Synspunkt

Høgare utdanning er ingen utgiftspost der milliardar blir sløst vekk på unyttig forsking eller unyttige fag, skrivar Ragnhild Lied. Illustrasjonsfoto: Kriangsak Koopattanakij | iStock Photos

Synspunkt | Ragnhild Lied: Universiteta – meir enn kjappe yrkesutdanningar

I Utsynsmeldinga ligg det fleire tiltak som samla kan pålegge universiteta og høgskulane å tenke meir kortsiktig enn klokt er. Dette vil eg åtvare mot. Kunnskapspolitikken må ha større ambisjonar enn å dekke kortsiktige her-og-no-behov i arbeidslivet, skriver Ragnhild Lied.

Publisert Sist oppdatert

Ragnhild Lied er leiar av arbeidstakarorganisasjonen Unio.

Lyst til å sende oss et innlegg? E-post-adressen er synspunkt@dagensperspektiv.no

SYNSPUNKT: I iveren etter kjappe og fleksible tiltak må vi ikkje tape av synet verdien av forsking og høgare utdanning som berebjelkar for samfunnsbygging i vid forstand.

Den politiske interessa i utdanningspolitikken er for tida retta mot arbeidslivets kompetansebehov her og no. Svaret frå mange på arbeidsgivarsida og politikarar er kortare og meir fleksible utdanningar, også frå universiteta.

Problemet med kortsiktige tiltak er at dei er nettopp det – kortsiktige.

Mangel på arbeidskraft

Det er godt dokumentert at det er mangel på arbeidskraft i heile landet, både i privat og offentleg sektor. Mange forslag ligg på bordet for å bøte på dette. Talet på studieplassar i nokre fag er auka. Fagskulane er i ferd med å bli ein sentral aktør på område der det ikkje trengst akademisk utdanning.

Samstundes verkar det som om fagskulane ivrar etter å bli meir akademiske. Slik spagatpolitikk er neppe av det gode.

Berre ei side av saka

Mangelen på arbeidskraft her og no er berre ei side av saka. For å møte demografiske utfordringar, det grøne skiftet og digitaliseringa må det frå politisk hald tenkast langsiktig, med vilje til å investere i forsking og høgare utdanning.

Innovasjon og nytenking er i stor grad avhengig av innsats frå universitet og høgskular. Forsking er samfunnsberedskap, og vi treng ei fagleg breidde – frå teknologiske fag til samfunnsvitskap, humaniora og kulturfag.

Sterk styring av dimensjoneringa i høgare utdanning kan verke fornuftig på kort sikt, men kan få uheldige følgjer på lengre sikt, om vi bygger ned og svekker etablerte fagmiljø.

Danning og demokratibygging

Universiteta har vidare oppgåver enn å levere kjappe yrkesutdanningar. Universiteta skal ikkje berre syte for utdanning, dei skal også drive danning og demokratibygging. Dei skal ruste både studentar og andre til å møte ei ukjent framtid.

«Den politiske interessa i utdanningspolitikken er for tida retta mot arbeidslivets kompetansebehov her og no. Svaret frå mange på arbeidsgivarsida og politikarar er kortare og meir fleksible utdanningar, også frå universiteta. Problemet med kortsiktige tiltak er at dei er nettopp det – kortsiktige.»

Både samfunns- og arbeidslivet blir stadig meir kunnskapsintensivt. Då er det ikkje tida for å fire på krava til kvalitet ved å korte ned utdanningane. Tvert om, når krava til kompetanse aukar, må både styresmaktene og utdanningsinstitusjonane følgje på for å sikre høg kvalitet i utdanningane.

I høgare utdanning handlar det om klare krav til studiekompetanse, tid for dei tilsette til å forske og drive forskingsbasert undervisning. Utdanningsinstitusjonane våre tilfører arbeidslivet i offentleg og privat sektor både kunnskap og arbeidskraft med høg kompetanse.

Utdanning og helsetenester

Gode grunnutdanningar og gode helsetenester er ein føresetnad for at resten av samfunnet kan fungere. Derfor er vi alle tent med at unge vel ei høgare utdanning, både i helse- og utdanningssektoren.

Desse kompetansekrevjande yrka må vere attraktive for at unge skal satse på dei. Søkartala til våre store profesjonsutdanningar for 2023 var i så måte nedslåande. Dette er ein trend vi har sett i fleire år. Det er inga overdriving å påstå at for lærarutdanningane er låge søkartal samfunnskritisk.

Også i sjukepleiarutdanninga er det nedgang i søkinga, men her ser vi og ei tilleggsutfordring. Om få år risikerer vi å ha for få undervisarar i sjukepleiarutdanninga. Då hjelper det lite med fleire studieplassar. Løysinga er at fleire må ta masterutdanning, slik at vi kan rekruttere fleire vitskapelege stillingar i høgare utdanning.

«Høgare utdanning er ingen utgiftspost der milliardar blir sløst vekk på unyttig forsking eller unyttige fag. I ei tid der høgare utdanning og forsking er under press, er det difor viktigare enn nokon gong å anerkjenne og verdsette høgare utdanning og forsking.»

Det må vere eit tverrpolitisk ansvar å gi gode rammevilkår for forsking og høgare utdanning. Høgare utdanning er ingen utgiftspost der milliardar blir sløst vekk på unyttig forsking eller unyttige fag. I ei tid der høgare utdanning og forsking er under press, er det difor viktigare enn nokon gong å anerkjenne og verdsette høgare utdanning og forsking.

Dette er langsiktige investeringar som er eit gode for oss alle. Dessutan bidrar høgare utdanning til å sikre forsking på høgt nivå, kvalitet i offentleg og privat sektor og tryggleik og tillit i samfunnet.

Å hegne om universiteta sitt breie samfunnsmandat er både kunnskapspolitikk og arbeidslivspolitikk.

Powered by Labrador CMS