DP helg
Stine Fuglaas Bonsaksen debuterer med med boka Habituell abort
I debutboka Habituell abort skriv Stine Fuglaas Bonsaksen opprivande og oppriktig om spontanbort.
For eget i denne diktsamlinga er det ikkje noko problem å bli gravid - utfordringa er å halde på barnet. For barnet blir verkeleg, nesten med det same eget ser dei to strekane på graviditetstesten.
Eit liv og ei framtid ho mister gong etter gong. Kvifor er det så vanskeleg å bli mor når det er så lett å bli gravid?
For eget er det blodig alvor, kvart liv som ikkje blir. For helsevesenet er det daglegdags. For lesaren er det eit viktig innblikk i ein situasjon mange kvinner står i, men som enda fleire veit lite eller ingenting om.
Frå boka:
eg trudde ein positiv test var bevis på liv
det stemmer ikkje
som lyset frå stjernene brukar teikna tid på å nå oss
utviklinga kan allereie ha stoppa
hcg i kroppen som stjernestøv
som Schrödingers katt er du både død og levande
eg står heilt stille
livredd for å opne boksen
Nylige artikler
Endringer i regjeringen: Støre på Slottsplassen med de nye statsrådene
Elevene som ikke er med i PISA-tallene
Norge oppretter ambassade i Qatar
Sveriges regjeringsalternativer: Anderssons umulige dilemma
Når ønsket om å jobbe møter behovet for tilrettelegging
Mest leste artikler
Sykmeldt: Slik ber du om tilrettelegging uten å dele diagnose
Tjenende lederskap: selvmotsigelse eller bærekraftig ledelse?
Forbes: Kong Harald V hadde liten konstitusjonell makt. Han ledet likevel
Kommuneforskere: Norge mangler politisk vilje til omstilling
Høyesterett skal avklare «særlig uavhengig stilling» og overtid