Synspunkt
Synspunkt | Ragnhild Lied: Tillit under press
Det norske folk sin tillit til styresmakter, offentlege tenester og institusjonar har blitt svakare dei siste åra. Dette er illevarslande. Det politiske miljøet, særleg det politiske miljøet sentralt, må gå i seg sjølv, skriv Ragnhild Lied.
Ragnhild Lied er leiar av arbeidstakarorganisasjonen Unio.
Lyst til å sende oss et innlegg? E-post-adressen er synspunkt@dagensperspektiv.no
SYNSPUNKT: Det har vore ei allmenn haldning at noko av det beste med det norske samfunnet er den høge tilliten vi har til kvarandre, til institusjonane våre og til styresmaktene.
Denne høge tilliten blei trekt fram som ein heilt avgjerande suksessfaktor av Koronakommisjonen da heile samfunnet blei sett på prøve under pandemien. Folk lytta, sette sin lit til og følgde råda dei fekk av styresmaktene.
Den viktigaste kapitalen vi har
Tillit var også hovudtema i sentralbanksjef Ida Wolden Bache sin årstale 15. februar. Ho framheva at tillit kanskje er den viktigaste kapitalen vi har – ein kapital vi ønskjer å gi vidare til neste generasjon.
Det er ingen tvil om at denne tilliten er ein heilt klar konkurransefordel både i det norske samfunnslivet, arbeidslivet og i næringslivet.
Men denne tilliten er no under press her heime.
For å ta det mest positive fyrst. Tilliten innbyggarane har til kvarandre, ligg høgt, samanlikna med andre land, sjølv om det er ein liten nedgang sidan førre undersøking frå 2021.
Svekket tillit til viktige institusjonar
Hovudresultatet er likevel at folk er mindre fornøgde med offentlege tenester enn tidlegare. Dessutan er tilliten til viktige institusjonar som regjeringa, dei politiske partia og Stortinget tydeleg svakare enn før. Begge delar bør få politiske varselklokker til å ringe.
Men alt er relativt, som det heiter. Slike undersøkingar seier ikkje alt. Her handlar det trass alt om nedgang frå eit gjennomgåande høgt nivå.
Det sentrale politiske miljøet, regjeringa ikkje minst, har den siste tida stelt seg slik at det ville vere underleg om ikkje tilliten blei svekt. Dei har seg sjølve å takke.
Folk er mindre fornøgde enn før, både med statlege og kommunale tenester.
«Vi veit av erfaring at forventningane til det offentlege er skyhøge. Ein kan sjølvsagt lure på om folk er blitt meir kravstore eller om kvaliteten faktisk har blitt dårlegare. Men når ein ser korleis kommunane strevar med å få på plass budsjetta sine, har nok folk grunn til både uro og misnøye.»
Rett nok er dei som faktisk har brukt aktuelle tenester litt meir fornøgde enn dei som berre er «tilskodarar».
Det må leggast til at vi veit av erfaring at forventningane til det offentlege er skyhøge. Ein kan sjølvsagt lure på om folk er blitt meir kravstore eller om kvaliteten faktisk har blitt dårlegare. Men når ein ser korleis kommunane strevar med å få på plass budsjetta sine, har nok folk grunn til både uro og misnøye.
I mange tilfelle handlar det om kutt, nedskjeringar og oppseiingar. Gapet mellom politiske lovnader og daglege realitetar blir for stort.
Framover skal dei store pengane gå til forsvaret. Det blir neppe betre helsetenester eller utdanningstenester av dette. Tronge offentlege budsjett og stor mangel på kvalifisert arbeidskraft gjer ikkje saka betre.
Mange er dessutan uroa for eigen økonomi. Det gjer at forventningane til det offentlege blir større.
Dårleg på medverknad lokalt
Også ein annan viktig tillitsfaktor er under press. Seks av ti meiner det er korrupsjon i staten, og fem av ti i kommunane.
Korvidt dette stemmer med faktiske forhold, er usikkert. Men det er utan tvil eit alvorleg tillitsvarsku til styresmaktene. Habilitetsproblema i det politiske miljøet må i det minste ryddast vekk.
Folk får også stadig mindre tiltru til at styresmaktene kan sikre straumforsyninga. Den politiske debatten er mildt sagt forvirrande, og kan oppsummerast slik: Alle hevdar å ha løysingar, men få trur på dei.
«Tilliten er under press. Varselklokkene ringer.»
Det blir stadig framheva at den norske modellen bygger på medverknad frå innbyggarane. Undersøkinga sår tvil om denne forteljinga.
Innbyggarane meiner tvert imot at medverknad og moglegheit for å påverke styresmaktene lokalt er låg, og lågare enn før. OECD har peikt på at det på dette området står dårlegare til i Noreg enn i mange andre land.
Denne undersøkinga måler ikkje alt. Kanskje er det lett å legge inn litt ekstra «misnøye» når ein tilfeldig blir spurt?
DFØ konkluderer med at folk stort sett er tilfredse med offentlege tenester, samanlikna med mange andre land. Det skulle forresten berre mangle.
Men mange av resultata har ein fallande tendens. Både sjølvbildet og glansbildet har dermed fleire gråtonar enn mange likar å tru. Tilliten er under press. Varselklokkene ringer.
Nylige artikler
Norge, EU og Storbritannia enige om fiskeriavtale
EUs beslag av russiske midler: De Wever alene mot Kommisjonen – men vinner hjemme i Belgia
Økt oppmerksomhet uten politisk betydning
Monument-syndrom og offentlige bevilgninger
Så mange ledere er det i kommunen der du bor
Mest leste artikler
Regjeringen skroter lovfestet betalt ferie fra første arbeidsår: Akademikernes leder Lise Lyngsnes Randeberg er skuffet
Forsvarsmekanismer på arbeidsplassen: Hvordan ledere og ansatte lurer seg selv
Magne Lerø: Trump og EU: Forvirring rundt fredsplanen for Ukraina
Indre Namdal tester ny fastlegemodell: Kommunalt oppgavefellesskap i fokus
Vegard Einan i NHO Service og Handel: LOs søksmål om deltid truer den norske arbeidsmodellen