DP helg
Mette Karlsvik ute med ny roman: «Surtsey»
Den kritikarroste og prisvinnande forfattaren Mette Karlsvik er klar med romanen Surtsey der ho tek for seg kreftene i naturen og i menneska.
Det er jonsok på den islandske øya Heimaey, og ungdommane feirar på Tollbua. Soley kjem i prat med Vidar, og i hamna finn dei ein båt som dei seglar ut på havet med. Å vere to i same båt er nytt og rart, men når sterke naturkrefter blir sleppte laus under dei, kan dei ikkje lenger gøyme seg for kvarandre. Dei må dele på å vere sterke og svake i ei natt som kan bli deira siste.
Surtsey handlar om forskyvingar i natur og menneske og om kontinentaldrift og famlande kjensler.
Mette Karlsvik (f. 1978) debuterte i 2005 med romanen Vindauga i matsalen vender mot fjorden, som ho fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for. I 2012 fekk ho både Bokhandlarstipend, Stig Sæterbakkens minnepris og Skien kommunes kunstnarstipend. Romanen Bli Björk (2011) blei nominert til Brageprisen. Forfattarskapen hennar er kjenneteikna av eit unikt blikk på verda, eit blikk som famnar alt frå det mikroskopiske til det globale, gjerne i éi rørsle og setning.
Nylige artikler
Konkurranseklausulen – blokkerer den jobbyttet mitt?
Britisk statsminister utelukker EU-søknad i denne perioden
Lula gjenvalgt som president i Brasil, taperen nekter å godta resultatet
106 ansatte får sluttpakke i NRK
Et offentlig Norge som regulerer og bevilger – ikke skaper: Er norsk næringsutvikling i Norge ute av kurs?
Mest leste artikler
KI kan ta feil med stor overbevisning – illusjonen om én intelligens
NITO: Arbeidsgivere må følge reglene om overtid
NVE gir første vindkraftkonsesjon på ni år
– «De tradisjonelle» vil fortsette å gjøre det samme, med lavere kostnader. «De smarte» tenker annerledes
Ny metastudie viser at det å fremstå som en ledertype ikke nødvendigvis gir effektiv ledelse.