Synspunkt

Svart økonomi stel frå oss alle og er eit samfunnsproblem, skriv Ragnhild Lied. Illustrasjonsfoto: dareknie | iStock Photos

Synspunkt | Ragnhild Lied: Krafttak mot svart økonomi gir meir til fellesskapet

Kvart år går den norsk stat glipp av store inntekter som følgje av svart økonomi og arbeidslivskriminalitet. Dette undergrev den økonomiske stabiliteten, skadar lovlydige bedrifter og trugar arbeidstakarrettar, skriver Ragnhild Lied.

Publisert Sist oppdatert

Ragnhild Lied er leiar av arbeidstakarorganisasjonen Unio.

Lyst til å sende oss et innlegg? E-post-adressen er synspunkt@dagensperspektiv.no

SYNSPUNKT:Ingen veit kor store summar fellesskapet går glipp av gjennom økonomisk kriminalitet. Berekningar tyder på at det kan vere snakk om rundt hundre milliardar kroner, skreiv Adresseavisen på leiarplass tidlegare i år. Dette undergrev den økonomiske stabiliteten, skadar lovlydige bedrifter og trugar arbeidstakarrettar.

Aukar skattebyrda for alle andre

Svart økonomi er ein trussel mot finansieringa av viktige offentlege tenester som helsevesen, utdanning og infrastruktur. Det aukar også skattebyrda for alle oss andre, som må bere konsekvensane av dei som vel å unndra seg skatt og avgifter.

I tillegg fører svart økonomi til ei skeiv fordeling av ressursar i samfunnet. Bedrifter som driv innanfor svart økonomi har ein konkurranseføremon overfor konkurrentar som driv lovleg. Dei kan tilby tenester og varer til ein lågare pris sidan dei ikkje ber dei same kostnadane.

Dette kan føre til at bedrifter, som opererer i den kvite marknaden, blir utkonkurrert og må leggje ned.

«Bedrifter som driv innanfor svart økonomi har ein konkurranseføremon overfor konkurrentar som driv lovleg.»

Det norske samfunnet er eit spleiselag der alle bidrar etter evne og får etter behov. Systemet er avhengig av høg grad av tillit. Svart økonomi stel frå bedriftene, frå dei tilsette, frå offentlege tenester og velferd og vil kunne svekke tilliten i samfunnet.

Svart økonomi stel frå oss alle og er eit samfunnsproblem.

Vi treng eit krafttak mot svart økonomi.

I februar 2021 la regjeringa fram ein strategi mot arbeidslivskriminalitet. Nokre av hovudgrepa her er samarbeid med partane i arbeidslivet, tiltak for å gjere marknaden mindre for kriminelle aktørar, informasjon og kunnskap, auka kontroll og sanksjonar, samt meir internasjonalt samarbeid.

Blitt grovare

I dei seinare åra har arbeidslivskriminaliteten blitt grovare, meir omfattande og samansett. Det finst ikkje grenser for kreativiteten i somme kriminelle miljø som stadig vekk finn nye metodar for å unngå å bli oppdaga.

Det er ofte dei som er i ein sårbar økonomisk situasjon som blir tvinga til å søke arbeid i den svarte økonomien på grunn av mangel på jobbmoglegheiter. Arbeid utført i den svarte økonomien er ofte ulovleg og skjer gjerne under dårlege arbeidsforhold, låg lønn og manglande sosiale rettar.

Det er naivt å tru at arbeidslivskriminalitet berre skjer i privat sektor. Offentleg sektor er også utsett for arbeidslivskriminalitet.

I og med at svart økonomi er so pass samansett og kompleks, kan ingen etat åleine nedkjempe arbeidslivskriminalitet.

Difor er det bra at det, etter påtrykk frå mellom anna partane i arbeidslivet, vart oppretta åtte a-krimsenter for å få til eit styrka samarbeid mellom Arbeidstilsynet, Skatteetaten, Nav, politiet og Tolletaten i kampen mot arbeidslivskriminalitet.

«Det er naivt å tru at arbeidslivskriminalitet berre skjer i privat sektor. Offentleg sektor er også utsett for arbeidslivskriminalitet.»

Støre-regjeringa har varsla ei stortingsmelding om økonomisk kriminalitet og NIFU har på oppdrag frå departementet laga ei systematisert kunnskapsoversikt over økonomisk kriminalitet der dei har kartlagt forsking og kunnskap om ulike typar økonomisk kriminalitet og verkemiddel for å motvirke denne kriminaliteten.

Heldigvis har aksepten for å kjøpe svart arbeid og tenester falt kraftig. I 2009 var det nesten ein av fire (23 prosent) som sa at dei kjøpte tenester svart. I 2022 er talet redusert til 6 prosent, ifølgje ei undersøking utført av Opinion på oppdrag frå SMSØ – Samarbeidet mot svart økonomi som er ein del av trepartssamarbeidet.

Det går heldigvis rett veg når det gjeld haldninga til svart arbeid, men det er likevel grunn til i langt større grad å bruke trepartssamarbeidet i kampen mot svart økonomi. Det er også all grunn til å ha høge forventningar til tiltaka mot svart økonomi som kjem frå regjeringa.

Avhengige av tilstrekkelege ressursar

At det bør medføre ei styrking av politiet og Skatteetaten sine evner og ressursar til å undersøke, etterforske og avdekke økonomisk kriminalitet, er sjølvsagt.

Vi er avhengige av tilstrekkelege ressursar til dette arbeidet. Og det må vere nødvendig politifagleg kompetanse ved mellom anna gjennomføring av kontroller.

Svaret på kva regjeringa vil satse på, vil vi få i den komande stortingsmeldinga. Dessutan vil vi få eit signal om i kva grad Skatteetaten og politiet blir tilført auka ressursar i det komande statsbudsjettet. Ei skikkeleg satsing på å hindre svart økonomi kan fort bli ei lønnsam investering.

Får vi bukt med store skatteunndragingar gjennom eit krafttak mot svart økonomi og arbeidslivskriminalitet, kan det bety langt større inntekter til statskassa og til fellesskapet. I tillegg til eit betre og ryddigare arbeidsliv. Det tener vi alle på.

Powered by Labrador CMS