Synspunkt

Kvinnetariffane forsvann for 64 år siden, men lønnsskilnadane bestod, skriver Ragnhild Lied. Foto: Andrey Popov | iStock Photos

Synspunkt | Ragnhild Lied: Kjønnsnøytralitet er ingen garanti for likestilling

Den siste tida har vi fått klare varsler om at den kjønnsnøytrale tilnærminga som gjennomsyrer samfunnslivet, kan få skadelege følgjer for kvinner, skriver Ragnhild Lied.

Publisert Sist oppdatert

­Ragnhild Lied er leiar av arbeidstakarorganisasjonen Unio.

Lyst til å sende oss et innlegg? E-post-adressen er synspunkt@dagensperspektiv.no

SYNSPUNKT: Det er bra at vi ikkje lenger omtalar ein helsesjukepleiar som helsesøster, ein riksmeklar for riksmeklingsmann eller eit ombod for ombodsmann. Kjønnsnøytrale yrkestitlar er ei naturleg utvikling.

Men no er Kvinnehelseutvalet, juristar, forskarar og til og med FN samstemte; den norske kjønnsnøytrale tilnærminga til politikk, lovutforming, helse og samfunnsliv er ingen garanti for likestilling mellom kvinner og menn. Heller tvert om. Ofte sit kvinner igjen som taparar.

Kvinner er ikkje «små menn»

Kvinner og menn har ulik biologi. Dei lever ulike liv, og dei blir ramma ulikt av sjukdom, slår Kvinnehelseutvalet fast. Det er ei systematisk forskjellsbehandling av kvinner og menn i helsevesenet fordi vi har oversett den store skilnaden det er mellom kjønna. Kvinner blir behandla som «små menn», kvinner blir ikkje høyrde, og kvinner sine helseplager har lav status.

Resultat: Kvinner sine kroppar – som altså ned til den minste celle er fundamentalt forskjellig frå menn sine kroppar – blir neglisjerte i norsk helsevesen.

«Kvinner sine kroppar – som altså ned til den minste celle er fundamentalt forskjellig frå menn sine kroppar – blir neglisjerte i norsk helsevesen.»

Det får alvorlege konsekvensar for kvinners helse. Vi kjenner alle til at symptoma på hjarteinfarkt er annleis for kvinner enn for menn. Eit nyare døme er dei tusenvis av unge jenter som har fått store problem med bløding etter å ha blitt covid-vaksinerte. Vaksinen var ikkje utvikla for dei.

Kvinnelønna lever enno

For 64 år sidan blei det bestemt at kvinner ikkje lenger skulle ha lågare lønn enn menn. Den såkalla kvinnetariffen blei borte. Norsk Arbeidsgiverforening (NAF) argumenterte hardt for å fortsette med eigne kvinnetariffar. Dei tapte slaget, men likevel blei dei typiske kvinnejobbane vurderte lågare enn jobbane til menn. Kvinnetariffane forsvann altså, men lønnsskilnadane bestod!

«Frontfaget er i seg sjølv kjønnsnøytralt, men skal vi oppnå lik lønn mellom kvinner og menn, må vi ha kjønnsbrillene på i lønnsforhandlingane.»

Og dette slit vi med enno. Forhandlingssystemet, som den gong favoriserte ein mannsdominert privat sektor, sørger framleis for at lønna til dei kvinnedominerte yrka i det offentlege blir haldne nede.

Frontfaget er i seg sjølv kjønnsnøytralt, men skal vi oppnå lik lønn mellom kvinner og menn, må vi ha kjønnsbrillene på i lønnsforhandlingane.

Yrka i dei offentlege tenestene, med krav til høgare utdanning, er dei som taper i lønnskampen. Og kven er det som tek høgare utdanning og som vil jobbe i offentleg sektor – jo, det er kvinnene! Sju av ti kvinner jobbar i offentleg sektor.

Menn får yrkesskadeerstatning

Arbeidshelsa til kvinner og dei særeigne psykososiale belastningane som relasjonelt arbeid fører med seg, er ikkje like verna og lovregulerte som dei typiske mannsdominerte yrka.

Visste du at erstatning for yrkesskade stort sett blir gitt til menn? Den langvarige belastninga, som tilsette i kvinnedominerte yrke i til dømes helse og barnehagar har, tel ikkje som yrkesskade. Sjølv ikkje når du har fått ein alvorleg ryggplage etter personløft. «Det må du rekne med i den jobben», seier regelverket.

Men får menn same beskjed når dei skadar seg på vibrerande verktøy på ein industriarbeidsplass? Nei, då gir det rett til yrkesskadeerstatning.

«Visste du at erstatning for yrkesskade stort sett blir gitt til menn?»

Er vi blitt så lite medvitne kvinneperspektivet at vi ikkje ser kor skeivt og kvinnediskriminerande ordningane verkar i praksis?

Det er i alle fall dette FN åtvarar Noreg om. Med si kjønnsnøytrale utforming av lovverk, politikk og program kan Noreg miste blikket for kvinners vern og rettar, konkluderte verdsorganisasjonen for nokre veker sidan.

Vi må ta inn over oss og anerkjenne skilnadene mellom kvinner og menn. Skilnadene er ikkje berre biologiske, men også strukturelle og sosiale – heime og i arbeidslivet.

Det er sjølvsagt framleis ei rettesnor å behandle kvinner og menn likt, men på nokre område må vi behandle dei ulikt for å oppnå likeverd. Det vil vere bra, ikkje berre for kvinner, men også for menn – for likestillinga heilt enkelt.

Powered by Labrador CMS