DP helg
Kristin Auestad Danielsen: «Du er bonde»
Kristin Auestad Danielsen er aktuell med romanen «Du er bonde», ein fabel om arv, plikt og seksualitet i det moderne landbruket.
«Du er ikkje fødd odelsjente», sa Simone de Beauvoir, «du blir det». Men slik er det ikkje i Gjesdal kommune. Iallfall ikkje på 1990-talet. Tiåret då Noreg fekk ny konge, då Lady Diana døydde, og då det gjaldt å halde på jomfrudommen så lenge som mogleg utan å vere prippen.
To jenter overtar kvar sin gard, og det blir ein kamp om korleis ein skal drifte jorda. Mens den eine utviklar nye sauesortar og sprenger tunellar på alle kantar, synest den andre at det moderne landbruket har gått for langt - ho lanserer tanken om antidrift. Men dette skal vise seg å vere ein farleg idé med alvorlege konsekvensar ikkje berre for henne, men for heile Jæren.
Kristin Auestad Danielsen (f. 1981) er forfattar og dramatikar. Ho debuterte med diktsamlinga Alle i Norge, i tre, i hengekøyer i 2005. Ho har fått oppført teaterstykke i Danmark og Noreg og skrive fleire kritikarroste diktsamlingar. I 2018 kom den første romanen hennar, Vår vesle. Teaterversjonen av Vår vesle blei sett opp på Det Norske Teatret hausten 2018. No om dagen er ho aktuell som dramatikar på Rogaland teater med framsyninga Soga om oss, om oljå i Stavanger. Du er bonde er hennar andre roman.
Nylige artikler
Gazakomité tar ikke over styringen før israelske styrker er trukket ut
Hashim Abdi (Ap) ber muslimske miljøer ta et oppgjør etter terrorangrepet i Berlin
Forskning de ikke forstår
Sykefravær koster dyrt. Det gjør passivitet også
Jørund Rytman i SMB Norge: – Mye har blitt vanskeligere for norske småbedrifter
Mest leste artikler
Tormod Harbo: Derfor misbrukes forskning i samfunnsdebatten
Norges mest lønnsomme innvandrer: Farouk Al-Kasim er reisende i den norske oljemodellen
NHO-direktør Vegard Einan advarer mot uforutsigbar arbeidslivspolitikk og nye overtidsregler for deltid
Verdens beste vann
Over 325.000 evakuert fra skogbranner i Frankrike og Spania