DP helg
Sigrid Merethe Hanssen aktuell med ny roman; "Kom ei jente gåande"
I Sigrid Merethe Hanssens nye roman Kom ei jente gåande besøker ei jente mor si på dødsleiet, og det ho blir fortald, kastar om på alt ho trudde ho visste om barndommen sin.
Det blir nødvendig for henne å oppsøke fortida. Vi blir tatt med til ei lita nordnorsk bygd på 1960-talet, der eit barn bur saman med Molle, ei eldre kvinne. Grytidleg ein sommarmorgon står barnet opp og går ut. Ho vandrar åleine etter vegen då ein bil stoppar opp. Det er legen Karl og kona hans, Pauline. Meir enn noko anna i verda ønsker Pauline seg eit barn.
Kom ei jente gåande er ein roman om tilliten hos barn og ansvaret hos vaksne. Boka handlar om identitet og minne og om retningane eit liv kan ta, langt utanfor barnet sin kontroll.
Sigrid Merethe Hanssen (f. 1966) kjem frå Finnsnes og debuterte i 2007 med novellesamlinga Sprang. Ho har i tillegg til noveller skrive ein roman og ei barnebok, og mottatt både Blix-prisen og Sigmund Skard-stipendet. Kom ei jente gåande er den andre romanen hennar.
Nylige artikler
Endringer i regjeringen: Støre på Slottsplassen med de nye statsrådene
Elevene som ikke er med i PISA-tallene
Norge oppretter ambassade i Qatar
Sveriges regjeringsalternativer: Anderssons umulige dilemma
Når ønsket om å jobbe møter behovet for tilrettelegging
Mest leste artikler
Tjenende lederskap: selvmotsigelse eller bærekraftig ledelse?
Høyesterett skal avklare «særlig uavhengig stilling» og overtid
Forbes: Kong Harald V hadde liten konstitusjonell makt. Han ledet likevel
Kommuneforskere: Norge mangler politisk vilje til omstilling
Hva er ADHD? Og hvordan arter ADHD seg i arbeidslivet? Lege og psykiater Espen Anker gir svar.