbyttet mitt?
Britisk statsminister utelukker EU-søknad i denne perioden
Lula gjenvalgt som president i Brasil, taperen nekter å godta resultatet
106 ansatte får sluttpakke i NRK
Et offentlig Norge som regulerer og bevilger – ikke skaper: Er norsk næringsutvikling i Norge ute av kurs?
Mest leste artikler
KI kan ta feil med stor overbevisning – illusjonen om én intelligens
NITO: Arbeidsgivere må følge reglene om overtid
NVE gir første vindkraftkonsesjon på ni år
– «De tradisjonelle» vil fortsette å gjøre det samme, med lavere kostnader. «De smarte» tenker annerledes
Ny metastudie viser at det å fremstå som en ledertype ikke nødvendigvis gir effektiv ledelse.