Samfunn

Illustrasjonsfoto.

Mindre framtidsoptimisme blant ungdom

Norske ungdomar er meir involvert i problemåtferd og trua på framtida har blitt svekka, viser årets nasjonale tal.

Publisert Sist oppdatert

Dei siste 10–15 åra har Ungdata og annan ungdomsforsking vist oss ungdomar som stadig har blitt meir veltilpassa og skikkelege. No trur forskarane at trenden har snudd.

Det er fleire funn i årets Ungdata-rapport som i sum ber bod om eit meir negativt syn på eiga framtid.

Færre vil studere

Det har lenge har vore ein auke i kor mange ungdomsskuleelevar som trur dei vil ta høgare utdanning på universitet eller høgskule, men årets tal viser ein nedgang både for gutar og jenter.

Også på nokre andre område ser vi at ungdomane er mindre optimistiske med tanke på framtida, mellom anna finn forskarane ein nedgang i talet på unge som trur dei kjem til å leve eit godt og lukkeleg liv.

– På eitt område er endringane nokså store. På berre nokre få år har talet ungdomsskuleelevar som trur at dei aldri vil bli arbeidslause, blitt redusert med nesten ti prosentpoeng. Også blant elevar på vidaregåande ser vi ein nedgang, seier Anders Bakken, leiar av Ungdatasenteret ved NOVA på Oslo Met.

Vald og rusmisbruk

Dei siste 10–15 åra har vi sett ein nedgang i ungdomskriminalitet, vald og rusmiddelbruk. 2018-tala kan tyde på at det har vore eit brot i denne utviklinga.

Undersøkingane frå dei to siste åra viser no ei auke i talet gutar som naskar i butikkar, som driv med hærverk eller som driv med andre formar for regelbrot. Blant jentene er det mindre endringar.

Forskarane finn også ei utflating av trenden når det gjeld bruk av tobakk, alkohol og valdsbruk.

Samanlikna med ungdom i andre land, ligg bruken av cannabisprodukt som hasj og marihuana nokså lågt i Noreg, men bruken har auka dei siste 2–3 åra.

Medan 13 prosent av gutane på vidaregåande hadde brukt cannabis i 2015, fortalte 16 prosent om det same i 2017. Talet på ungdom som har fått tilbod om cannabis, har òg auka, både på ungdomstrinnet og vidaregåande.

Psykiske helseplagar

– Tala tyder på at det er i ferd med å skje nokre endringar i ungdomskulturane. Kva dette skuldast, er vanskeleg å seie ut frå tala, men det er urovekkjande at denne trenden skjer samstundes med at stadig fleire rapporterer om psykiske helseplagar. Årets tal viser at omfanget av psykiske plagar ikkje lenger berre aukar blant jentene, men også blant gutane, seier Bakken.

Sjølv om vi ser ein negativ utvikling på fleire område, understrekar Bakken at vi må huske at dette stort sett er mindre endringar, eller ei utflating av ei positiv utvikling.

Vi har framleis en veltilpassa, aktiv og heimekjær ungdomsgenerasjon. Dei aller fleste ungdomane trivst og er godt nøgde med foreldra sine, med venane sine, med skulen dei går på, og med lokalmiljøet der dei bur. Dei fleste har ein aktiv fritid der sosiale medium, dataspel, trening, organiserte fritidsaktivitetar, skulearbeid og samvær med venar pregar kvardagen.

Så sjølv om vi ser nokre endringar i retning av auka kriminalitet, vald og cannabisbruk, er fortsatt dagens unge truleg ein god del skikkelegare og på mange måtar endå meir veltilpassa enn mange tidlegare ungdomsgenerasjonar.

– Om brotet med og utflatinga av den positive utviklinga som har vore på desse områda, er ein varig trend, vil vi berre kunne sjå i framtidige undersøkingar, avsluttar Bakken.

Powered by Labrador CMS