DP helg
Ny dystopisk spenningsserie for unge frå Tor Arve Røssland
Tor Arve Røssland er i gang med ein ny spenningsserie for unge, og første bok i trilogien «Overleve» kom 6.januar 2022. Bok to kjem hausten 2022.
I «Overleve: Vulkanen vaknar» er vi ei nær framtid der menneska er utryddingstruga. Vi møter to norske ungdommar, Jamal og Eira. Dei er om bord på forskingsskipet Bluenose, kor dei er med fedrane sine. Mannskapet på båten skal forske på livsviktige matkjelder i Atlanterhavet. Jamal er oppriktig interessert i oppdraget, mens trassige Eira er med mot sin vilje. Motsetningane mellom dei fører til at dei har lite til overs for kvarandre, men når Bluenose brått finn seg midt i ei brutal krigssone må dei byrje å samarbeide for å overleve.
Røssland har skrive ein svært spannande dystopi med ein skremmande aktuell tematikk: kva skjer med verda når det blir knapt om ressursane? Samstundes er det ein engasjerande og nervepirrande bok om mot. Det skortar ikkje på sakprosa for barn og unge om klimakrisa, men tematikken er framleis lite utforska i skjønnlitteraturen for denne målgruppa. Om å skrive Overleve seier Røssland at det har vore ein motivasjon å kunne snike inn både klima- og havforsking og verdas undergang i ein underhaldande spenningsroman. Ideen fekk han for mange år sidan, då han tenkte at han skulle skrive noko ur-norsk som ingen hadde gjort før: at menneska blir ramma av ei ny istid.
Serielitteraturen er ikkje eit nytt format for Røssland som debuterte med barneboka «Pode» i 1999, og det blei til slutt fire bøker om seksåringen Pode og familien hans. Røssland er kanskje mest kjend for sine spennings- og grøssarbøker for unge, som bøkene om Svarte-Mathilda som han blei nominert til Uprisen for i 2011. Ungdomsboka «Glimt» frå 2015 blei kåra til ei av dei beste ungdomsbøkene skrivne på nynorsk etter år 2000. Røssland (f.1971) kjem frå Kvinnherad, og bur i Os.
Boka er illustrert av Nikolai Lockertsen. Lockertsen er illustratør og animatør med lang erfaring frå film- og TV-bransjen.
Historia om Jamal og Eira held fram med band to hausten 2022, og tredje band kjem i 2023.
Nylige artikler
Gazakomité tar ikke over styringen før israelske styrker er trukket ut
Hashim Abdi (Ap) ber muslimske miljøer ta et oppgjør etter terrorangrepet i Berlin
Forskning de ikke forstår
Sykefravær koster dyrt. Det gjør passivitet også
Jørund Rytman i SMB Norge: – Mye har blitt vanskeligere for norske småbedrifter
Mest leste artikler
Tormod Harbo: Derfor misbrukes forskning i samfunnsdebatten
Norges mest lønnsomme innvandrer: Farouk Al-Kasim er reisende i den norske oljemodellen
NHO-direktør Vegard Einan advarer mot uforutsigbar arbeidslivspolitikk og nye overtidsregler for deltid
Verdens beste vann
Over 325.000 evakuert fra skogbranner i Frankrike og Spania