DP helg
Rune F. Hjemås debuterer som barnebokforfattar
Rune F. Hjemås debuterer som barnebokforfattar med romanen «Ein bror i verdsrommet» nå i august.
I «Ein bror i verdsrommet» møter vi Elias som gler seg til at storebroren Mats skal kome heim på permisjon frå sjukehuset. Men det blir ikkje heilt som Elias har tenkt seg. Mats er tynn og slapp og orkar ikkje å gjere noko av det Elias har planlagt. Snart må han reise tilbake til sjukehuset, og Elias får ei vond kjensle i magen. Kva om storebroren ikkje blir frisk igjen?
Samstundes oppdagar Elias ein rar pipelyd frå dei gamle radioane på rommet sitt. Kan det ha ein samanheng med det underleg raude lyset frå vindauget til nabo Edvardsen? Saman med vennene Mina, Mu og Olivia prøver han å finne ut av mysteriet.
«Ein bror i verdsrommet» krinsar rundt store spørsmål om livet, døden og kva som finst der ute i universet – og om det å vere ein litt utypisk superhelt. Ein bror i verdsrommet er ei undrande og spennande bok om kor små vi er i den store samanhengen. Tross eit alvorleg bakteppe om sjukdom, er ikkje dette ein dyster bok, men ei forteljing som manar til undring og gir rom til fantasien.
«Han går bort og slår på eit par av radioane i hylla. Den knitrande lyden forandrar seg når han vrir på knappane. Iblant kan han høyre stemmer der ute, eller fjern musikk. Ein veit liksom aldri heilt kva ein kan finne. Litt som når ein leiter etter noko med lommelykt i mørket. Da legg Elias merke til noko rart. Inne i suset frå radioane er det plutseleg ein annan lyd: ein skarp og tynn tone, liksom ein ujamn, skjerande puls. Korte og lengre pip i ein merkeleg rytme. Det er ikkje musikk eller noko anna som vanlegvis ville ha blitt sendt på radio. Nei, det minner ikkje om noko han har høyrt før (…). Det var som eit signal, tenker han. Som om nokon prøvde å seie han noko. Noko viktig».
Rune F. Hjemås (f.1982) er forfattar, redaktør og omsettar frå Trondheim. Han debuterte med kortprosasamlinga «Eg er ikkje redd, eg er ikkje redd» i 2008. Han blei tildelt Trondheim kommunes bykunstnarstipend i 2018. «Ein bror i verdsrommet» er Hjemås si fyrste barnebok.
Nylige artikler
Konkurranseklausulen – blokkerer den jobbyttet mitt?
Britisk statsminister utelukker EU-søknad i denne perioden
Lula gjenvalgt som president i Brasil, taperen nekter å godta resultatet
106 ansatte får sluttpakke i NRK
Et offentlig Norge som regulerer og bevilger – ikke skaper: Er norsk næringsutvikling i Norge ute av kurs?
Mest leste artikler
KI kan ta feil med stor overbevisning – illusjonen om én intelligens
NITO: Arbeidsgivere må følge reglene om overtid
NVE gir første vindkraftkonsesjon på ni år
– «De tradisjonelle» vil fortsette å gjøre det samme, med lavere kostnader. «De smarte» tenker annerledes
Ny metastudie viser at det å fremstå som en ledertype ikke nødvendigvis gir effektiv ledelse.